«Uke 6» og seksualitet i skule og samtid
Tidstypisk seksualundervisning og tydeleg normkritikk bør utfordre både heim og kyrkje.
– Skolens seksualundervisning speglar sterke straumdrag i samtida, knytte til seksualitet, kjønn, identitet og familie. Midt i utfordrande kår for klassiske, kristne normer, ligg her mulegheiter for bevisste kristne foreldre til vere med å prege, skriv Margunn Serigstad Dahle.
kattebelletje fra Flickr.com
Då Uke 6 vart arrangert for sjette gong sist veke, fekk alle klassetrinn i grunnskulen tilbod om gratis undervisningsopplegg. Til «jubiléet» vart altså 1.– 3. klasse inkludert i materialet frå organisasjonen Sex og Politikk (ekstern link), støtta avHelsedirektoratet.
Helse, trivsel og seksualitet
Sidan starten i 2011 har Sex og Politikk, som i over 40 år har arbeidd for å forsvare og fremje seksuell og reproduktiv helse og rettar (SRHR), stått bak kampanjen. Målet for Uke 6 er å gi barn og unge ei undervisning om seksualitet «som utruster til å ta valg som fremmer helse og trivsel, og som forebygger mobbing, diskriminering og krenkelser». Materialet er knytt til kompetansemål i norsk, KRLE, naturfag og samfunnsfag, og vart i år brukt i undervisning for over 110.000 elevar. I tillegg møtte omlag 6.500 opplegget utanfor skulen.
Bestill abonnement her
KJØP