Verdidebatt

Når bokmeldaren står i vegen

Etter å ha lese Gunhild Maria Hugdals bokmelding av Espen Ottosens bok, sit eg att med ei kjensle av at ho berre brukar spalteplassen som eit utgangspunkt for å formidla eigne kjepphestar.

Dette er en kommentar. Den gir uttrykk for skribentens analyser og meninger.

Sofie Braut

Bryne

Det var mildt sagt merkeleg å lesa Gunhild Maria Hugdals melding av Espen Ottosens siste bok En annerledes vei- motstrøms om kjønn, kjærlighet og sex i Vårt Land 21. februar. Hugdal har fått godt med avisplass for å gå inn i Ottosens bok og prosjekt på ein grundig måte. Av grunnar eg som lesar ikkje har tilgang til, gjer ho ikkje det. I staden vert spalteplassen hovudsakleg brukt på å få fram meldarens eigne synspunkt og perspektiv. For ordens skuld: eg har ikkje sjølv lese Ottosens bok.

Boka er ikkje i sentrum

Hugdal nyttar eigne erfaringar med opplevd utanforskap som springbrett inn i Ottosens motstraums-tematikk – eit godt grep, om det faktisk hadde blitt eit springbrett og ikkje eit frampeik om ei bokmelding der meldaren sjølv ikkje greier å la boka ho skal melda stå i sentrum. Å leva seg inn i andre menneske sine synsmåtar og val, vert gjennom heile bokmeldinga underordna behovet for å korrigera det liksom feilaktige grunnlaget boka byggjer på. Når Hugdal skal oppsummera, er det «Ottosens utrettelige kamp mot en kristen aksept av homofilt samliv» ho ser. Å forstå kva han kjempar for, eller kva som er prosjektet hans, ser ikkje ut til å vera av interesse for bokmeldaren.

Hugdal verkar kunnskapslaus

Men det er ikkje berre forfattaren ho viser lita forståing for. Kampane som menneska i boka fortel om «kunne vært unngått», slik Hugdal ser det, og i staden for å gi oss eit innblikk i kven desse menneska er, og korleis det kan ha seg at dei tek så uvanlege val, vert det altoverskyggande poenget til Hugdal å presentera eiga forarging over at andre tenkjer og lever annleis. Boka «målbærer en heteronormativitet som etterlater meg i sjokk og vantro», forklarer Hugdal, og verkar dermed komplett framandgjort, ja nærast kunnskapslaus om alminneleg kristen forståing av ekteskap og sex. Skal ikkje ein bokmeldar ha godt innblikk i bakgrunnsmaterialet for boka ho vurderer?

Hugdal hamrar vidare på at Ottosens bok illustrerer «hvordan denne formen for autoritær, kristen etikk fungerer passiviserende og ansvarsfraskrivende». Dette er naturlegvis påstandar som verkar merkelege i lys av at menneska som deler av sine erfaringar i Ottosens bok nettopp har vore alt anna enn passive; dei har tvert om teke val som har kosta noko, dei har våga å gjera det dei meiner er rett sjølv om dei dermed kjem på kollisjonskurs med samtida sitt krav om å leva ut lystene som bevis på eigen fridom.

LES OGSÅ: Gunleiv er homofil og gift med en kvinne: – Mange lurer på hvordan det kan fungere

Ulne generaliseringar

Mot slutten spør Hugdal kvifor Ottosen måtte ut av Noreg for å finna informantar til boka si «hvis det å leve i sølibat eller i heterofile ekteskap representerer «vanlige» valg for homofile i Norge i 2020». Merkeleg kritisk innvending, når alt tittelen på boka stadfester er at perspektiva som her kjem til uttrykk er «motstrøms». Det er nettopp denne erkjenninga som må ligga i botnen om ein skal kunna drøfta innhaldet i denne boka; ho gir stemme til menneske som i lita grad vert høyrt eller forstått i samfunnet vårt i dag.

Å lytta til menneske som tek val som utfordrar fleirtalet er både vanskeleg, men kan vera nyttig, same kva posisjon ein sjølv har. Men når ein som bokmeldar er mest oppteken av å få fram eigne synspunkt, er det lett å avskriva andre sine val som uttrykk for noko unødvendig og ufritt. Slik sett vert det nesten komisk når bokmeldinga rundar av med ulne generaliseringar om at «noen fellesskap er mer frie enn andre». Kva for fellesskap er dette, Hugdal? Er det du som sit på oppskrifta?

Hugdal formidlar eigne kjepphestar

Eg meiner på ingen måte at ein bokmeldar skal vera objektiv og nøytral, men ho må ha evne til å dempa eigne synspunkt ned og vera lyttande nok til at forfattarens prosjekt faktisk kjem fram. Etter å ha lese Gunhild Maria Hugdals bokmelding, sit eg att med ei kjensle av at ho berre brukar bokmeldinga som eit utgangspunkt for å formidla eigne kjepphestar, og halda fram sitt kritiske felttog mot Espen Ottosen. Og for all del, ho må gjerne diskutera vidare med han, men ho misforstår rolla som bokmeldar og maktar ikkje gjera oss klokare på boka han har skrive.

LES HELE DEBATTEN RUNDT OTTOSENS NYE BOK:

Espen Ottosen: «Anmelderen møter de jeg har intervjuet i boken med stor mistenksomhet»

Anmelder Gunhild Maria Hugdal svarer Espen Ottosen: «Han er selektiv og ukritisk i boka si»

Les mer om mer disse temaene:

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Verdidebatt