Verdidebatt

Jo, vi treng nye råd om familiefattigdom

BARNEFATTIGDOM: Talet på barn som veks opp i fattige familiar har lenge vore høgt og aukande, sjølv om fleire regjeringar har forsøkt å redusere tala. Derfor treng vi gode ekspertråd om korleis prioritere best mogleg for å redusere familiefattigdom og gi barna betre levekår.

I Vårt Land 23. august spør Mathilde Fasting, siviløkonom, i Civita, om vi verkeleg treng eit nytt utval om korleis følgje opp barn i fattige familiar. Ho viser til ekspertgruppa som eg og regjeringa nyleg sette ned. Svaret er ja. Utvalet skal gje oss råd om korleis vi må prioritere innsatsen i åra som kjem, for å sikre gode oppvekstvilkår til barn, og redusere talet på barn som veks opp i fattige familiar. Dessutan må vi klare å førebyggje at fattigdom går i arv på lengre sikt.

Samfunnet brukar store ressursar på å bekjempe familiefattigdom. Men likevel lukkast vi ikkje. Difor treng vi gode råd. At såpass mange barn i Norge veks opp i fattigdom er ei stor og kompleks samfunnsutfordring.

.

Fasting har rett i at det tidlegare har vore nedsett utval som har vurdert økonomiske overføringar og tenester til barnefamiliane. Men ingen av utvala har nokon gong vore retta særskilt mot å vurdere heile den breie innsatsen for å forebygge og redusere familiefattigdom.

Denne regjeringa har meir tru på dei generelle velferdsordningane som når ut til alle barn og familiar, men som betyr mest for dei som har minst frå før

Forslag vi meiner er ukloke

Risikofaktorar for å oppleve familiefattigdom veit vi mykje om. Einslege forsørgjarar, innvandrar og familiar med mange barn, for å nemne nokon, er grupper med særleg høg risiko. Men kva som faktisk må til av gode politiske prioriteringar og satsingar, er det meir debatt om. Fasting meiner at ein berre kan følgje opp forslaga til utvalet ho sjølv sat i, som leverte sin rapport i 2017. Her var tilrådinga å behovsprøve barnetrygda, todele foreldrepengeordninga og Fasting ville også heilt fjerne barnetillegga i trygdeytingane.

Det er forslag som denne regjeringa meiner er ukloke. Denne regjeringa har meir tru på dei generelle velferdsordningane som når ut til alle barn og familiar, men som betyr mest for dei som har minst frå før. Behovsprøving av barnetrygd ville heller ikkje den førre regjeringa som hadde bestilt rapporten, følgje opp. Det er forståeleg, for det er tiltak regjeringa meiner kan føre fleire ut i familiefattigdom.

Det hastar å kome vidare

Denne regjeringa har allereie gjort mykje for å betre levekåra til barn i fattige familiar. Denne hausten er det innført gratis kjernetid i SFO for førsteklassingar og redusert makspris i barnehage. Vi har òg styrka bustøtteordninga for barnefamiliar. Tilgang på billig eller gratis SFO og barnehage og bustøtta er blant dei konkrete tiltaka som vi allereie veit er viktige for å hjelpe barn i fattige familiar, noko Fasting sjølv peikar på.

Eg har bevisst valt å sette ned ei ekspertgruppe fordi det hastar å kome vidare på dette feltet. Eg ønsker ei rask og effektiv oppfølging av ekspertgruppa sitt arbeid

Regjeringa har fremma lovforslag om at barnetrygd skal haldast utanfor utrekning av sosialstønad, noko som betrar familieøkonomien til dei fattigaste barnefamiliane. Vi har også styrkt kommuneøkonomien, og i årets budsjett er tilskotsordninga retta mot å inkludere barn og unge auka med totalt 95 mill. kroner. I tillegg har vi auka løyvinga til Jobbsjansen for å gi fleire innvandrarkvinner høve til å få dei kvalifikasjonane dei treng for å kome ut i arbeid. For å nemne noko.

Eg har bevisst valt å sette ned ei ekspertgruppe fordi det hastar å kome vidare på dette feltet. Eg ønsker ei rask og effektiv oppfølging av ekspertgruppa sitt arbeid. Ekspertgruppa si utreiing vil bidra til at vi i neste omgang kan føre ein politikk som treff betre – slik at familiefattigdom kan bli redusert og vi gir alle barn same moglegheiter.

Vårt Land anbefaler

Mer fra: Verdidebatt