Når bokmeldaren står i vegen

Etter å ha lese Gunhild Maria Hugdals bokmelding av Espen Ottosens bok, sit eg att med ei kjensle av at ho berre brukar spalteplassen som eit utgangspunkt for å formidla eigne kjepphestar.

– Bokmeldar Hugdal verkar komplett framandgjort, ja nærast kunnskapslaus om alminneleg kristen forståing av ekteskap og sex, skriv Sofie Braut i dette innlegget.

Sofie Braut

Bryne

Det var mildt sagt merkeleg å lesa Gunhild Maria Hugdals melding av Espen Ottosens siste bok En annerledes vei- motstrøms om kjønn, kjærlighet og sex i Vårt Land 21. februar. Hugdal har fått godt med avisplass for å gå inn i Ottosens bok og prosjekt på ein grundig måte. Av grunnar eg som lesar ikkje har tilgang til, gjer ho ikkje det. I staden vert spalteplassen hovudsakleg brukt på å få fram meldarens eigne synspunkt og perspektiv. For ordens skuld: eg har ikkje sjølv lese Ottosens bok.

Subscribe for full access

Get instant access to all content

Powered by Labrador CMS