Det var fleire kreative norske forsøk. Eg håpar fleire av dei eg var innom, brukar veka som kjem til å tenkja og trena.
Og dei kan hugsa at kinesiske kristne i fleire veker har sete isolerte i heimane med alt sitt attverande kyrkjeliv på internett.
Kina: «Spøkelsesby»
Koronaviruset har i Kina ført til isolasjon av millionbyar. På ChinaCource.org, ei verdifull kjelde for kunnskap om kinesisk kristenliv, skriv Daniel Dakota at situasjonen er «uhyggeleg». Namnet hans er eit pseudonym for ein amerikansk kristen som bur i Kina.
Daniel Dakota og familien bur i ein kinesisk gigantby på 26 millionar. «Tenk om du ikkje berre slår av New York City, men dei ni største byane i USA på same tid. Det ville vera uhyggeleg», skriv han utan at vita kva som faktisk kan koma til å skje til dømes i USA.
Avlyste gudstenester
Ettersom isolasjonen dreg ut i tid, møter kristne i Kina utfordringar dei aldri har møtt før. Mange gudstenester er for lengst avlyste. For mange pastorar er internett eit nødvendig vonde. Pastorar gjer alt dei kan for å hjelpa kyrkjefolket, sjølv om ingenting kan erstatta direkte kontakt.
Bibelstudium
Mange kyrkjer har flytta gudsteneste og møte til internett. Andre har utvikla nettressursar til forbøn, undervisning og sjelesorg.
Broder Li har blanda kjensler for internett. Han opplever at vranglærande sekter breier seg på den same appen som han brukar til bibelstudium. Li trur modne truande klarar å skilja sunn lære frå vrang, men fryktar at unge lettare kan bli påverka av vranglære på digitale plattformer, som ei sør-koreansk sekt som hevdar at leiaren deira er Jesus som har kome attende til jorda.
Dei kinesiske tiltaka som grip inn i folks fridom og daglegliv, er så harde at det er grunn til å spørja om tiltaka er verre enn sjølve sjukdommen, skriv The New York Times. Kampen mot viruset kjem på toppen av ein intens kampanje for kontroll med religion i Kina, det rammar alle truande og både registrerte og uregistrerte kyrkjer.
Dess lengre folk er isolerte, dess meir oppheta blir debattane. Nokre kyrkjer diskuterer no korleis dei kan feira nattverd. «For dersom vi trass alt kan møtast som kyrkje på nettet, kvifor kan vi ikkje feira nattverd på nettet?» skriv Daniel Dakota om diskusjonen. Slike debattar trugar med å øydeleggje enkelte kyrkjer, skriv han.
Be for Kina
Det er lett for norske kristne å bli redde – og å få nok med sitt eige i ei krisetid med personlege og globale dimensjonar. Norske kristne bør straks tenkja endå meir kreativt om korleis gudstenesteliv, sjelesorg, diakoni og forbøn kan skje når samfunnslivet delvis blir stengt ned.