Verdidebatt

Kor blir det av barna Norge skulle hente?

«Vi må komme i gang», sa Erna i september. – Ja, det hadde vore greitt det, Erna. Kva skjer? Det einaste sikre er kva som ikkje skjer: Moria-barna blir ikkje henta.

Ida Johanne Aadland

Student

Alt som ikkje skulle kunne gå an, går tydelegvis an. Ein tjuefem år gamal far vart søndag arrestert for å ha «sett liv i fare» etter at den seks år gamle sonen hans drukna. Båten dei flykta i gjekk ned utanfor den greske øya Samos, i havet som år etter år får lov til å halde fram med å ta liv på Europa si vakt.

Det er ikkje til å fatte at menneske på flukt blir ansvarleggjort for at Europa ikkje har noko betre enn livsfarlege grenseovergangar å stille opp med. Samstundes slepp europeiske politikarar unna med å enno ikkje ha funne ei løysing etter fem år med kriseskildringar og åtvaringar frå leirane dei sjølv er med på å finansiere. Og regjeringa her heime har to månadar etter storbrannen i Moria ikkje henta eit einaste menneske.

LES OGSÅ: Trolig kommer ingen Hellas-flyktninger til Norge i år: – Sommel og uvilje

Ingenting skjer

«I den situasjonen og det kaoset som er nå, er det greit at vi bare kommer i gang», sa Erna til Aftenposten i september. Ja, det hadde vore greitt det, Erna. Kva skjer? Det einaste sikre er kva som ikkje skjer: barna blir ikkje henta.

Leger uten grenser rapporterte etter brannen om ein akuttsituasjon og bad om umiddelbar evakuering. Likevel har månadane gått og i «Moria 2.0» har det enno ikkje kome dusjar, det har vore fleire oversvømmingar og ein ny teltbrann. På same øya har leiren for dei mest sårbare, Pikpa, blitt tømt og stengt av væpna politi.

På Samos råka jordskjelvet førre veke hardt og gjorde folk frå både lokalsamfunnet og flyktningleiren heimlause. Denne veka fortel frivillige om at ytterlegare sju hundre menneske i leiren har mista heimane sine i teltbrann. Det er meldt om minst 32 ulovlege pushbacks i Egeerhavet berre i oktober, og folk druknar i hopetal sjølv om me veit kor dei er. Alt dette samstundes som smittetala aukar og leirane er i lockdown. Kor ille må det blir før det er ille nok?

Hjelp i nærområda ikkje nok

Millionar av kroner har blitt donert av både privatpersonar og myndigheiter, men framleis bur tusenvis under ulevelege og uverdige forhold. Nok ein gong er det blitt bevist at det i dei greske leirane ikkje er nok å hjelpe i nærområda.

– Det har blitt politisk sensitivt å ta inn barn som trenger hjelp, gi dem beskyttelse. Hva slags Europa er dette blitt? spør Filippo Grandi, FNs høykommissær for flyktningar.

Norge har kompetanse, økonomi og moglegheit til å vere ei motvekt til motviljen me ser i delar av Europa. I Europa er Norge med på å bestemme. Greske myndigheter kan ikkje få sleppe unna med å arrestere fedre som har mista barna sine til bølgjene, ulovlege pushbacks må ta slutt og folk må få bruke menneskeretten sin til å søkje asyl. Og når dei greske myndigheitene ber om hjelp, må Norge svare ja, ikkje nei, slik me har gjort då dei to gongar det siste året bad oss ta imot 150 einslege mindreårige.

Sjå til Tyskland

Det er relokalisering Hellas og FN ber resten av Europa om å hjelpe med. Det er altså ikkje snakk om å utan vidare gje asyl til dei me hentar, men å la folk bu under forsvarlege forhold medan asylsøknadane deira blir behandla, i staden for i utrygge og overfylte leirar.

Andre land får det til, Tyskland har til dømes henta 1075 personar sidan april. Norge, som eit av verdas rikaste land, med lokalpolitikarar som tryglar om å få ta imot og titusenvis av innbyggjarar som står klare til å vere med på dugnaden, kan ikkje seie seg nøgde med å hente 50. Me har ei plikt til å gjere det me kan, og det gjer me ikkje.

Kan ikkje bli som det var

Pandemien gav oss ein sjanse - ein sjanse til å tenke, stokke om og starte på nytt. Den sjansen glippar snart. Om vaksina kjem og verda etter kvart kjem seg på beina att, må me sørgje for at ikkje alt blir som det var.

I fem år har Norge venta på varige og felleseuropeiske løysingar. Kvar gong me og Europa feilar, seier me til menneska på flukt at dei er uønska og at me ikkje treng dei. Det er ikkje rart at folk som har mista alt til slutt også mistar håpet. Tida er for lengst ute, og no må regjeringa høyre på lokalpolitikarar og innbyggjarane sine - evakuer leirane no.

LES MEIR:

«Konflikten i Afghanistan er den mest dødelige i verden for barn»

Minst 140 migranter omkom i forlis utenfor Senegal

Åpner mottak for sårbare grupper i Hellas – Norge betaler

---

Fakta:

---

Les mer om mer disse temaene:

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Verdidebatt