Nyheter

Ønskjer 26. november som nasjonal minnedag

DONAUDAGEN: 26. november er datoen for Holocaust i Norge, difor bør han bli ein nasjonal minnedag. Det meiner Ervin Kohn, forstandar i Det Mosaiske Trossamfunn. Han får støtte av to andre nestorar på feltet.

Når Norge markerer det som skjedde for 80 år sidan, spør Vårt Land:

Bør 26. november 1942 markerast årleg ved at datoen blir ein nasjonal minnedag?

– Ja, god idé, seier Ervin Kohn, forstandar i Det Mosaiske Trossamfunn.

– Ja, det vil vere på sin plass, meiner Mats Tangestuen, fagleg leiar ved Jødisk Museum i Oslo.

– Det er ein god idé, svarar Guri Hjeltnes, direktør for Senter for studier av Holocaust og livssynsminoriteter – eller HL-senteret.

Samla inn hausten 1942

På laurdag er det 80 år sidan: 26. november 1942, klokka 14.55, gjekk troppetransportskipet D/S «Donau» frå utstikkar 1 nedanfor Akershus festning i Oslo. Om bord var 529 norske jødar. Menn, kvinner, barn. Eldste var 81. Yngste var fire månader.

Alle hadde blitt samla inn av norsk politi og tysk tryggingspoliti hausten 1942. Mange menn hadde blitt arrestert 26. oktober, ein månad før deportasjonen.

SKIP

Døydde i gasskammeret

30. november, klokka 11.10, la «Donau» til kai i Stettin i Polen. Alle om bord blei sendt vidare til nazistanes største konsentrasjonsleir, Auschwitz-Birkenau sør i Polen.

Dagen etter, klokka ni på kvelden, stoppa godstoget jødane på perrongen i dødsleiren. I Auschwitz-Birkenau blei yngre, vaksne menn plukka ut til å bli slavearbeidarar. Kvinner, barn og eldre blei sendt rett i døden.

345 norske jødar blei gassa i hel i Auschwitz denne dagen.

Ervin Kohn, forstander i Det mosaiske trossamfunn (DMT)

Holocaust i Norge

Seks millionar jødar blei drepne under andre verdskrig. Frå Norge blei 773 jødar sendt til dødsleirane i Tyskland og Polen.

Berre 34 av dei kom tilbake til Norge i live.

– Me hadde eit Holocaust i Norge, deportasjonen med «Donau», fortel Ervin Kohn. Han er forstandar i den største jødiske forsamlinga i Norge, Det Mosaiske Trossamfunn.

– Difor vil det vere svært bra å få 26. november som ein nasjonal minnedag. Slik kan datoen bli ein dag også majoriteten markerer, ikkje berre den jødiske minoriteten, seier Kohn.

Me hadde eit Holocaust i Norge

—  Ervin Kohn, forstandar

Tidsvitna døyr

Mats Tangestuen er samd. Han er fagleg leiar ved Jødisk Museum i Oslo.

– For 20 år sidan blei 26. november knapt markert i Norge. Så byrja Jødisk Museum å markere dagen med ulike arrangement i 2005. Difor er fleire blitt medvitne om kva som faktisk skjedde denne dagen.

Tangestuen trekkjer fram eit anna argument for å gjere 26. november til ein nasjonal minnedag:

– Tidsvitna, dei som opplevde hendingane før deportasjonen, blir færre og færre.

Han peikar på at ein minnedag også vil kunne ta opp i seg at 1. desember 1942 blei den dagen flest nordmenn mista livet under verdskrigen.

Oslo  20170126.
Historiker Mats Tangestuen holder tale under markeringen av redningsaksjonen "Operasjon Carl Fredriksen Transport" i Oslo rådhus torsdag kveld. Under markeringen tildeler den israelske ambassaden i Norge æresmedaljen og tittelen "Rettferdige blant nasjonene" (Righteous Among the Nations) posthumt til Alf Tollef og Gerd Julie Bergljot Pettersen, Reidar Larsen og Rolf Alexander Syversen. De får utmerkelsen for å ha reddet livet til flere hundre norske jøder under annen verdenskrig. Øyvind Syversen Aasheim, Reidun Klemmetsen, Jon Elling Whist og An-Magritt Munkeby mottar medaljene på vegne av sine foreldre.
Foto: Jon Olav Nesvold / NTB scanpix

Fleire markeringar i år

Guri Hjeltnes er direktør på Senter for studier av Holocaust og livssynsminoriteter – eller HL-senteret. Ho meiner det er plass på kalenderen til ein ny minnedag.

– Den 27. januar markerer Norge den internasjonale Holocaustdagen, han er godt innarbeidd. Å få 26. november som minnedag for deportasjonen av norske jødar, er ein god idé, seier Hjeltnes.

Ho peikar på at Jødisk Museum i Oslo og HL-senteret, mellom andre, har markert dagen i fleire år.

Hjeltnes minner også om at det kvar 26. november går eit fakkeltog i bydelen Møhlenpris i Bergen. Fakkeltoget og minnemarkeringa er for 11 personar som budde på Møhlenpris og som blei arresterte og deporterte fordi dei var jødar.

I Tromsø er det også ei minnemarkering den 26. november, fortel Hjeltnes. Ingen av dei nordnorske jødane som blei sendt til Auschwitz, kom tilbake.

Tre viktige datoar

– Så det er mange gode grunnar til at 26. november blir ein nasjonal minnedag, meiner HL-senteret-direktør Hjeltnes.

Ho seier nasjonen har tre viktige datoar når me skal minne Holocaust i Norge:

  • 26. oktober 1942: Massearrestasjonen av jødiske menn.
  • 26. november 1942: Deportasjonen av jødar.
  • 27. januar: Den internasjonale Holocaustdagen. Minnedagen blei etablert av FN i 2005 som internasjonal minnedag.
Direktør ved HL-senteret Guri Hjeltnes er utnevnt til Ridder 1. klasse av St. Olavs Orden
Foto: Audun Braastad / NTB

Til minne om 757 nordmenn

Som synlege symbol på Holocaust i Norge, ligg det 757 snublesteinar landet rundt. Små messingplater, ein for kvar norske jøde som mista livet. Dei siste tre blei lagt ned i september i år, ved Akershus festning i Oslo.

Snublesteinar er minnesmerke over ofra for nazismen under andre verdskrig og gjev informasjon om kvar einskild person som blei arrestert og ført vekk.

Til den visse død.

Det var den tyske kunstnaren Gunter Demnig som start minnemarkeringsprosjektet. Jødisk Museum i Oslo henta prosjektet til Norge. Første stein blei lagt ned i 2010.

Snublesteiner pusses i Olso sentrum

Bad om pussing av snublesteinar

I 2019 fekk journalisten og forfattaren Sven Egil Omdal ein idé, etter å ha vandra rundt i Berlin 9. november i fleire år og sett at snublesteinane var nypussa, til minne om Krystallnatta: Lat oss i Norge pusse snublesteinane kvar 26. november, for å minne dagen då «Donau» gjekk frå Oslo med 529 av dei norske jødane om bord.

Mange følgde oppmodinga frå Omdal, melde Vårt Land 26. november 2019.

– Pussinga av steinane er ei bittelita symbolhandling, sa ei av dei som gjekk ut med pusseutstyr, Ingeborg Dybvig.

---

Deportasjonen

  • 26. november 1942 blei 529 norske jødar deportert frå Norge med lasteskipet «Donau».
  • 1. desember 1942 blei 345 norske jødar drepne i dødsleiren Auschwitz-Birkenau.
  • Den nasjonale minnemarkeringa for deportasjonen er i Oslo Rådhus torsdag, dette fordi 26. november i år fell på ein laurdag; på sabatten. Statsminister Jonas Gahr Støre (Ap) held tale.

---

Les mer om mer disse temaene:

Bjørgulv K. Bjåen

Bjørgulv K. Bjåen

Bjørgulv K. Bjåen er journalist i nyhetsavdelingen i Vårt Land.

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Nyheter