Verdidebatt

Ny kyrkjeordning – det kan fort gå godt!

KIRKELIG ORGANISERING: Kyrkjemøtet vedtok ei kyrkjeordning som knapt nokon hadde ønskt seg i utgangspunktet. Likevel er det god grunn til å vera optimistisk.

Så gjekk det som det sikkert måtte gå: Kyrkjemøtet vedtok ei kyrkjeordning som knapt nokon hadde ønskt seg i utgangspunktet og som ingen på det noverande tidspunktet heilt veit korleis kjem til å arte seg. Likevel er det god grunn til å vera optimistisk. Dette kan faktisk fort gå godt.

Skal det gå godt, er det likevel nokre føresetnadar som må på plass. Først er det naudsynt at alle me som hadde sterke emosjonelle bindingar til andre modellar enn den som var vedteken, innser tapet og sørger oss ferdige, slik at me slepp vonde omkampar av typen forsøk på å gjere den vedtekne modellen så lik eigen føretrekt modell som mogeleg.

For det andre trengst det at alle skremmebileta som me laga oss i kampens hete vert erstatta av ein vilje til å arbeida oss saman att, i forventningsfull tillit. I tillegg er det nokre konkrete område me må sjå nærare på saman, for å løfta organisasjonen ikkje minst på lokalt plan.

.

Presten og dei andre

Utdanningskravet til prest, diakon og kateket ligg i dag på same nivå. Vigslingsliturgiane er også til forveksling like. Likevel er det ein forskjell på presten og dei andre. Utan at dette vert tydeleg definert og snakka høgt om, er det vanskeleg om det nokon gong vert ro. Kateketikken og diakonikken er teologiske disiplinar som kateketen og diakonen har spisskompetanse på. Dette er det viktig at presten forstår og respekterer.

Presten har derimot ein teologisk breiddekompetanse som berre den med profesjonsstudiet i teologi har. Utdanningsnivået er det same, men breiddekompetanse og spisskompetanse er forskjellige ting og må respekterast for det det er, samstundes som dei vert verdsett like høgt.

Først er det naudsynt at alle me som hadde sterke emosjonelle bindingar til andre modellar enn den som var vedteken, innser tapet og sørger oss ferdige

Så kjem me heller ikkje unna samtalen om kva soknepresten sin tilsynsfunksjon er for noko. Denne funksjonen ved prestetenesta går heilt tilbake til Det nye testamentet og har framleis sin plass i vigslingsliturgien for prestar. Men dei siste tiåra har fokuset på biskopane si translokale tilsynsrolle ført presten sitt tilsyn i skuggen og skapt mykje rolleforvirring på lokalplanet, slik eg ser det. Det «ansvaret for flokken» som vigslingsliturgien for prestetenesta skildrar, treng no både ei tydeleggjering og ei avgrensing mot andre leiarroller i kyrkja.

Staben og råda

Då ny kyrkjelov vart vedteken i 1996, var det liten tvil om at sokneråda og fellesråda skulle vera dei styrande organa i soknet. Men i praksis vart det ikkje slik alle stader. I mange sokn heldt sokneråda fram som ein base av frivillige som dei tilsette kunne sette til dugnadsarbeid. Samstundes tok staben plass som det reelle styrande organet.

Det finst heiderlege unntak, men i alt for mange sokn er det framleis slik. For å løyse opp i dette, kan ein vurdere fleire grep. Kva med å gje soknerådet det nye namnet «soknestyre», slik at namn og oppgåveportefølje heng saman? Kva med å ta ein ny runde på å definera dei tilsette sin profesjonsfridom så tydeleg at dei slepp å skapa seg rom gjennom å gjere stabsmøtet til styrande organ? Og kva med å lovfesta at sokneråda skal ha ein dagleg leiar som sikrar at vedtak vert fylgde opp?

Lagbygging

Skal me lukkast med ny kyrkjeordning, trengst det no framfor alt lagbygging. Den beste måten me, etter mi meining, kan få til dette på er å samla tilsette, rådsmedlemmer og frivillige i å utvikla kyrkja nedanfrå med vektlegging av både fagkunnskap, erfaringskunnskap og deltakarkunnskap.

Håp var eit sentralt tema på Kyrkjemøtet i år. Knapt noko anna einskildord kan romme kyrkja sitt samfunnsoppdrag betre enn nettopp håp. For det er dette me framfor alt driv med, gje menneske håp for livet her og no og håp om eit liv etter dette. Skulle me ikkje då kunna klara å håpa på det beste for det vidare arbeidet med ny kyrkjeordning også? Det kan jo fort gå godt!

Les mer om mer disse temaene:

Vårt Land anbefaler

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Verdidebatt