Leder

Ja til «gullkortet»

Det er ikkje eit problem at mange har fri tilgang til Stortinget. Problemet er at nasjonalforsamlinga ikkje ope registrerer kven som er der for å påverke mot betaling.

Dette er ein leiar. Leiaren gir uttrykk for Vårt Lands syn. Sjefredaktør og politisk redaktør har ansvar for innhaldet.

Å vere stortingsrepresentant er ikkje ein jobb som andre jobbar. Stortingsrepresentantane er ikkje tilsette, men folkevalde. Stortingsrepresentantane er ombod, og dei einaste sjefane deira er veljarane. Det er viktig å hugse på i debatten som har rast det siste året om privilegia som stortingsrepresentantane har.

For stortingsrepresentantane gjeld òg unntak frå det arbeidslivet dei fleste av oss er del av: Dei har verken rett til ferie eller dei vanlege rettane frå arbeidsmiljølova. Å vere stortingsrepresentant er eit verv ein har 24 timar i døgnet, året rundt. Stortingsrepresentantane kan heller ikkje streike.

Ei særordning i seg sjølv

Det er derfor misvisande å snakke om særordningar for stortingsrepresentantar, all den tid heile vervet som stortingsrepresentant er ei særordning. Å samanlikne representantane med vanlege arbeidstakarar gir derfor lite meining. I debatten om ordningane for stortingsrepresentantane er det derfor viktig at vi ikkje skyl barnet ut med badevatnet, eller rettare sagt: Pensjonistane.

Stortinget bør snarast mogleg få på plass eit lobbyregister, men dei bør ikkje kutte tilgangen til dei som har tent som folkets ombod i årevis. Snarare burde fleire få tilgang

—  Vårt Land

No går føre seg debatten om det fleire medium omtalar som «gullkortet» som avtroppande stortingsrepresentantar får, ved at dei får tilgang til stortingsbygningen resten av livet. I utgangspunktet er det ei fin ordning at dei som har tent som ombod for veljarane på Stortinget kan møte dei som sit der i dag, utan å måtte avtale eller registrere seg i resepsjonen. Det gir kontinuitet og erfaringsutveksling.

Likevel er det fleire tidlegare representantar som nyttar ordninga for å påverke mot betaling frå ulike interesser.

Fleire bør få tilgang

Eigentleg burde fleire hatt fri tilgang til Stortinget, til dømes organisasjonar eller vanlege folk. I dag er omsyn til tryggleik vekta for høgt, som medfører at tilgangen til Stortinget er avgrensa for store delar av folket. Stortinget burde vore ope for fleire. Fleire kunne møttest uformelt i korridorane. Dessverre vil stunt som det Extinction Rebellion gjorde førre veke, då dei gjennomførte ein aksjon frå galleriet i stortingssalen, sannsynlegvis gjere tilgangen endå vanskelegare for folk.

Problemet er at Stortinget i dag ikkje registrerer kven som er innom for å påverke representantane mot betaling. I dei fleste land vi kan samanlikne oss med, finst det opne lobbyregister som gjer påverkinga meir gjennomsiktig for veljarane.

Stortinget bør snarast mogleg få på plass eit lobbyregister, men dei bør ikkje kutte tilgangen til dei som har tent som folkets ombod i årevis. Snarare burde fleire få tilgang.


Les mer om mer disse temaene:

Vårt Land

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Leder