Emil André Erstad

Kommunikasjonssjef i Den 
norske Helsingforskomité

Ein må bøye seg i respekt for dei modige kvinnene i Trøndelag Ap som førre veke stod fram med sine opprørande historier. Ellen Reitan, Sandra Skillingsås. Unge kvinner som måtte passe seg for dei eldre mennene på arrangement i fylkespartiet, i frykt for at mannfolka skulle ta seg til rette. Unge kvinner som skildra ein uakseptabel fryktkultur.

Eg legg til grunn at dei sosialdemokratiske og trønderske lokalpolitikarane er minst like oppegåande, bevisste og intelligente som lokalpolitikarar flest i andre parti og landsdelar. I fleire intervju innrømmer dei at Trond Giske ikkje ville vere den beste til å leie arbeidet mot seksuell trakassering, men likevel støtta mange av dei at han skulle bli ny fylkesleiar.

LES OGSÅ: Giske ut av toppen: Redder Ap fra valgkamp-trøbbel

Dei nye varslarane

Det er talande heilt inn til det ekstreme at det som skulle til for å endre på synet til Trøndelag Ap, var at det trongs nye varslarar på bana. Nye varslarar med ein sentral forskjell samanlikna med dei som hadde varsla tidlegare: Dei nye varslarane snakka trøndersk. Dei kom frå innsida. Dei var ein del av lokalpartiet. Dei snakka plutseleg eit språk lokalpolitikarane i Trøndelag Ap forstod.

Det er forbløffande at vi menneske fungerer slik. Flokkmentaliteten står sterkt i oss. Som bandet Di Derre syng i songen sin: «Det er mye man tilgir en gammel venn».

Vi treng ikkje spole lenger tilbake enn nokre veker før vi førre gong såg ei sak med tydeleg eksempel på same dynamikk: Petter Northugs kokainbruk og råkøyring. Det mangla ikkje på varme støtteerklæringar frå nær sagt alle hald fordi Northug inst inne jo var «ein god gut». Eg seier ikkje det var gale, men det er sjeldan kriminelle handlingar får same milde og omsorgsfulle behandling i offentlegheita, ganske enkelt fordi dei kriminelle sjeldan er ein av oss.

Å beskytte flokken

Spesielt ille er det kanskje i politikken der partiorganisasjonane speler hovudrolla. Eg skal vere den første til å innrømme at det er lettare å tole taktikkeri frå si eiga side, enn frå motstandarane sine – noko eg sjølv var ein del av under den store KrF-striden. Det var ikkje så mykje sex, drugs og rock’n’roll, men likevel.

Kanskje oppfører vi oss slik fordi desse refleksane ligg så djupt i oss at vi ikkje kan fri oss frå dei?

Heilt frå dei første menneska har vi vore krigarar. Refleksane som ligg djupt i oss handlar om å beskytte flokken, og nedkjempe fienden som trugar utanfrå. Den amerikanske forfattaren og statistikaren Julia Galef forklarar at vi heller enn å heile tida gå inn i rolla til krigaren, burde prøve å spele ei anna rolle: speidaren. Speidaren si rolle er å forstå. Hen skal få oversikt over terrenget, finne eventuelle hindringar, skaffe ny kunnskap.

Galef sin sentrale påstand er denne: Å ha god dømmekraft, å treffe riktige avgjerder og foreta treffsikre analysar – alt dette handlar om kva tankesett du har.

Dommaren dømmer til fordel for motstandarlaget

Det er lett å tenke at fakta er fakta. At all informasjon vi får inn i hjernen vår behandlast uhilda, nøytralt og skikkeleg. Men i tankesettet til soldaten fungerer det ikkje slik. Der føregår derimot noko som kan kallast motivert argumentasjon. Kvar gong eg har vore på Brann stadion og opplevd at dommaren har dømt til fordel for motstandarlaget, har eg og resten av tribuna alltid vore sterkt motivert til å finne argument for at dommaren si avgjerd var gal.

Dømekrafta vår er så sterkt påverka av kva side vi ønsker at skal vinne, at den kan gje slike utslag som hos Trøndelag Ap. Sjølv kan vi tenke at vi er heilt objektive, medan underbevisstheita vår arbeider annleis.

Modige, modige kvinner

Korleis kan derfor fleire av oss bli speidarar framfor soldatar? Galef sitt svar er kjensler.

Kjensler som nysgjerrigheit. Gleda av å lære ny kunnskap. Openheit for å skifte standpunkt. Det handlar om å kjenne stoltheit framfor skam viss vi oppdagar at vi har tatt feil om noko.

Viss alle går rundt med krigarmentalitet, er ein avhengig av at nokon frå innsida av flokken bryt tystnaden. Slik Ellen Reitan og Sandra Skillingsås gjorde førre veke. Modige, modige kvinner.

Aller helst bør vi kome dit at vi ikkje treng at unge kvinner må stå på post og vere modige åleine. Fleire speidarar bør stå på vakt. Elles risikerer vi å drukne i dobbeltmoral.

LES MER:

Berit Aalborg: Arbeiderpartiets ledelse bør revurdere son egen rolle i Giske-saken

Jette Christensen: – Smertefullt å lese innleggene til unge Ap-kvinner

Aps Marianne Marthinsen gir seg i politikken etter intern strid i partiet