Kommentar

Jon Hellesnes fyller 80 år

Han kombinerer impulsar frå både klassisk og moderne filosofi med vitsar og folkelege soger. God filosofi har med kvardagsliv å gjera, skriv Jan Inge Sørbø om jubilanten.

Dette er en kommentar. Den gir uttrykk for skribentens analyser og meninger.

Jon Hellesnes har fylt rolla som filosof og forfattar på ein heilt personleg måte, med ein kombinasjon av fagfilosofi, essayistikk, dikting og politikk. Og han er truleg nokså åleine mellom fagfilosofane om å skriva både romanar og politiske thrillarar. Mandag fyller han 80 år.

Hellesnes er ein uvanleg flittig skribent. Utanom dei reint fagfilosofiske artiklane og avhandlingane, står han bak eit drygt 20-tals bøker. Han byrja med breiare gjennomgangar av emne som filosofi og pedagogikk, men kom etter kvart til å interessera seg meir og meir for essayet; skriftstykket der fagkunnskapen blir person prega og utforma gjennom ei reise, bokstavleg eller symbolsk, gjennom stoffet. Ein inspirasjon til dette fann Hellesnes i Basar-redaksjonen, der han møtte folk som Georg Johannesen og Kjartan Fløgstad, og der essayet vart drøfta og praktisert.

Livssynsberserk

I innleiinga til eit utval Skjervheim-essay, stiller han (og Gunnar Skirbekk) spørsmålet «kva er det som er så eineståande med essaya til Hans Skjervheim»? Det er eit spørsmål som like godt kan stillast til Hellesnes. Og eit svar kan vera dette: Han er truleg den einaste som kombinerer impulsar frå både klassisk og moderne filosofi med førebilete som Per Sivles Vossa-stubbar, vitsar og folkelege soger. Difor har han også skapt ord og omgrep som ingen andre; fundamentalisten blir hos Hellesnes ein «livssynsberserk», bullshit-produsenten ein «sutlepratar» og irrasjonalismen ein «mystagog».

Då Hellesnes skulle introdusera det massive hovudverket til Jürgen Habermas (som nyleg fylte 90), skreiv han ein artikkel i Syn og Segn med tittelen «Den galne grisen hans Lars Liabø og dei tre verdene hans Jürgen Habermas». Han forklarer den omfattande kommunikasjonsteorien til Habermas med ei passeleg burlesk soge frå eit vestnorsk bygdetun: Grisen hans Lars blir galen, jagar odelsguten opp på taket og kjerringa opp i eit tre, og bonden sjølv rømer til naboen Sture Sutle for å be om hjelp. Når han kjem styrtande inn på tunet og kortpusta fortel om dramatikken, må Sture velja: Vil han tru på Lars? Har han ei plikt til å hjelpa han? Det er dette Habermas skriv om: kriterier for sanning og rett. Samanstillinga av tysk filosofi med grisen, Sture Sutle og den moralsk frynsete Sjur-Olina-Guri er eit tilsikta grep. God filosofi har med kvardagsliv å gjera, og abstrakte omgrep kan ein både bruka og smila av.

To retningar

Jon Hellesnes vaks opp på Sandane og flytte til Voss i gymnasalder. Han studerte filosofi i Bergen og tok magistergraden i 1966. Der fekk han jobb året etter. Han orienterte seg i to retningar; både den tyske, fenomenologiske retninga frå Husserl og den engelske språkfilosofien, og han har hatt gjesteopphald både ved tyske og amerikanske universitet. I 1972 vart han tilsett ved universitetet i Tromsø, der han vart professor i 1979, og arbeidde til han gjekk av i 2007. Han var professor II ved Høgskulen i Volda i 2006-7.

Hellesnes har brukt filosofifaget til å forstå og kritisera samfunn og samtid. Han har engasjert seg i etiske spørsmål i helsevesenet, og særleg peika på det farlege i å setja seg heilt urealistiske mål for sosialpolitikken. Dei som har lova å oppheva menneskeleg liding, kan fort enda med å gjera ende på dei lidande på brutalt vis; dette kallar han den sosialhygieniske tenkemåten. Hellesnes tek innover seg at ikkje alt kan løysast politisk. Men han kritiserer også politikken; den nyaste boka (NATO-komplekset) handlar om vestlege omskrivingar av at ein har starta opp ein ny kald krig, bygd på løgner og lovnadsbrot. Her brukar han mellom anna «bullshit-filosofien» til Harry G. Franfurt, som hevdar at løgn er blitt erstatta med «bullshit», som er eit utanomsnakk som vil oppheva skiljet mellom sant og falsk. Hellesnes kallar det sutleprat, og ein av dei verste og mektigaste sutlepratarane, er Jens Stoltenberg, som står for ein aggressiv kaldkrigs-politikk, som han kombinerer med eit vennleg psykiatri-aktig image: hans doble oppgåve er å rusta opp og roa dei nervesvake.

Inngrep i samtida

Forfattarskapen til Hellesnes byrjar med faglege arbeid, der han kritiserer teknologiske modellar for pedagogisk arbeid. Seinare utviklar hans essayet, både som inngrep i samtida, og i ei rekkje presise portrett av viktige filosofar, frå antikkens stoikarar via Descartes og Nietzsche til Hans Skjervheim. Men også romanformatet freista han, og på 1980-talet kom Carolus, Klovnen og Den postmoderne anstalten. Og etter han vart pensjonert har han gjeve ut to thrillarar under pseudonymet Alexander Wilken, som handlar om farlege tendensar innan medisin og forsvarspolitikk.

Filosofi kan vera både krevjande og stundom trøyttande. Tekstane frå Jon Hellesnes er ingen av delane; dei er provokative, oppfinnsomme og stundom sterkt underhaldande. Det er noko eineståande ved skriftene til Jon Hellesnes.

LES OGSÅ:

Les mer om mer disse temaene:

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Kommentar