I dag, tirsdag, kom meldinga om at ein ulv er avliva - denne gongen i Rendalen. Kor lang tid tar det norske styresmakter å stelle seg slik at ulv og bjørn er utrydda frå norsk natur? Slik viltforvaltninga er lagt opp no, kan det ikkje ta lang tid før i alle fall desse to rovdyra er borte for godt. Gaupe og jerv blir truleg dei neste.
Eg kjenner eit ungarsk/rumensk ektepar som kom hit til Norge på 1980-talet. Dei kom frå Transsylvania i Romania, eit jordbruksområde med mange husdyr. Rumenske styresmakter sitt overslag over talet på bjørn den gongen, var om lag tusen bjørn. Ulv hadde ein ikkje noko sikkert tal på, men den var talrikt til stades i utmarksområda. Mine venner kan fortelje meg at konflikt mellom beitedyr og rovdyr ikkje var noko tema i Romania den gongen. Velståande bønder hadde gjetarar, andre bønder hadde det ikkje. Tap av husdyr skjedde sikkert, men eit fattig land som Romania - i alle fall samanlikna med Norge - kunne altså leve uproblematisk med ein ganske stor bestand av bjørn og ulv. Er ikkje dette ganske tankevekkjande, samanlikna med norsk rovdyrforvaltning?
Eg trur at vi nordmenn treng å repetere Helge Ingstad sitt sin på tilhøvet mellom rovdyr og menneske i norsk natur. Han sa: Det var nå tross alt rovdyrene som kom først til vårt land. Menneskene kom senere. Det er menneskene som har trengt seg inn på rovdyrene, ikke omvendt.