Verdidebatt

Ein mørk dag i Noregs historie

ANTISEMITTISME: På ein dag som denne er det relevant å spørja kvifor hatet mot jødar kunne bli så stort og leia til holocaust.

26. november for 80 år sidan vart 529 jødar sende av garde på brutalt vis med skipet M/S Donau frå den dåverande kaia for Amerikalinjen i Oslo. Det er ein mørk dag i Noregs historie. Midt under andre verdskrigen, mens Noreg var okkupert, skjedde det eit nøye planlagt folkemord her hos oss.

Statsråd Sigbjørn Gjelsvik

Det er vondt å tenke på og vanskeleg å forstå. Jødane skulle utslettast fordi dei var jødar. Spedbarn, så vel som sjuke og gamle vart tekne. Totalt vart 773 jødar deportert frå Noreg – berre 38 av dei overlevde.

Jødane i Noreg

Okkupasjonsmakta planla deportasjonen i 1942, men vi veit av historia at norsk politi, og også vanlege borgarar, hjelpte til. Jødane kom til Noreg etter at den såkalla jødeparagrafen i Grunnlova – som nekta jødar tilgang til riket – vart oppheva i 1851. Mange av jødane som flytta hit, hadde røtene sine i Russland og Aust-Europa, der dei hadde flykta frå pogromar.

Eit svar kan vera at jødane, i mange europeiske land, også i Noreg, vart sett på som «dei andre»

Jødane tilpassa seg raskt. Dei jobba, var aktive i idrett og foreiningar, hadde vener i nabolaget og definerte seg etter kvart som nordmenn. Mange gav også barna sine norske namn. Den jødiske minoriteten her i landet har alltid vore liten. I dag er dei mellom 1000 og 2000 personar. Sidan 1998 er jødane anerkjende som ein av fem nasjonale minoritetar i Noreg.

På ein dag som denne er det relevant å spørja kvifor hatet mot jødar kunne bli så stort og leia til holocaust – folkemord. Eit svar kan vera at jødane, i mange europeiske land, også i Noreg, vart sett på som «dei andre». Jødane var altså ikkje sett på som «ein av oss».

Jødehat i offentleg debatt

Jødehatet i mellomkrigstidas Europa vart drive fram av nazistar, men vart til dels støtta – og sett i verk – av vanlege borgarar med elles demokratiske sinnelag. I Noreg kom jødehatet til syne i offentlege debattar og i dagspressa på den tida. Det kunne vere harde og hetsande ord og karikerte teikningar som nørte opp under antisemittiske konspirasjonsteoriar – ofte utan at nokon tok til motmæle. I dag er Noreg eit demokratisk, likestilt og mangfaldig samfunn – og minoritetane er ikkje lenger «dei andre». Men vi kan ikkje slå oss til ro. Antisemittisme og rasisme finst framleis i samfunnet vårt.

Regjeringa ser med uro på det auka omfanget av rasistiske og andre ytterleggåande og totalitære rørsler. Derfor vil vi prioritere arbeidet mot konspirasjonsteoriar og ekstremisme høgt. I ei uroleg tid med krig i Europa og nye flyktningstraumar, er dette arbeidet spesielt viktig. Regjeringa sette i sommar ned ein ekstremismekommisjon for å få meir kunnskap om radikalisering og ekstremisme og vi arbeider med ein ny handlingsplan mot rasisme og diskriminering på grunn av etnisitet og religion. Vi har og ein eigen handlingsplan mot antisemittisme. Når handlingsplanen er evaluert vil regjeringa sjå korleis vi kan styrke innsatsen mot antisemittisme framover.

Som ein del av innsatsen mot antisemittisme følgjer vi jamleg med på haldningar i befolkninga. Sjølv om antisemittiske haldningar er seigliva også her i landet, er det eit positivt trekk at utprega fordommar mot jødar i befolkninga gjekk noko ned frå 2011 til 2017. Ei ny undersøking blir publisert i desember, og vi håpar trenden held fram.

Viktige vegvisarar

Sjølv om det er storsamfunnet som har ansvaret for å motverke antisemittisme, står også den jødiske minoriteten sjølv for viktig innsats. Jødiske vegvisarar, som reiser på besøk til vidaregåande skular rundt omkring i landet, er eit godt døme. Det er få elevar i norsk skule som kjenner til, eller har møtt, ein norsk jøde ettersom jødane er ein så liten minoritet her i landet. At dei unge jødiske vegvisarane skaper slike møte, er viktige bidrag mot stereotypiar og fordommar.

Kunnskap om den jødiske minoriteten i Noreg og kjennskap til historia vår, er óg viktig i den førebyggjande innsatsen mot antisemittisme

Kunnskap om den jødiske minoriteten i Noreg og kjennskap til historia vår, er óg viktig i den førebyggjande innsatsen mot antisemittisme. Dei jødiske musea i Oslo og i Trondheim formidlar jødisk kultur og mangfaldet i jødisk liv og historie i Noreg. Snublesteinar i fortaua der det budde jødar rundt om i landet i 1942, minner oss på historia og kva enkeltmenneske vart brutalt utsett for.

Hatet finst

Det er ikkje mange veker sidan vi såg nynazistar marsjerte i Oslo. Det vart raskt arrangert ein stor motdemonstrasjon på Eidsvolls plass framfor Stortinget, men hendinga er ei uhyggjeleg påminning om at hatet framleis eksisterer.

Regjeringa har eit stort ansvar for å forbyggje, men kvar og ein av oss har også eit ansvar. Det er naudsynt at vi tek til motmæle og seier frå når minoritetar vert utsette for hetsande ord og handlingar. Dagen 26. november 1942 minner oss om kor viktig det er å kjempe for demokratiet vårt kvar einaste dag.

Les mer om mer disse temaene:

Vårt Land anbefaler

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Verdidebatt