Frykta et sjela di

Er det verkeleg ingenting å vere redd for?

– Ei utestenging frå fellesskapet, ein evig isolasjon. Kven forstår alvoret i dette, og det sårbare i tilliten? spør Laura Djupvik, forlagsredaktør og forfattar.
Publisert Sist oppdatert

Vi har alle ting vi har vore redde for, som vi kan le av når vi berre får det på avstand.

I enden av bygda var det eit lite ­bustadområde som ein kalla Byggefeltet. Av ein eller annan grunn var eg som barn redd for Byggefeltet. Kva fanst her? Var det slemme menn? Fæle barn? Uhyrer? Frykta grunngir ikkje alltid sin eksistens.

Kvar sommar eg køyrer forbi denne vesle klynga­ med hus, må eg tenke på fantasiens kraft. For kva er det frykta lever av, om ikkje våre eigne ­førestillingar? Og eg undrar meg: Var eg verkeleg redd for dette?

For å lese saken må du være abonnent

Bestill abonnement her

KJØP