RLE-kompetansen er i fare

Lærarstudentar skulle lære å sjå «skolen i lys av kristen tradisjon», men forskrifta brytast.

– Vi vurderer det slik at mange lærarstudentar ikkje vil få den utdanninga som forskrifta og retningslinene legg opp til, skriver Kåre Fuglseth og Kansgar Straum. Bildet viser en lærarstudent som leser KRLE-pensum.
Dette er en kommentar. Den gir uttrykk for skribentens analyser og meninger.

Kåre Fuglseth, Nord universitet, Bodø

Kansgar Straum, UiT, Tromsø

Med innføringa av den nye, femårige lærarutdanninga bestemte Stortinget at religion, livssyn og etikk skulle vere obligatoriske emne i ein «integrert modul» i det generelle profesjonsfaget Pedagogikk og elevkunnskap (PEL) på 15 studiepoeng (60 poeng er eit årsstudium). I ein artikkel i det siste nummeret av tidsskriftet Prismet (nr. 2, 2020) viser vi korleis denne RLE-modulen er tolka og innført lokalt. Resultatet av undersøkinga oppfattar vi som oppsiktsvekkjande.

Diffus forskrift

Grunngjevinga for modulen, frå statsråd Torbjørn Røe Isaksen då han presenterte forslaget i Stortinget, var at klasseromma no er blitt meir varierte enn før, og at problemstillingar knytte til etikk, livssyn og religion difor er blitt meir relevante i skulane. I forskrifta om utdanninga står det såleis at modulen skal styrkje lærarkompetansen i eit fleirkulturelt og fleirreligiøst samfunn.

Men regjeringa går i forskrifta om utdanninga ikkje detaljert inn på innhaldet i RLE-modulen. Dei meir konkrete retningslinene var det Universitets- og høgskulerådet som stod for. Her står det at modulen skal ta opp emne som kristen tradisjon, sekularisering, pluralisme, fundamentalisme, sentrale religionar inkludert kristendomen, livssyn, menneskerettar og barns rettar, verdigrunnlaget (kristent og humanistisk) og profesjonsetikk med grunnlagsetikk.

Enda ein grunn til å sjå nærare på den lokale implementeringa er at modulen ikkje gjev undervisningskompetanse i KRLE-faget i skulen. I grunnskulelærarutdanningane er ikkje faget obligatorisk, og berre eit fåtal studentar vel dette faget. Di viktigare er det då at RLE-modulen fungerer etter intensjonen.

LES OGSÅ: Religionshistorikar meiner elevane klarar seg utan KRLE-faget

Utelet kristen tradisjon

Vi samla inn og granska lokale studie- og emneplanar frå heile landet for å finne ut av dette. I første rekke såg vi på om RLE-emna er med og korleis dei er fordelte over studieåra. Men vi trekkjer òg inn kva for arbeidskrav og vurderingsformer som er lagt inn, pensumlitteratur, fagleg bakgrunn hjå dei som underviser i emna og i kor stor grad utbyteformuleringane frå dei nasjonale retningslinene er tekne inn i dei lokale emneplanane.

Institusjonane har tolka forskrift og retningslinene på særs mange ulike måtar, både når det gjeld organisering og innhald. Dei fleste (7 av 12) manglar ein formell modul med avklarte arbeidskrav og vurderingsformer, og mange skriv seg bort frå innhaldet i retningslinene. Det som òg er tvilsamt er at nokre lærarutdanningar utelet eller tonar ned sentrale element frå retningslinene, særleg gjeld det målet om at studentane skal kunne sjå «skolen i lys av kristen tradisjon».

Forskrifta brytast

På bakgrunn av dei publiserte planane vurderer vi det slik at mange lærarstudentar ikkje vil få den utdanninga som forskrifta og retningslinene legg opp til, og at nokre institusjonar kan seiast å bryte med henne.

Det var stor politisk og fagleg strid om innføringa av modulen, ein strid som forplanta seg inn i utarbeidinga med retningslinene. Det er grunn til å tru at noko av denne striden òg har forplanta seg vidare til arbeidet med dei lokale emneplanane. Spriket mellom lærarutdanningane i emneplanane kan til sist verte forklart med at forskrifta, rundskrivet om det og retningslinene har opna opp for denne situasjonen ved å vere for upresise eller for lite konkrete når det gjeld organisering.

LES MEIR:

Både Jesus og Muhammed er ute av skolefagplan – professor advarer mot kunnskapshull

– Vi proppar øyra til elevane fulle av religion gjennom heile skulegangen

Blir ikkje samde om K-en i (K)RLE: – Viktig for nasjonal identitet