Anti-jødiske haldningar i meir enn Bach
JØDAR: Det problematiske med Bachs pasjonar heng saman med eit langt større problem. For det er jo dei bibeltekstane Bach gjengir som er den verkelege utfordringa.
PROBLEMATISK: – Kva gjer vi med storarta verk med djupt problematisk tekst? spør Rolv Nøtvik Jakobsen. Han peiker på at antijødiske haldningar finst i meir enn Bach. Her frå pasjonsspelene i Oberammergau, som har hausta kritikk for det same.
Matthias Schrader
I den interessante kronikken «Johannespasjonen og det antijødiske» (VL 7. april) argumenterer musikkprofessor Øivind Varkøy for ei «justering» av Bachs tekst til Johannes-pasjonen. Bjarkøy går ikkje i detalj på korleis ei slik justering skal lyde, men det går fram at det er omgrepet «jødane» i Johannes-evangeliet som er problemet.
Musikkvitaren viser også til at det har skjedd det han med rette kallar «en omfattende teologisk debatt» nettopp om dette temaet. Framståande bibelvitarar har vore opptatt av å kome til rette med korleis Johannes-evangeliet, og også dei synoptiske evangelistane, framstiller jødar. Noko av det som i særleg grad har stått sentralt i dette faglege ordskiftet, har vore utsegn om at «jødane» har skuld i avrettinga av Jesus. Dette kjem jo mest tydeleg til uttrykk i folkemengdas sine ord i Matteus-evangeliet (27,25): «Lat blodet hans koma over oss og borna våre.»
Som alle som er glade i Bach veit, er jo desse problematiske orda gjeve att og dramatisert i ein av dei sterkaste korsatsane i Matteuspasjonen (kor 50).