Leder

Kyrkje eller kyrkjedemokrati?

Kyrkjedemokratiet bør vere slankast mogleg, minst mogleg, enklast mogleg, slik at dei som høyrer kyrkja til kan nytte kreftene på meir sentralt arbeid.

Dette er ein leiar. Leiaren gjev uttrykk for Vårt Lands syn. Sjefredaktør og politisk redaktør har ansvar for innhaldet.

Torsdag opnar Kyrkjemøtet i Den norske kyrkja. Det er det øvste demokratiske organet, samlast ein gong årleg, og denne gongen med ny samansetting for dei neste fire åra.

Kyrkjedemokratiet finst for å gjere det primære kyrkjelivet mogleg og best mogleg, og er ikkje av verdi i seg sjølv

Kyrkje eller kyrkjedemokrati?

Oppslutninga ved førre val tyder på at det jamne medlem ikkje er synderleg interessert i kyrkjedemokratiet. Det tyder ikkje at dei ikkje er opptekne av kyrkja, og då særleg det lokale huset og alt som går føre seg der. Men kyrkjeleg engasjement er ikkje det same som kyrkjedemokratisk engasjement, og det er heller ikkje slik at det bør vere det. Kyrkjedemokratiet finst for å gjere det primære kyrkjelivet mogleg og best mogleg, og er ikkje av verdi i seg sjølv.

Ja, eigentleg bør kyrkjedemokratiet vere slankast mogleg, minst mogleg, enklast mogleg, slik at dei som høyrer kyrkja til kan nytte kreftene på meir sentralt arbeid. Alle som har sete i sokneråd veit at entusiasmen lett kan drukne i omstendeleg handsaming av store mengder papirsaker. Det er stor avstand mellom kyrkja som demokratisk og byråkratisk organisasjon, og kyrkja som levande lokalt fellesskap og arbeidsplass. Ein god kyrkjeorganisasjon er heilt naudsynt, men alltid for å tene eit anna mål enn seg sjølv.

Kyrkjas oppdrag

I avisa onsdag trykte vi ein kronikk av avtroppande kyrkjerådsleiar Kristin Gunleiksrud Raaum. Den stiller og svarer på spørsmålet om kva samfunnet treng fra kyrkja. Raaum la vekt på rettferdsarbeid, beredskap, diakonalt arbeid og ulike samtaletilbod. Det er viktige ting.

Men det er eit paradoks at det ikkje er i nærleiken av å røre det som er kyrkjas oppdrag i verda: Å samle dei heilage, forkynne evangeliet og forvalte sakramenta. Sjølvsagt er Raaum samd i at dette er kyrkjas sentrale oppdrag. Men kvifor kjenner ho det ikkje som naudsynt å peike på det når ho skal seie kva kyrkja gjer for folk og samfunn?

Dei som arbeider i kyrkjene gravlegg folk, snakkar med folk, døyper folk, feirar gudsteneste med folk, syng med folk, underviser folk, bed med og for folk. Det er ikkje særleg spektakulært, det er ikkje del av ein innovativ strategi, det er ikkje målretta løysingar på dagsaktuelle problem i samfunnet. Men det vanlege kyrkjelege arbeidet gjev tilhøyrsle, skapar meining, gjev mot til hjarta, trøyst til sorga, tru til sjela og ei uforlikeleg ramme rundt livets tyngste og gladaste dagar, ja kvardagen og. Dette kan ingen gjere ho etter, og i det ligg også det store, umistelege kyrkjelege bidraget til samfunnet.

Der må òg Kyrkjemøtet halde fokuset dei neste fire åra.

Retting 1: Lenke lagt til og skrivefeil retta, 10.04. kl 14.40

Retting 2: Endring i omtalen av kva slags kronikk av Kristin Raaum som vart trykt i Vårt Land. Vi hadde ved ein feil gjeve inntrykk av at teksten var skrive til Kyrkjemøtet. Retta 10.04. kl 15.15.

Les mer om mer disse temaene:

Vårt Land

Vårt Land anbefaler

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Leder