Verdidebatt

Ein nasjon av pingler

På bestselgarlistene for barnebøker kan ein finne «En pingles dagbok» av Jeff Kinney. Bøkene handlar om pingla Greg Heffley, venene hans og dei håplause foreldra hans. Ungane våre synes det er moro å lese om pingler.

Dette er en kommentar. Den gir uttrykk for skribentens analyser og meninger.

Det er så gjenkjennelig på ein måte. For vi er kanskje alle pingler inst inne? Men det er eit problem når pinglenaturen får blomstre seg i full flor, slik han gjer om dagen. Kva har skjedd med modige, staute og tolerante nordmenn? Eller var det kanskje ikkje heilt fint å sei?

Iallefall, toleranse er eit omgrep vi dollar og pyntar oss med støtt og stadig. Vi likar det. Toleranse. Det er nesten som om bokstavane set seg fast i munnen.  Eg har ei raud og enormt tjukk bok (og då meiner eg tjukk) i hylla som eg er veldig glad i. Ho inneheld over 12 000 ord med forklaringar. Eg slo opp på side1053 på ordet toleranse. Veit du kva det står? Det står at toleranse er «evnen til å tåle, overbærenhet for andres oppfatninger  og oppførsel». Eg må innrømme at desse linjene slo meg litt ut her på morgonen. Vi, tolerante nordmenn er kanskje ikkje så tolerante når det kjem eit stykke borti svingen? Når vi skal plukke vekk all religiøs symbolikk i det offentlige rom fordi nokon kanskje blir støtt eller såra? Vi skal liksom vere så like, uniformere oss på eit vis. Kva seier det om vår toleranse? Har vi blitt så redd for å tråkke på nokre gamle antireligiøse liktær at vi må skjule at det finst noko som heiter tru og religion? Det er heilt greitt at ein er litt pingle, men det får no vere grenser for kor pinglete ein skal vere.

Far min pleier å harselere litt med toleranseomgrepet: «Eg tolererer ikkje at du er intolerant!» seier han, mens han humrar litt i skjeggtustane. Han har eit poeng. Skal denne toleransa berre gå den eine vegen, slik at vi som trur på noko må gøyme oss vekk? Kvifor provoserer korset eller hijaben dei som ikkje trur? Det hjelper ikkje å stikke hovudet i sanden slik strutsen gjer. Vi trur vi, likevel, om vi må plukke av oss både det eine og det andre.

På ein måte har vi alle ei tru. Å ikkje tru på nokon religion er og ei form for tru. Så må ein respektere kvarandre for det, tole og ha overbærenhet for akkurat det, og slutte å pingle så voldsomt. No sit det kanskje nokre som lurer på kva ei pingle eigentleg er for noko. Og viss du lurte, står det og i boka mi. På side 155 står det: «pingle: stakkarslig person, svekling, pyse. Muligens beslektet med lydordet ping (Guttu)». (Kva Guttu er, må du ikkje spør meg om).

Avslutningsvis tenkjer eg at det får vere heilt ok at ungane våre ler og humrar over pingla Greg Heffley. Ja, vi kan gjerne le litt sjølv og. Men det er kanskje ikkje så greit at dine og mine oldebarn ler av oss ein gong i framtida fordi vi vart ein nasjon av pingler, som ikkje tolte å sjå korkje kors eller hijab utan å skjelve i buksene.

Kjelde: Yann De Caprona, Norsk etymologisk ordbok (2013). Kagge forlag.

Les mer om mer disse temaene:

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Verdidebatt