Sjuk islamsk og vestleg kultur
Verken islamsk valdsideologi eller vestleg undergangsideologi er noko å byggje eit samfunn på.
Eg har slutta med nyttårsforsett, men tenkte likevel at eg i 2019 iallfall ikkje skulle kaste bort tid ved å skrive innlegg på Verdidebatt eller noko anna nettforum. Men så var eg lettsindig nok til å lese "En bærekratig befolkning" av Hanne Linn Skogvang, som hadde fått æresplassen øvst på sida. Då venta eg nokre gode argument, men las i staden dette:
"Dersom statsministeren er så bekymret for at vi om få år vil mangle skattebetalere, hvorfor ikke la de mindreårige asylsøkerne få bli, eller ta i mot flere fra flyktningleirene på Lesvos – særlig nå som rapportene derfra blir stadig dystrere?"
Det kan sjå ut som om Skogvang ikkje veit noko om arbeidshistorikken til innvandrarar frå muslimske land, trass fleire forskingsrapportar frå Frischsenteret og frå dei to Brochmann-utvala; sjå her og her. Asylsøkjarar har generelt belasta offentlege budsjett for mange millionar meir enn det dei tilfører samfunnet i form av arbeidskraft og innbetalt skatt. Det er sjølvsagt ikkje mangel på barn i verda, men å velje barnløyse for oss relativt få nordmenn og importere nye generasjonar frå utlandet, må vere toppen av defaitisme, eller kanskje heller så langt ned ein kan søkkje i depresjon over dystopisk framtid. Det hjelper sjølvsagt ikkje at vi alt ser eksempel på dette i mindre målestokk, her i form av ei 34 år gammal tibarnsmor frå Somalia. Det er dessutan feil at Amundsen foreslår forskjellig nivå av barnetrygd, avhengig av om foreldra er innvandrarar eller ei, slik ho skriv:
Bestill abonnement her
KJØP