Til helheimen med uretten…som ligg bak tigginga!
Det kjem sannsynleg ikkje som noko overrasking at eg stiller meg kritisk til eit generelt forbode mot tigging, eller eventuelt eit forbode mot å gje til dei som tigg. Både den røynde historia og ein god del forsking har peika på at tigging ofte er eit symptom på skeiv fordeling i samfunnet, både høgt og lågt. Dette tydar sjølvsagd ikkje at ikkje det finnast dei som misbrukar tilliten hjå menneskjer av godvilje, eller verre, som utnyttar og tenar på dei som i røynda har det verst. Men, spør du meg, så er det heller desse forskjellane me skal arbeida først og framt i mot, ikkje menneskjene som vert utsette for slike forskjellar!

Men for mange, nokre viss livshistorier eg personleg kjenner godt til gjennom ei årrekkje, er tigging ein siste utveg frå det som vert opplevd av dei som umogelege levevilkår der dei kjem ifrå. I tillegg til å leve som fattige, med tanke på tilgang til å kunna tena til livsens opphald - altså å ha kjøpekraft til rett og slett å leve – så vert dei fattige ofte utstøytt berre i kraft av det å vera fattige. I ein del land så er berre det å vera «roma» («romfolk»), eller fattig for den del, grunn nok til i praksis å verta utelukka frå til dømes arbeidsmarknaden. Tilsetjingar og lønnsvilkår heng ofte ikkje saman med korkje lovverket eller arbeidsrettar, noko som mange i vestlege land ofte tek for gjeve. Mange minoritetar og fattige opplev diverre ofte å verta utstøytt, både frå samfunnet generelt, og forskjellsbehandla i arbeidsmarknaden, verta underbetalt, eller liknande.
Dei fleste av oss som oppheld oss i eit såpass velståande land har heldigvis aldri måtte oppleva korkje den eine eller den andre av slike belastningar! Men slike opplevingar av urett, forskjellsbehandling, å ikkje lukkast, og maktløyse gjer noko med oss menneskjer, spør du meg. Det fører til fortviling hjå veldig mange, der ein freistar å finn ein eller annan veg som leiar mot ein betre kvardag – men ofte vert det ein eller fleire bomturar på vegen. Dei som allereie er utsette er òg ofte dei som vert offer for utnytting att. Og det er dei som står bak slik utnytting som skal tas, ikkje dei som er allereie har vorte utnytta på dei grovaste måtar!