Bøker

Den store åndskampen

Donald Trump sett ord på det fleire og fleire tenkjer på.

Vi står midt i ein stor åndskamp. Kristne familiar blir motarbeidd av styresmakter, sosialdemokratiske og sosialistiske parti bruker staten til å undergrave den kristne arven, og venstrevridde media er ikkje til stole på.

Nei, da, alt eg har skrive hittil er berre tull.

Eller er det verkeleg det?

Sant eller usant?

Denne veka kom boka 25 konspirasjoner å snakke om i lunsjen, skrive av Bjørn-Henning Ødegaard og Fredrik Sjaastad Næss, som òg står bak podkasten Konspirasjonspodden. Boka tek for seg populære og kjente konspirasjonsteoriar, mens forfattarane diskuterer kva som mest sannsynleg er sant og ikkje sant.

Det er artig lesing, men det er òg problematisk. Det som for meg er ein spøk, er for vennen min ein flik av sanning. Eit forord eller eit etterord der Ødegaard og Sjaastad Næss forklarte prosjektet sitt, og i større grad reflekterte over kor viktig, og skadelege, konspirasjonsteoriar er blitt, hadde vore på sin plass.

LEST DENNE? I anmeldelsene av Dag Solstads nye roman har de fleste hoppet over halve boka for å slippe brysomme spørsmål om Guds eksistens

Fake news!

For konspirasjonsteoriar florerer. Det har ein nær samanheng med samanbrotet av dei tradisjonelle media. Autoriteten til dei store avishusa har svunne hen. Fleire og fleire av oss les nyheiter via sosiale medium og tilfeldige søk på internett. Kva vi kan stole på, er ikkje lenger så sikkert.

Og i sentrum av verdsmakta sit ein amerikansk president som blir klaga for så mykje, at det er vanskeleg å vite kva ein skal tru på. Sjølv svarar Trump at han blir utsett for heksejakt, at det er «fake news», mens han kastar om seg med konspirasjonsteoriar i aust og vest. Å knise av konspirasjonsteoriar, eller slenge dei fram over bordet i lunsjen, er ikkje lenger så uskuldig når den demokratiske leiaren for Vestens stormakt baserer politikk på slike tankar.

Dei siste tider

I kristne kretsar er konspirasjonsteoriar ikkje noko nytt. Å lese Da Vinci-koden av Dan Brown er å dykke ned i mykje av det som har florert opp gjennom historia, og du kjem nok ikkje særleg smartare opp av den søppelkorga. Men det er verdt å spørje seg kvifor konspirasjonsteoriar har så god jord i visse kristne miljø.

Sivilingeniør og forfattar Bjørn Are Davidsen har tidlegare i Vårt Land peikt på at ønsket om å finne meining og samanheng er viktig for at konspirasjonsteoriar skal bli omfamna.

– For kristne handlar nok mykje om å bli styrka i eigen tru, kanskje spesielt førestillinga om at vi lev i «dei siste tider». Teoriane gir nokre skikkelege aha–opplevingar, dei gir meining i det som ser ut som overraskande samantreff i verda, forklarer kva som eigentleg skjer, og stadfestar at ein sjølv står på den gode sida i kampen mot det vonde.

Snowdens versjon

Konspirasjonsteoriar blir ikkje borte, og kanskje er ei bok som 25 konspirasjonar å snakke om i lunsjen eit godt grep for å ufarleggjere dei.

Men kvifor er vi alle så interessert i det som kan vere sant, når røynda knapt er til å tru på?

I dag melder vi Systemfeil, sjølvbiografien til varslaren Edward Snowden. Der Trump strør om seg med farlege historier utan rot i røynda, lever Snowden i eksil for å ha vist fram korleis ekte sanning ser ut.

LES BOKANMELDELSE: Varsleren Edward Snowden måtte betale dyrt når han avslørte masseovervåkning som angår både deg og meg

Les mer om mer disse temaene:

Lars Petter Sveen

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Bøker