Verdidebatt

Kjære KrF! Det er ikkje meg, det er deg

Eg har lenge sett dette oppgjeret koma, men har utsett det så lenge som råd. No er me imidlertid komne der at smerten ved å vita at eg indirekte støttar denne regjeringa sin politikk er sterkare enn smerten ved å bryta med min første partipolitiske kjærleik.

Dette er en kommentar. Den gir uttrykk for skribentens analyser og meninger.

Dag Sele

Tidlegare fylkesleiar og sentralstyremedlem i KrF, no ein del av «den naturlege avskallinga»

Heilt frå min første tur til vallokalet har eg vore trufast mot deg. Og eg har framleis sterke kjensler og stort engasjement for menneskeverd, nestekjærleik og forvaltaransvar. Difor bestemte eg meg for å tåla at dei som no leier deg fekk halve landsmøtet med seg ved å lova historiske endringar som på heilt forventa vis ikkje vart noko av. Medlemskapet mitt har også tålt at du braut lovnaden til veljarane om å ikkje gå i regjering med Frp. Og eg har tålt ein valkamp der regjeringa, utan synleg motstand frå deg, medverka sterkt til eit overdøyvande fokus på bompengar, framfor dei verkelege krisene, som klimaspørsmål og flytningkrisa i Middelhavet.

Prøvd å bagatellisera

Eg tålte også at me på toppen av det heile dessverre høyrde sørgeleg lite frå ei regjeringslojal partileiing overfor stygge Frp-utspel om flytningkrisa, i valkampen. Lenge har eg også tålt at partiet mitt er ein del av ei regjering der fokus er større på privat fridom og vår velstand enn på fellesskapsløysingar for dei som treng det mest, både her heime og ute i verda. Og eg har prøvd å bagatellisera for meg sjølv den tydelege tilpasninga me over tid har sett hos deg til meir åndeleggjort kristenkonservativt tankegods, kombinert med urovekkande teikn til einsretting i organisasjonen.

LES OGSÅ: – KrF mislyktes totalt, skriver Hilde Frafjord Johnsen om partiets biotek-nederlag

Barn i Moria

Men no kjenner eg at grensa går ved at du set denne regjeringsdeltakinga så høgt at du vel å bli sitjande og ta medansvar for ei skamlaus trenering av den hjelpa som barna i Morialeiren treng no. Justisministeren seier altså, også på vegne av deg, at visst skal Noreg ta del i den europeiske dugnaden, men først når 8-10 andre land har gjort det. Ikkje etter at 8-10 land har slutta seg til, men først når me ser at dei har gjennomført sine bidrag vil me bidra med vårt! Korleis kan regjeringspartiet KrF ta sommarferie med ei uløyst og så kaldt handtert sak, midt i partiet sitt menneskeverd-hjarte? Her let ein tydelegvis Frp styra, lenge etter dei er gått ut av regjeringa. Det er såleis også meir skuffande enn overraskande at partiet ikkje vil konkludera tydeleg på at eit nytt regjeringssamarbeid med Frp vil vera uaktuelt.

Eg hoppar av

Me er no altså komne der at eg motvillig må erkjenna at du er fast bestemt på å gå ein annan veg enn den me tidlegare var einige om og at du tydeleg rustar deg for å fortsetja den vegen. Dermed er det nok best at også eg hoppar av og let deg fara der du vil. Men eg ønskjer samtidig å fortelja deg at min kjærleik til dei kristendemokratiske grunnverdiane er like sterk som før og at eg no opplever at det er du som reiser og eg som tek konsekvensen av det. Og at eg kjem til å sakna sårt mange av dei flotte folka eg har møtt i partiet.

Men no er avstanden til sentrum blitt for stor til at eg kjenner meg heime hos deg, som del av målgruppa di. Så ta gjerne kontakt om du igjen flyttar tilbake til sentrum. I alle fall om du faktisk skulle meina alvor og ikkje berre presentera fine ord om å kunna samarbeida i fleire retningar. For kven veit? Kanskje kan då gamle glør blussa opp..? For det er ingen tvil om at me treng eit parti som profilerer seg med menneskeverd, nestekjærleik og forvaltaransvar, i tillegg til fellesskapsløysingar, meir enn kristne honnørord, homoskepsis og generelt kristenkonservativ 
appell.

LES MER OM DEBATTKLIMAET I KRF:

Lars Kolbeinstveit: «Hareide inviterte ikke til noe teselskap da han ga ut bok og pekte på Støre»

Tidligere KrF-politiker ut mot biotek-strategi: «Vi som kvinner, mødre og gravide må gå foran»

Ni KrF-politikere om kritikken av det harde debattklimaet rundt bioloven: «Det krevde en motstemme»

«Berit Aalborgs og Hilde Frafjord Johnsons analyse av KrF og bioteknologiloven er for enkel»

---

Dag Sele

  • Dag Sele Fra Stord. Utdannet lege.
  • Har hatt flere sentrale verv i KrF, blant annet som varaordfører i Bø, vararepresentant på Stortinget, fylkesleder i Telemark KrF og Hordaland KrF og sentralstyremedlem.
  • Sto på «rød side» under retningsvalget i 2018.
  • Var sentral under reservasjonsrettdebatten i 2014. Som lege reserverte han seg mot å sette inn spiral av samvittighetsgrunner.
  • Sele sa opp jobben som fastlege ved Bø legesenter, da nye regler gjorde det umulig å reservere seg mot å sette inn spiral.
  • Sele har kritisert KrF for å polarisere debattklimaet i viktige verdispørsmål, som i debatten om paragraf 2 c og bioteknologiloven.
  • Nå melder han seg ut av KrF.

---

Les mer om mer disse temaene:

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Verdidebatt