Leder

Gharahkhani fortener applaus

Det er frigjerande med ein politisk leiar som tar bladet frå munnen og behandlar det iranske presteregimet som det brutale, omsynslause diktaturet det er.

Dette er ein leiar. Leiaren gir uttrykk for Vårt Lands syn. Sjefredaktør og politisk redaktør har ansvar for innhaldet.

Etter at 22 år gamle Mahsa Amini døydde i det iranske moralpolitiets varetekt, har det brote ut store demonstrasjonar i Iran. Ho vart sannsynlegvis arrestert fordi ho ikkje bar hijaben på «rett» vis.

Viktig bakgrunn

Den norske stortingspresidenten, Masud Gharahkhani (Ap) har iranske røter og har sjølv engasjert seg sterkt i saka. Heilt sidan dødsfallet har Gharahkhani fleire gonger tatt til sosiale medier for å vise støtte til dei iranske demonstrantane. «Jeg er født i Teheran. Norge er mitt land. Hver eneste dag er jeg takknemlig for at jeg lever i et land som er bygd på demokrati, frihet, menneskerettigheter og ytringsfrihet. Det er de samme verdiene unge mennesker kjemper for i Iran. Om mine foreldre ikke tok det valget i å flykte i 1987, ville jeg vært en av dem som kjemper med livet i gatene», skreiv han på Twitter i helga.

Gharahkhanis engasjement har no ført til at Noregs ambassadør til Teheran har blitt kalla inn på teppet i det iranske utanriksdepartementet

—  Vårt Land

Han har òg laga ein video på persisk som har blitt spreidd på nettet — mellom anna av BBC.

Gharahkhanis engasjement har no ført til at Noregs ambassadør til Teheran har blitt kalla inn på teppet i det iranske utanriksdepartementet. Særleg diplomatisk var nok ikkje utspelet frå stortingspresidenten. Sjølv om han ikkje sit i regjering, er han formelt den høgaste politiske leiaren i Norge, og har rang som nummer to etter Kongen.

Likevel er det nesten utelukkande positivt at den norske stortingspresidenten — ein av få politiske leiarar i Vesten med iransk bakgrunn — nyttar posisjonen sin til å støtte demonstrantane på ein førebileteleg måte.

Betydning

Det iranske presteregimet er eit brutalt, utdatert politisk system som framleis held moralsk kontroll over heile samfunnet med moralpoliti, dødsstraff og andre autoritære straffemetodar. Regimet fortener all mogleg kritikk. Regimet manglar i stor grad legitimitet i eigen befolkning, men brukar vald og straff for å halde folket i sjakk. Særleg hardt går det utover kvinnene.

Det er derfor frigjerande med ein politisk leiar i Vesten som behandlar regimet som det brutale, omsynslause diktaturet det er.

For demonstrantane i Irans gater kan støtta frå ein maktperson som Gharahkhani ha avgjerande betydning for kampen dei kjempar.


Les mer om mer disse temaene:

Vårt Land

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Leder