Verdidebatt

Kva med å kikka i spegelen, Bakkevig?

KYRKJE OG POLITIKK: Eg konstaterer at ein representant for etablissementet i Den norske kyrkja skyv all kritikk frå seg, og let som om kritikken råkar nedover.

Under overskrifta «Kirke-kritikk som rammer fotfolket» gir Trond Bakkevig i torsdagens Vårt Land ei oppvising i kunsten å unngå kritikk. I staden for å grunna litt over kritikk framført frå fleire ulike hald, manøvrerer Bakkevig seg unna ved å omadressera kritikken nedover i organisasjonen.

Sofie Braut

Kritikk som prellar av

I innlegget gir Bakkevig, sjølv ein representant for den teologiske eliten i Den norske kyrkja (Dnk) gjennom fleire tiår, fleire gode illustrasjonar på måten kritikk prellar av i Dnk-eliten. Det er som om den tidlegare prosten og mangeårige utvals- og rådsleiaren i Dnk ikkje på nokon måte kan førestella seg at det alvorlege ved kritikken frå underteikna og andre faktisk kan handla om toppleiinga i Dnk.

Med livsnære døme frå sitt daglege virke som prest i Vestre Aker, der alt på alle måtar er i god og rett skikk når det gjeld gudstenestefeiring og kyrkjelydsliv, ser han ut til å meina at velfungerande gudstenesteliv fritek Dnks leiarskap for kritikk. Ei merkeleg samanblanding av eple og pærer, vil dei fleste meina. Det blir som å meina at god undervisning i eitt eller fleire klasserom gjer det uråd at rektor og administrasjon kan vera på bærtur.

Når eg kritiserer kyrkja av i dag, er det ikkje med ein underliggande påstand at ho var så fortreffeleg før.

—  Sofie Braut

Når Bakkevig kritiserer samfunnsvitar Asle Toje for å nytta «tilfeldige eksempler» i sin argumentasjon, må han i det minste sjølv sjå at glimtet frå hans personlege daglege virke ikkje tener som tilbakevising av kritikk knytt til leiinga av og den overordna profilen til Dnk.

Ein feilslutning

Vidare meiner Bakkevig det er ein mangel at innlegga ikkje «reflekterer over kirkens historie» i formuleringa av kritikken. Som ein erfaren skribent som Bakkevig veit, er det avgrensa spalteplass, og å dra opp lange historiske linjer er sjeldan populært når målet er å drøfta dagens situasjon i Dnk.

Dette kan ein sjølvsagt gjera på uendeleg mange vis. Det fascinerande her, er korleis Bakkevig kjem til konklusjonen at vi som kritiserer dagens topptunge Dnk skulle meina at situasjonen på 1800-talet var ei ideell fortid. Her lar presten seg openbart styra av fordommar, og tankar om at den som kritiserer dagens Dnk må ha grunnhaldninga «alt var betre før».

Men dette er naturlegvis ei feilslutning. Bakkevig spør retorisk om «kirken var mer i tråd med Guds ord da prestene arbeidet for å fengsle Hans Nielsen Hauge (…)». Som kjent er retoriske spørsmål slike ein ikkje treng å svara på. Men det retoriske grepet treng likevel eit svar, for kva var eigentleg Bakkevigs poeng? At ettersom noko var verre før, så er det heva over kritikk i dag?

Fritt, opent ordskifte

Når først Hans Nielsen Hauge er trekt inn, er det heller interessant å peika på måten Dnk i dag handterer brysame element (les teologisk konservative prestar) på; ikkje ved fridomsrøving som på Hauges tid, men ved innskrenking av teologisk fridom og gjennom stadig underminering og utradering samvitsfridom som eit funksjonelt omgrep. Så får dei, slik Mikael Bruun nyleg gjorde, finna seg noko anna å gjera.

Når eg kritiserer kyrkja av i dag, er det ikkje med ein underliggande påstand at ho var så fortreffeleg før. Ting kan som kjent gå frå vondt til verre, eller alternativt kan uheldige maktstrukturar av i dag ha parallellar i ulike historiske epokar. Så lenge kyrkja har vore baksida av ein mynt der staten er framsida, har det politiske blitt eit problem. Det vert rett og slett for fristande å gje keisaren langt meir enn kva keisarens er.

Eg trur mange såkalla «fotfolk» i Dnk er langt meir opne for ulike røyster, og er meir robuste enn i Bakkevigs umyndiggjerande framstilling.

—  Sofie Braut

Eit tredje moment som både Trond Bakkevig og andre stadig gjentek, er korleis media feilrefererer kyrkja fordi «media gjengir det som kan være politisk kontroversielt». Ein vil gjerne ha fri presse, men det aller greiaste er om dei kan vera eit mikrofonstativ for det vi «eigentleg» meiner. Denne tankegangen vert tydeleg når Bakkevig ønskjer seg ein «rolig samtale mellom kirkeledere, politikere og mediefolk om disse tingene».

Å få ein polert versjon frå eit slikt mektig bakrom kan sikkert freista for dei som har tilgang til slikt, men kor blir det då av det frie og opne ordskiftet?

«Fotfolket» i Dnk

Trond Bakkevigs sluttsats heng att som kruttrøyk etter ein kanonade, eller er det berre dei generelle skoddebankane mellom Dnk-tindane eg vandrar inn i mot slutten av innlegget hans? Eg konstaterer i alle fall at ein representant for etablissementet i Dnk skyv all kritikk frå seg, og let som om kritikken råkar nedover. Ut frå denne logikken skal det vera umogleg å kritisera ein elite og dei overordna linjer nokon stad, fordi slik kritikk sårar alle stakkars «fotfolk».

Alt Dnk-fotfolket vil er nemleg å «leve etter det Gud vil både for kirken og den enkelte», og, ser det ut til at Bakkevig impliserer, dette kan dei ikkje gjera dersom einkvan kritiserer leiinga deira.

Eg trur tvert imot mange såkalla «fotfolk» i Dnk er langt meir opne for ulike røyster, og er meir robuste enn i Bakkevigs umyndiggjerande framstilling. Mykje tyder på at svært mange synest det er fint at «lause kanonar» som underteikna og andre vågar å seia noko i debatten, særleg ettersom lojalitetspresset er overlag stort og makta rår i Dnk.

Les mer om mer disse temaene:

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Verdidebatt