Verdidebatt

Vi treng ikkje vente. Norge kan sjølv straffe internasjonale forbrytarar

Vi veit at straff og sanksjon må målrettast mot akkurat dei menneska som står ­ansvarleg. Då må vi straffe dei der det gjer vondt. Kvifor ser vi nesten aldri bilete av folk som blir stilt til doms for ugjerningane sine?

Dette er en kommentar. Den gir uttrykk for skribentens analyser og meninger.

Emil André Erstad

Kommunikasjonssjef i Den 
norske Helsingforskomité

Tenk over kor mange grove menneskerettsovergrep som blir gjort kvar dag rundt omkring i verda. Berre eit fåtal av dei blir omtalte i nyheitene du les. Dei fleste høyrer du ­aldri om.

Tenk deretter over kor mange av desse grove menneskerettsovergriparane du nokon gong får sjå avbilda i ein steril rettssal frå Den internasjonale straffedomstolen i Haag.

Rettferd skjer

Tanken slo meg då eg såg den maliske jihadist-leiaren Al Hassan Ag Abdoul Aziz Ag Mohamed Ag Mahmoud sitte på tiltalebenken i Haag mot slutten av førre veke. Rettferd skjer, tenkte eg, då eg såg biletet av den kvitkledde tuareg-krigaren, før eg tenkte lenger.

No skulle det internasjonale lovverket si kvern felle sin dom over han som gav ordre om gjentekne valdtekter, utbreidd slaveri, daglegdags pisking og institusjonalisert tvangsekteskap i rolla som ­politisjef for eit brutalt islamittisk styre i den historiske byen Timbuktu i Mali for nokre år sidan.

Men kvifor ser vi nesten aldri bilete av andre som blir stilt til doms for ugjerningane sine? Det var den neste tanken som slo meg. Dei fleste ugjerningane er det ingen som må stå til ansvar for.

• LES OGSÅ: Krigsforbrytarar blir avslørte - dommar ber Norge presse på for krigstribunal

Står i vegen

I boka Tilbake til Lemberg skriv den britiske menneskerettsadvokaten Philip Sands si eiga familiehistorie inn i historia til framveksten av omgrepa brotsverk mot menneskeslekta og folkemord. Han får fram korleis det ikkje var sjølvsagt at dei tyske tenestemennene som stod personleg ansvarlege for jødeutryddingane, skulle stå personleg til ansvar for handlingane sine.

Takka vere innsatsen til eit knippe juridiske pionerar vart det likevel oppnådd semje om at folkeretten trong sanksjonsmidlar viss den skulle fungere.

Likevel er det ikkje det som skjer i dag. I Syria står fleire av aktørane på bakken bak omfattande brotsverk mot menneske­slekta. Tortur, bruk av kjemiske våpen og krigføring mot eiga befolkning. Likevel står Russland og Kina i vegen for å sette i stand eit internasjonalt straffetribunal.

Straffe dei

I Kina står styresmaktene­ bak grove og omfattande menneskerettsovergrep mot minoritetsgrupper i si eiga befolkning, som no går spesielt hardt utover uigurane. Å straffe dei som står ansvarleg gjennom den internasjonale straffedomstolen framstår totalt urealistisk, så lenge Kina og Russland ­hindrar det.

Vi treng fleire tiltak. Her er to av dei viktigaste tiltaka som Norge på eiga hand kan innføre.

Både Storbritannia og USA har varsla innføring av strenge menneskerettssanksjonar mot namngjevne tenestefolk i det kinesiske undertrykkingsapparatet som står ansvarleg for overgrepa mot uigurane og andre grupper i Kina. Ved å etablere ei ordning med menneskerettssanksjonar i Norge, kunne vi fått til noko liknande.

Vi veit at straff og sanksjon må målrettast mot akkurat dei menneska som står ­ansvarleg. Då må vi straffe dei der det gjer vondt: Moglegheita til å kjøpe eigedom, reise inn til landet vårt og ha pengar i bankane våre. Jo fleire land som innfører slike tiltak, jo meir effektivt.

Vi ser dykk

I Syria kjem det ikkje til å kome noko internasjonalt straffetribunal. Det trengs derfor ein dugnad blant velvillige land til å ta sin del av ansvaret for å straffe dei som står bak overgrep. Norge og ei rekke andre land har lovgjeving som gjer det mogleg å bruke noko som kallast universell jurisdiksjon.

Så lenge berre eit offer oppheld seg på norsk jord og leverer ei melding til politiet, kan det sendast ut ein internasjonal arrestordre på dei ansvarlege. Om dei så aldri blir tatt, så rammar vi rørslefridomen deira kraftig. Vi ser dykk og vi held dykk ansvarlege for handlingane dykkar.

Menneskerettar utan eit system til å straffe dei som bryt desse, er nyttelaust. Forhåpentlegvis kan vi sjå fleire menneske stå ansvarleg for handlingane sine i ein rettssal i Haag, men vi treng ikkje berre vente på at det skal skje. Norge kan handle sjølv.

LES MEIR:

---

Fakta:

---

Les mer om mer disse temaene:

Vårt Land anbefaler

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Verdidebatt