Nyheter

Over 300.000 stemmer kan gå tapt dersom ingen av desse kjem seg over sperregrensa

SPERREGRENSA: Fire parti risikerer å ikkje klare den magiske grensa på 4 prosent i årets val. Kva skjer dersom dei alle hamnar rett under?

— Når fire parti kjempar mot sperregrensa samstundes, så er det ein ny situasjon. Då må spørsmålet om sperregrensa bli aktualisert og problematisert i eit demokratisk perspektiv.

Det seier Eirik Holmøyvik, professor i juss ved Universitet i Bergen og medlem i det stortingsnedsette vallovutvalet. Han er kritisk til at vi med dagens valordning kan hamne i ein situasjon der nesten kvar sjette veljar risikerer å kaste bort stemma si.

Eirik Holmøyvik

Dårleg utteljing for småparti

Vårt Land har gjort ei utrekning basert på den siste meiningsmålinga vi har publisert, men med stemmene til dei fire minste partia omfordelt slik at dei får 3,9 prosent kvar. Om dette hadde vore valresultatet, ville småpartia til saman fått nesten dobbelt så mange stemmer som SV. Likevel er den samla utteljinga for dei fire partia berre 10 mandat. SV ville fått 16 mandat aleine.

Sjølv om dei fire småpartia tilsaman er nesten dobbelt så store som SV i dette dømet, endar dei med færre mandat.

Slik fungerer utjamningsmandat

For dei som ikkje kan den norske vallova til fingerspissane, kjem det her ei litt forenkla forklaring av korleis utjamningsmandat fungerer:

I valet i haust kjem om lag 3 millionar veljarar til å stemme for å sende 169 representantar til Stortinget. Delar vi talet stemmer på talet representantar, så tilseier det at det trengst om lag 17 750 stemmer for å kome på Stortinget. Men så enkelt er det ikkje.

For å komme inn på Stortinget må eit parti i utgangspunktet vinne mandat i eitt av dei 19 valdistrikta i landet (sjå faktaboks). Om eitt parti hadde nesten alle stemmene sine i berre eitt distrikt, så kunne 17.750 stemmer vore nok til å vinne mandat i dei fleste valdistrikta.

I praksis har partia stemmene sine fordelt over heile landet. Dessutan har mange av distrikta så få mandat at berre dei største partia har sjanse til å vinne dei. Derfor er det vanskeleg for små parti å komme på Stortinget denne måten. I valet i 2017 hadde til dømes MDG 95.000 stemmer. Likevel fekk dei berre eitt mandat på Stortinget.

Kjem partiet derimot over sperregrensa på 4 prosent, så får det del i ein pott med 19 utjamningsmandat. Funksjonen til desse ekstra mandata er å jamne ut ulikskapar mellom kor mange veljarar som står bak kvar representant på Stortinget.

I 2017 fekk til dømes KrF 123.000 stemmer. Dette var nok til å vinne berre tre representantar direkte frå distrikta. Men fordi KrF med dette fekk ein oppslutnad på 4,2 %, så fekk dei i tillegg 5 utjamningsmandat, og enda med 8 på Stortinget totalt.

---

Valdistrikt

  • I Noreg har vi 19 valdistrikt ved stortingsval. Desse svarar til dei gamle fylka.
  • Storleiken varierer frå 54.000 veljarar i Finnmark, til 460.000 i Oslo. Talet på direktevalde mandat varierer frå 3 i Sogn og Fjordane og Aust-Agder, til 19 i Oslo.
  • På grunn av dette varierer også den prosentvise oppslutnaden som må til for å vinne eit mandat i dei ulike distrikta.
  • I Oslo kan det vere mogleg å vinne mandat med rundt 5 prosent av stemmene i distriktet. I dei to minste distrikta kan det i ytste konsekvens vere naudsynt å få over 20 prosent av stemmene for å vinne eitt at dei tre tilgjengelege mandata.

---

Det minst representative Stortinget på lenge

Dersom valresultatet endar slik som vi legg til grunn i vårt reknestykke — altså at fire parti får 3,9 prosent kvar, og til saman 10 direkte mandat frå distrikta — så vil det få store konsekvensar. Rundt 300.000 stemmer som elles kunne gått til utjamning, får då inga innverknad på valresultatet.

— Vi kan få det minst representative Stortinget på svært mange år. Det er eit demokratisk problem dersom så mange veljarar i realiteten taper stemma si, seier Holmøyvik.

Styringsdyktigheit er ikkje eit argument

Vallovutvalet som Holmøyvik sit i har foreslått å senke sperregrensa til 3 prosent, for å gjere Stortinget meir representativt. Argumentet mot å gjere dette er at ei lågare sperregrense vil gje fleire små partigrupper på Stortinget, og dermed også gjere det vanskelegare å sette saman eit styringsdyktig fleirtal. Dette argumentet kjøper ikkje Holmøyvik.

— Om målet er meir styringsdyktigheit til regjeringa, så finst det mange andre alternativ ein kan ty til. Ein kan til dømes gje regjeringa makt til å skrive ut nyval, slik dei kan i mange andre land. Ein kan også regulere Stortinget si moglegheit til å instruere regjeringa.

Han peikar også på at mange land har lågare sperregrense enn Noreg, utan at dei er mindre styringsdyktige enn vi er, av den grunn. I Nederland er det til dømes inga sperregrense i det heile tatt.

— Det er likevel eit særs velfungerande system, påpeikar Holmøyvik.


Les mer om mer disse temaene:

Hans Andreas Starheim

Hans Andreas Starheim

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Nyheter