Leder

Sperregrensa bør senkast

Den beste måten å ta vare på det norske demokratiet er å senke sperregrensa til 3 prosent.

Dette er en leder. Lederen gir uttrykk for Vårt Lands syn. Sjefredaktør og politisk redaktør har ansvar for innholdet.

Førre veke skreiv Vårt Land om korleis 300.000 stemmer kan gå tapt dersom Venstre, MDG, KrF og Raudt ikkje kjem seg over sperregrensa på 4 prosent oppslutning. Saka viser at vi med dagens valordning ved valet kan hamne i ein situasjon der nesten kvar sjette veljar risikerer å meir eller mindre kaste bort stemma si.

Dersom dei fire nemnde partia bryt sperregrensa ved valet, vil desse stemmene utløyse såkalla utjamningsmandat. Det er berre partia som kjem over sperregrensa som får ta del i potten på 19 utjamningsmandat. Funksjonen til desse utjamningsmandata er å jamne ut forskjellen mellom kor mange veljarar som står bak kvar representant på Stortinget.

Det er grunn til å merke seg orda frå jusprofessor og medlem av vallovutvalet, Eirik Holmøyvik, som omtalar situasjonen der så mange veljarar tapar stemma si, for eit demokratisk problem.

Lytt til vallovutvalet

Vallovutvalet har føreslått å senke sperregrensa til 3 prosent. Det forslaget bør lyttast til, fordi mykje talar for at sperrergrensa bør senkast.

Vallovutvalet har gjort grundige vurderingar av korleis valsystemet kan betre forholdet mellom representasjon og stemmer, og har dermed landa ned på at ei sperregrense på 3 prosent vil vere mest hensiktsmessig.

—  Vårt Land på lederplass

For det første handlar det om representasjon. Dersom vi risikerer at 300.000 stemmer blir kasta bort i haustens val fordi sperregrensa er på 4 prosent, er det eit steg i feil retning i ei tid der politisk representasjon har vorte eit viktigare stridsspørsmål enn på lenge. Dersom systemet bidreg til at færre føler seg representert, er det systemet som må endrast.

For det andre er det mange land som har særs velfungerande system med lågare sperregrense enn den vi har i Norge. Ingen vil hevde at Nederland er spesielt mindre styringsdyktig enn Norge sjølv om Nederland manglar sperregrense i sitt politiske system. I Norge har vi politikarar som veit å finne fram til styringsdyktige fleirtal, både med store og små partigrupper på Stortinget.

3 prosent er best

Vallovutvalet har gjort grundige vurderingar av korleis valsystemet kan betre forholdet mellom representasjon og stemmer, og har dermed landa ned på at ei sperregrense på 3 prosent vil vere mest hensiktsmessig. Det er fordi sperregrensa har så mykje å sei for samsvaret mellom stemmer og representasjon for dei små partia.

Partimangfaldet i norsk politikk er sunt. Ettersom dei største partia har fått lågare oppslutning over tid, er det på tide å sikre at stemmene som hamnar hos dei små partia også fører til reell representasjon.



Les mer om mer disse temaene:

Vårt Land

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Leder