Leder

Laksenæringa speler eit ureieleg og uverdig spel

Statsminister Jonas Gahr Støre og finansminister Trygve Slagsvold Vedum må ha is i magen om grunnrenteskatt, trass i det heftige køyret frå laksenæringa no.

Dette er ein leiar. Leiaren gir uttrykk for Vårt Lands syn. Sjefredaktør og politisk redaktør har ansvar for innhaldet.

Mandag varsla laksegiganten Salmar massepermitteringar, og skulda på den føreslåtte lakseskatten. Opposisjonen på Stortinget heng seg på næringa sin kritikk, slik Venstre-representant Alfred Bjørlo gjer då han seier: «Dette er dessverre virkeligheten i oppdretts-Norge nå. Det er dramatisk. Jeg forstår ikke at regjeringen velger å nærmest tvinge dette gjennom».

Det er ein lite faktabasert kritikk, og kan nesten minne om utpressing mot den politiske avgjerda om å innføre grunnrenteskatt på lakseoppdrett. Fakta er at massepermitteringar er heilt vanleg praksis i laksenæringa. For om lag eit år sidan permitterte Salmar kring 600 tilsette. Mandag permitterte dei 851 tilsette. I tredje kvartal tente selskapet over ein milliard kroner på drifta.

Ureieleg argumentasjon

Eit anna selskap, Lerøy Seafood Group, permitterer 300 tilsette trass i at selskapet går med 831 millionar kroner i overskot i tredje kvartal. «Jeg har aldri opplevd markedet mer krevende enn nå», seier konsernsjefen.

Eit anna paradoks: Permitteringa skjer i det leddet av næringa som driv med foredling, medan grunnrenteskatten skal gjelde for råvareleddet. Det gjer argumentasjonen frå laksenæringa endå meir ureieleg.

Den norske modellen bør ikkje bli slik at næringar eller selskap skal kunne presse politikken slik dei vil, men heller speler konstruktivt på lag med politikarane som forvaltar fellesskapets beste

—  Vårt Land

Lakseselskapa har tent enormt med pengar på å drive næring i vår felles natur, men køyrer no eit rått lobbyløp for å presse regjeringa til å ikkje innføre grunnrenteskatt. Dei har i tillegg til permitteringar også stoppa fleire store investeringar.

Fellesskapets beste

Det er godt mogleg høyringsrunden om grunnrenteskatt vil gje rom for endringar i innrettinga av skatten. Den runden vert avslutta rett etter nyttår. Det er derfor no uforståeleg og uverdig at laksegigantane pressar regjeringa med permitteringar, ettersom dei framleis kan spele inn tilbakemeldingar i høyringa om skatten.

Ifølge laksenæringa vart det skapt 13.000 nye jobbar det siste året, og ingenting tyder på at det ikkje vil vere lønsamt å produsere laks i tida framover.

Statsminister Jonas Gahr Støre (Ap) og finansminister Trygve Slagsvold Vedum (Sp) bør ikkje la seg presse. Den norske modellen må ikkje bli slik at næringar eller selskap skal kunne presse politikken slik dei vil, men heller speler konstruktivt på lag med politikarane som forvaltar fellesskapets beste.



Les mer om mer disse temaene:

Vårt Land

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Leder