Kampen om kriteria

Denne veka fekk Forfatterforbundet rett til å forhandle på vegne av sine medlemmar i fordelinga av bibliotekvederlaget. Det går til kjernen av kven som kan kalle seg forfattar i Noreg.

Publisert Sist oppdatert

Forfatterforbundet kom på plass etter misnøye med Den norske Forfatterforeningens (DnF) litterære krav til medlemskap. Medlemskapsdebatten i DnF har ei lang historie. Endringar er allereie blitt gjort. Før måtte ein ha skrive to verk av litterær verdi for å bli tatt opp som medlem. No er det nok å ha «skrevet og offentliggjort verker, hvorav minst ett av litterær verdi», som det står i vedtektene.

Konflikten om medlemskap

Det er her mykje av konflikten og kimen til oppstarten av Forfatterforbundet ligg. Ein kan seie at Forfatterforbundet har for lause kriterium for medlemskap. Men DnF vil vurdere den litterære kvaliteten ved forfattarens verk for å avgjere om ho eller han kan bli medlem. Vurderinga blir gjort at Det litterære råd, som er ni forfattarar valt av DnFs medlemmar.

Det er muleg å søkje på stipend utan å vere medlem, men tala viser at det oftast er medlemmar i DnF som får stipenda. Truleg heng det saman med at storparten av forfattarane i Noreg i dag er medlem av DnF. Medlemskap i seg sjølv blir ikkje vurdert ved stipendutdelinga. Likevel er det blitt stilt spørsmål ved om medlemmar i DnF vert forfordelt. Forfatterforbundet har også peikt på dette som ein av grunnane til at dei såg seg nøydde til å starte si eiga foreining, for å få tilgang til vederlagsmidlane for forfattarar som ikkje vert opptekne i DnF.

Ein kan spørje seg om det har vore nødvendig med så strenge kriterium for å kunne bli medlem i DnF.

Nye kriterium

Kvifor har det da vore kriterium for medlemskap?

Forfattar er ikkje ein beskytta tittel, og det er behov for nokre avgrensingar. Men det er mange måtar å løyse dette på. Skrivande, hardt arbeidande forfattarar, som det no finns mange av i Forfatterforbundet, hadde det vore naturleg å ta opp i DnF. Rett og slett fordi dei utan tvil er forfattarar. Så kan ein like eller ikkje like bøkene deira. Har opptakskriteria til DnF vore for subjektive? Hadde det vore betre med eit sett meir formelle reglar?

For burde ikkje Det litterære rådet råde over stipend, og ikkje medlemskap? Fordi DnF har insistert på det siste, kan dei no miste ein del av makta over det første.

Unødvendig

Kanskje var det unødvendig at behovet for ein konkurrent som Forfatterforbundet oppstod.Burde DnF og medlemmane der snudd seg raskare og opna opp for at forfattarane som udiskutabelt er seriøse forfattarar, uavhengig av subjektiv kvalitet, kunne meldt seg inn i DnF?

At Forfatterforbundet har fått rett til å forhandle på vegne av sine medlemmar i fordelinga av bibliotekvederlaget, er eit teikn på dette.

Komplisert

Men prosessen som no er starta er komplisert og lang. Og det er verdt å merke seg at det ikkje er snakk om at det er blitt fleire forfattarar eller fleire pengar. Den økonomiske potten er den same. Når det kjem til utdeling av stipend, som storparten av pengane frå bibliotekvederlaget blir brukt til, vil det alltid vere ei viss form for usemje.

Men eg trur det òg er ei stor semje om at det blir gjort på ein god måte. Finnes det nokon i Noreg som har betre oversikt over samtidslitteraturen enn dei 9 medlemmane i Det litterære råd, som er ansvarleg for utdelinga av DnFs stipendmidlar og har ein rådgjevande funksjon på dei statlege stipenda? Truleg ikkje. Og truleg er det ingen som les fleire bøker enn dei.

Vi håper at Forfatterforbundet vil vere like gode som DnF til å arbeide for å trygge dei økonomiske rammevilkåra for forfattarar i landet vårt.

Lars Petter Sveen er medlem av Den norske Forfatterforeningen.