Kommentar

Dronning Sylvi av Norge

Kjernen i Frp-leiarens store forvandling er sjølvdisiplin. Ho skal ha æra for at partiet ikkje har måtte tole ein verre Trump-effekt.

Dette er en kommentar. Den gir uttrykk for skribentens analyser og meninger.

Internt i Framstegspartiet var fleire urolege for at partiet trefte formtoppen litt tidleg. Denne helga er partiet samla til landsmøtehelg i eit av dei sjellause hotella på Gardermoen. Fasiten er at partiet trefte formtoppen i desember 2024 – nesten heilt samstundes med at Jonas Gahr Støre og Arbeidarpartiet trefte botn. Frp var i snitt over 25 prosent. Status for april vart 20 blank. Sjølv om tendensen er synkande, er partiet framleis i snitt større enn Høgre.

At partiet i desse intense månadane sidan Trump kom inn i Det kvite hus, ikkje har sunke meir, er det partileiaren sjølv som skal ha æra for.

Listhaugs meisterlege Trump-handtering

Sylvi Listhaugs forandring har vore dissekert ned til minste del av kommentatorar og forståsegpåarar, men akkurat dynamikken mellom Listhaug og Trump har vore oversett.

Observasjonen er enkelt nok at Sylvi Listhaugs prosjekt er det som i Norge har likna mest på Trumps prosjekt. Der Trump og Musk har ville kutta i offentlege utgifter og byråkrati, har Listhaug sagt det same, om enn i ei meir norsk og moderat form. Der den amerikanske presidenten har vore så hardhendt i innvandrings- og asylpolitikken at USA risikerer å måtte svare for seg i internasjonale domstolar, har Listhaug vore tøffast i klassen her heime.

Urokråker og udisiplinerte utspel har det dermed blitt mindre av. Frp har byrja å oppføre seg meir og meir som eit parti som kan styre landet. Det må til og med motstandarane av Frp anerkjenne

I alle fall var det slik inntil eit visst punkt.

For det skjedde noko med folks mentalitet i januar 2025. Det merka til dømes Jonas Gahr Støre. Det gjekk opp for folk at Trumps krakilske utspelsmaskin også skulle gjennomføre politikk. Brått var store, viktige spørsmål i rørsle. Kva ville skje på Grønland? Ville det bli tollkrig? Kor mange norske arbeidsplassar ville det koste?

Mykje tyder på at også Sylvi Listhaug var særs godt førebudd på det som skjedde. Sjølv om politiske motstandarar prøvde å klistre henne til Trump, klarte Listhaug å rive seg laus.

Forskjellen mellom 2022-Raudt og 2025-Frp

Med utviklinga i USA kunne Listhaug og Framstegspartiet vald å henge seg på bølga av innvandringskritikk, anti-byråkrati, ei Russland-venleg linje og andre av stemningane Trump og Musk har nøra oppunder. Fleire av desse strøymingane er jo til stades også i Norge.

Det interessante har vore å observere at Listhaug heller enn å skru opp lydvolumet sitt, har skrudd ned. Ho har i fleire konkrete utspel markert avstand til tankesettet den amerikanske presidenten og hans teknologibaronar representerer. Som då ho kalla hans utsegner om krigen i Ukraina for «reinspikka løgn» i februar.

Ein del av Listhaugs suksess har vore at ho har klart å oppføre seg meir og meir som ein kongeleg: Ho har heva seg over dei smålege utspela i daglegpolitikken, sagt lite om kontroversielle tema og tatt for seg dei store linjene

Det vitnar om at Listhaugs ambisjon er større enn det tidlegare Frp-leiarar har hatt. Ho vil openbert bygge eit breiare folkeparti som stadig fleire og uventa mange menneske kan tenke seg å stemme på. Ho veit openbert godt at i Norge går ikkje Trump heim i dei breie lag.

Slik har Sylvi Listhaug klart å komme seg unna det ytterpartiet på motsett side av streken, vart ramma av i 2022. Tidlegare partileiar Bjørnar Moxnes og Raudt fekk kjenne konsekvensane av at dei då krigen braut ut i Ukraina i altfor liten grad klarte å markere avstand til eit sært og altfor Russland-venleg syn på konflikten. Sjølv om krefter som Mimir Kristjansson og andre i Moxnes-prosjektet på nesten desperat vis prøvde å overtyde folk om at Raudt var like opprørt over krigen som alle andre, så overtydde det ikkje veljarane.

Dronning Silvija og dronning Sylvia

Noko av det som har skjedd i lukka rom i Framstegspartiet, er at Listhaug har tatt sterkare kontroll og meir grep om kva profil partiet skal ha i det offentlege rom. Urokråker og udisiplinerte utspel har det dermed blitt mindre av. Frp har byrja å oppføre seg meir og meir som eit parti som kan styre landet. Det må til og med motstandarane av Frp anerkjenne. I Raudt tok den oppryddinga så lang tid at partiet aldri fann tilbake til høgden dei hadde etter 2021-valet.

Ein del av Listhaugs suksess har vore at ho har klart å oppføre seg meir og meir som ein kongeleg: Ho har heva seg over dei smålege utspela i daglegpolitikken, sagt lite om kontroversielle tema og tatt for seg dei store linjene. Ho har dermed fått stadig meir til felles med (nesten)-namnesystera ved den svenske trona.

Det er også litt av forklaringa på at Listhaug på effektivt og imponerande vis har utmanøvrert Erna Solberg som hovudmotstandar for Jonas Gahr Større. Listhaug har i fleire tilfelle oppført seg som ein større politikar, og fleire av dei som tidlegare var særs skeptiske til henne, har kanskje byrja å førestille seg korleis det ville vore å ha henne som statsminister.

For ein Frp-leiar er det ingen dårleg posisjon å ha mindre enn eit halvt år før stortingsvalet.




Emil André Erstad

Emil André Erstad

Emil André Erstad er kommentator i Vårt Land. Han skriv om norsk og internasjonal politikk. Han har tidlegare jobba i Den norske Helsingforskomité, har erfaring som rådgjevar på Stortinget og har utdanning i samanliknande politikk ved Universitetet i Bergen.

Vårt Land anbefaler

1

1

1

1

Mer fra: Kommentar