Verdidebatt

21 ting vi kan tillate

Her er ei ikkje utfyllande liste med ting vi kan tillate oss sjølve.

Dette er en kommentar. Den gir uttrykk for skribentens analyser og meninger.

I DNs leiarartikkel 26. juni vert det raljert med forbodsmentaliteten til norske politikarar generelt, og Senterpartiets Kjersti Toppe Spesielt. Etter det siste utspelet frå Toppe om å forby kartongvin, er ein slik kritikk definitivt på sin plass. DN etterlyser variasjon i den politiske debatten, og spør «hva med å tillate noe?». Det er som eg skulle sagt det sjølv. Eg føresler at vi tillét følgjande:

  1. Aktiv dødshjelp – Fordi nokre få enkeltmenneske har eit sterkt ønskje om å kunn velje livsavsluttande behandling når smertene vert for tunge å bere i livets siste fase. Det bør det vere høve til, sjølvsagt etter nøye fastlagte rutinar og kontrollprosessar.
  2. Vin i butikk – Fordi butikkane allereie har høve til å selje øl, og ei utviding av utvalet vil gjere kvardagen enklare for mange menneske.
  3. Vin i park – Fordi forbodet mot offentleg alkoholkonsum i praksis vert lite praktisert. Dersom nokon ønskjer å ta seg ei øl eller eit glas vin på ein varm sommardag i parken, er ikkje dette noko som går ut over andre. Altså bør det vere tillatt, slik det er i dei fleste andre land.
  4. Cannabis – Fordi dette er eit rusmiddel som på mange måtar er mindre skadeleg enn dei allereie legale rusmidla alkohol og tobakk. Dessuten er det i vanleg bruk blant titusenvis av nordmenn, og då vil det vere fornuftig å ta kontroll over det som i dag er ein døgnopen svart marknad. Då kan ein ilegge avgifter, kontrollere innhald og handheve aldersgrenser.
  5. Poker – Fordi det burde vere lov å spele kortspel, også med pengar som innsats.
  6. Majestetsfornærmingar – Fordi det er absurd at det skal vere fem års strafferamme for å fornærme kongen. Sjølv om han etter Grunnlova er «konge av Guds naade». Ikkje eit vondt ord om kong Harald, som er ein utmerka regent, men han får tole ein trøkk han som alle andre.
  7. Asylsøkjarar i arbeid – Fordi det er uhyre viktig at integreringsprosessen startar allereie frå dag éin. Då er det to ting som er viktig: Språkopplæring og arbeid.
  8. Proffboksing – Fordi det er trist at ein flott idrettsutøvar som Cecilie Brekkhus ikkje kan drive med idretten sin i sitt eige heimland. Boksing fører med seg ein del risiko for utøvarane, men det gjer jaggu fallskjermhopping og utforkøyring også.
  9. Rasistiske ytringar – Fordi grums og intoleranse bør kome ut i det opne rom, ikkje festre i mørke krokar, slik at vi kan møte det med toleranse og beinharde motargument. Ytringsfridomen er ein grunnleggjande verdi, og den bør gjelde også for dei som har fryktelege meiningar.
  10. Alkoholreklame – Fordi forbodet i praksis ikkje er mogleg å handheve i ei verd der dei fleste har full tilgong til utanlandske medier og (ikkje minst) internett. Alkohol er ei lovleg vare, og gitt strenge reglar for marknadsføringa bør produsentane ha høve til å gjere forbrukarar kjente med produkta sine.
  11. Eggdonasjon – Fordi vi har tillatt sæddonasjon i over 70 år, og det er ingen prinsipiell skilnad mellom dei to.
  12. Surrogati – Fordi mange nyttar seg av dette i utlandet allereie i dag, inkludert politidirektøren vår. Men det norske forbodet fører i somme tilfelle til at born kan ende opp som fullstendig rettlause. Då er det betre å gå inn og regulere dette på ein ordentleg og anstendig måte.
  13. Genmodifisert mat - Fordi det i ei verd som treng meir mat er positivt å forske fram frø og produkt som er resistente mot sjukdomar, og som kan gje rikare avlingar. Det er bra for miljøet, og bra for verdas fattige.
  14. Happy hour – Fordi det er vanskeleg å sjå ei god grunngjeving for å forby noko som vel er tillatt i så godt som alle andre land.
  15. Meir enn 100 ml væske i handbagasjen – Fordi tryggingstiltaka på flyplassar har gått alt for langt. Svært få av dei har nokon beviseleg effekt for å hindre terrorisme og andre trugsmål, og då er det på tide å senkje skuldrane noko.
  16. Vasspipetobakk - Fordi den ikkje er meir skadeleg enn vanleg tobakk.
  17. Skjenking etter 03.00 – Fordi den enkelte kommune sjølv bør bestemme skjenkjetidene, ikkje Stortinget. Det er skilnad på Alta, Oslo og Førde – og ein bør avgjere lokalt kva som er den beste løysinga for lokalsamfunnet.
  18. Friskular utan religiøst grunnlag - Fordi det bør vere mogleg å starte ein god skule – berre fordi ein vil starte ein god skule.
  19. Kjøp av seksuelle tenester – Fordi forbodet som vart innført for nokre år sidan har vist seg å ikkje ha nokon positiv effekt. Tvert imot vert det rapportert om meir vald og meir utnytting i mørke rom. Då bør vi lytte til ProSenteret og gå vekk frå forbodslinja, og i staden setje inn gode hjelpetiltak som verkeleg kan nytte.
  20. Søndagsopne butikkar – Fordi den enkelte kommune bør kunne bestemme opningstidene for butikkar. Det blir for dumt å setje opp skiljeveggar i vanlege butikkar slik at dei kan presse ein del av lokalet under 100 kvadratmeter, noko som gjev høve til søndagsope.
  21. Dobbelt statsborgarskap – Fordi vil skape ein lettare kvardag for mange menneske, og fordi mange kjenner tilhøyrsle til både sitt gamle og sitt nye heimland.

Lista er ikkje utfyllande.

OPPDATERING: Etter at innlegget først var på trykk i Dagens Næringsliv (og har gått sin gong på sosiale medier) har det kome mange spørsmål om grunngjevinga bak dei ulike forslaga. Eg har difor lagt til korte grunngjevingar under kvart forslag i denne oppdaterte versjonen av innlegget. Det var dette innlegget har utløyst debatten med Erik Lunde i KrF her på verdidebatt.no og i papirutgpva av Vårt Land i dag (4. juli). På oppmoding frå redaksjonen har eg lagt ut dette opphavet også.

LES OGSÅ ERIK LUNDE: Politiker uten grenser

LES MITT EIGE INNLEGG: Må vi forby alt vi mislikar?

LES ERIK LUNDES OPPFØLGJAR: Om friheten og Rotevatns liberalisme

Les mer om mer disse temaene:

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Verdidebatt