Eit meir forsvarleg barnevern

Kommunar som sviktar på barnevernsfeltet må tole meir statleg kontroll. Eit nytt initativ frå SOS-barnebyer bør få støtte.

Publisert Sist oppdatert

Dette er ein leiar. Leiaren gir uttrykk for Vårt Lands syn. Sjefredaktør og politisk redaktør har ansvar for innhaldet.

Av 52 barnevernstenester, bryt 47 lova. Det kom nyleg fram i ei landsomfattande gransking utført av Helsetilsynet. 9 av 10 kommunar det er ført tilsyn med, undersøker ikkje bekymringsmeldingar godt nok. No føreslår SOS-barnebyer at kommunane som sviktar borna som er utsett for vald, omsorgssvikt eller andre overgrep, må komme under statleg kontroll.

I dag er det stor variasjon i kva grad kommunane grip tak i utfordringane på barnevernsfeltet. Det fører òg til variasjon i kvaliteten på hjelpa dei borna som treng hjelp, får. På mange område går staten inn for å styre kommunar som ikkje oppfyller kvalitetskrav.

Robek-liste for barnevern

I dag finst det til dømes eit statleg register over kommunar og fylkeskommunar i økonomisk ubalanse, den såkalla Robek-lista. Kommunar som er på denne lista kan berre gjere økonomiske prioriteringar som er godkjend av staten.

SOS-barnebyer foreslår no at kommunar som ikkje driv forsvarlege barnevernstenester, må tole den same statlege overstyringa. Det er eit godt forslag.

Initiativet frå SOS-barnebyer bør bli møtt med eit ope sinn av politikarane på Stortinget, i regjeringa og i landets kommunar

Vårt Land

Det er spesielt to grunnar til det. Den første handlar om tilliten til barnevernet, og den andre handlar om barns beste.

Dersom born og foreldre skal stole på at barnevernet rundt om kring i kommunane gjer jobben sin, er det avgjerande at kvaliteten ikkje har så stor variasjon mellom kommunane som i dag. Dei siste åra har det vore mykje kritikk mot kvaliteten på det norske barnevernet. Fleire skakande saker har komme til overflata, som viser at kommunar og barnevernstenester landet rundt burde tatt ansvaret på større alvor.

Eit positivt forslag

Alle barn som skal få hjelp av barnevernet, bør få den hjelpa. Viss kvaliteten på barnevernstenesta i ein kommune er grunnen til at barn med rett på hjelp, ikkje får tilstrekkeleg hjelp, kan det skade resten av livet til barnet. Det er ein stor kostnad for enkeltmennesket, men òg noko vi ikkje kan tillate som storsamfunn.

Initiativet frå SOS-barnebyer bør bli møtt med eit ope sinn av politikarane på Stortinget, i regjeringa og i landets kommunar. Alt som kan gjere situasjonen betre for born som treng hjelp av barnevernet, er ei positiv utvikling.