Emma Berge Ness, Politisk nestleiar i Senterungdomen
Henrik Nordtun Gjertsen, Sentralstyremedlem i Senterungdomen
Tidlegare Oslobiskop Gunnar Stålsett har over fleire år gjeve ein ureturnerbar asylsøkar arbeid og inntekt. Det skal han etter lova straffast for. Dette lovverk, som gjer det straffbart å hjelpe andre, bør reviderast.
Umogleg livssituasjon
Ein ureturnerbar asylsøkar er eit menneske som ikkje har fått godkjent opphald i Noreg, men heller ikkje er mogleg å returnere til heimlandet sitt. Ei årsak til dette kan vere at det er usikkerheit rundt personens identitet og heimland. Å leve i slik uvisse i eit ukjent land, er ein umogleg livssituasjon. I dei tilfelle det er umogleg å sende menneske som har fått avslått sin asylsøknad ut av Noreg, er dagens lovverk for rigid.
Konsekvensen av å sitje fast i eit land ein ikkje har lovleg opphald i, er at ein ikkje har grunnleggande rettigheiter på til dømes arbeid, utdanning og helsehjelp. Gjennom å gje ureturnerbare asylsøkarar moglegheit til å delta i samfunnet, kan vi bidra til å fylle livet med meining. Det er viktig å kjenne at ein høyre til.
LES OGSÅ: Gerd Fleischer vil følge vil følge Gunnar Stålsett i fengsel
Viktig å tenke sjølv
Det er synd at det vert brukt ressursar i politi og rettsvesen på å setje Gunnar Stålsett i fengsel. Langt meir alvorlege saker med kjend gjerningsperson vert henlagt på grunn av ressursmangel. Det kan ikkje vere av dei grovaste lovbrot at enkeltpersonar forsøker å inkludere vanskelegstilte menneske i samfunnet. Det bør heller ikkje vere lovstridig for desse menneska å delta og bidra i samfunnet.
Vi må aldri slutte å tørre og utfordre gjeldande praksis. Det hender at folk veit betre enn lovverk. I si tid blei Anne Frank skjult av menneske som braut lova, og drepen av menneske som følgde lova. Denne brutale påminninga syner viktigheita av å tenke sjølv. Lovverk skal ikkje trumfe sunn fornuft og nestekjærleik.
Lova må endrast
Senterungdomen meiner at det er på tide med ein gjennomgang av dagens lovverk, med sikte på å gje ureturnerbare asylsøkarar tilgang til viktige fellesskapsarenaer som utdanning og arbeid. Alle menneske fortener ein meiningsfull kvardag. Difor må utlendingslova endrast, slik at ureturnerbare asylsøkarar får midlertidig tilgang til arbeid, utdanning og helsetenester.
LES MER:
• Bernt Oftestad: «Vi trenger ikke Gunnar Stålsett som moralsk kompass»
• Les om kvinnen som biskop Stålsett har gitt jobb: «Hvem skal holde Lula i hånden når hun dør?»
• Arne Viste er tiltalt for å ha gitt papirløse innvandrere jobb: – Jeg er villig til å gå i fengsel