Karisma er avhengig av kontekst. Ein politisk leiar som i ein samanheng kan vere ekstremt populær og karismatisk, kan i ein heilt annan samanheng vere grå og usynleg. Berre spør Jonas Gahr Støre om hans overgang frå stjernediplomatiet til kvardagspolitikken.
I lys av denne enkle innsikta er det interessant å studere Erna Solbergs reise i norsk politikk.
I 1999, då det norske heavy-metalbandet Black Debbath gav ut singelen Det er problemer innad i Høyre, gav låtens tittel meining og gjenklang. Den spela på korleis partiet var i konstant opprør mot eigne leiarar og i strid med seg sjølv. Det var i forlenginga av denne turbulente tida i partiet at Erna Solberg steig til makta, då ho vart partileiar i 2004.
Jerndisiplinen i Høgre
Dei første åra var prega av det same spetakkelet som gav næring til Black Debbaths tittel. Så pressa var Solberg at ho før valet i 2007 erklærte at ho ville trekke seg som partileiar, dersom partiet mista oppslutning i kommune- og fylkestingsvalet. Mange har gløymt korleis debatten om Solbergs leiarskap – til dømes om Høgre skulle gå til val med Per-Kristian Foss som statsministerkandidat – vara heilt fram til landsmøtet i mai 2009.
Historia etterpå hugsar alle, om korleis den tidlegare kommunalministeren Jern-Erna vart omforma til landsmoderskikkelsen Erna Solberg. Sidan 2013 har problem innad i Høgre vore like eksotisk som ein KrF-ar på nachspiel – det finst eksempel på at det har skjedd, men ikkje blant dei mektigaste i partiet.
På paradoksalt vis kan Listhaug ende opp som den som reddar Støre som statsministerkandidat og øydelegg for Høgres prosjekt
Ein del av suksessformelen var Solbergs rolle som statsministerkandidat og samlande figur på borgarleg side. KrF, Venstre og Frp kunne skrike og skråle, medan Solberg var roa sjølv og la sine vernande armar kring bråkebøttene. Høgre var det rause, store og statsberande partiet som kjempa om å ta plassen til Arbeidarpartiet som det viktigaste partiet i norsk politikk.
Heller ikkje Finnes-saka klarte å skrape hol i det belegget av teflon som Erna Solberg etter kvart var smurt inn med. I partiet var mange opprørte, men det nådde i liten grad overflata. Samanlikna med den interne kritikken i Arbeidarpartiet mot Jonas Gahr Støre, har det vore musestille i Høgre sidan saka sprakk.
Alle har forstått at bråk og uro vil gje dårlegare målingar og dermed mindre makt. Alle som har fått posisjonar på oppturen, har sett seg tent med den strenge partidisiplinen.
Frp større enn Høgre
Før jul var Minerva-redaktør Nils August Andresen gjest i NRKs Politisk kvarter. Sendinga drukna litt i det interne Ap-opprøret mot Støre, og fekk dermed for lite merksemd. Spørsmålet var om Erna-stjerna falma. Høgre fall jamt på meiningsmålinga, medan Frp fossa fram. Andresen skreiv i ein kommentar på Minerva at alarmen burde ha gått for lengst i Høgres hus. I sendinga sa han at det er dramatisk for Høgre at partiet ikkje kan ta for gitt at Norges neste statsminister heiter Erna Solberg. Mange internt i Høgre skal ha tatt for gitt at Listhaug aldri ville bli tatt på alvor som statsministerkandidat.
Andresen sa i episoden at habilitetssaka som involverte Erna Solbergs ektemann, skada hennar stjernestatus, hennar posisjon som den suverene leiaren på borgarleg side. Internt skal Høgre-folk meine det er meir alvorleg enn dei gir uttrykk for eksternt at styrkeforholdet til Frp er i rask endring. Det er ikkje nok å sikre blåblått fleirtal om Høgre blir mindre enn Frp i det kommande stortingsvalet.
Høgre hadde inntil desember 2024 vore større enn Frp sidan mai 2010.
Sjølv om Politisk Kvarter-episoden med Andresen fekk lite merksemd i offentlegheita, fekk den tilsvarande mykje merksemd internt i Høgre. Det skal ha skapt uro i partiet at den respekterte, borgarlege redaktøren sa slikt høgt, ifølge ei rekke kjelder i partiet eg har snakka med. Det var eigna til å skape meir desperasjon, og dermed føre til at Høgre ville falle meir på målingane. Det å vise ansikt i ein slik situasjon, var i seg sjølv skadeleg for partiet, meinte desse. Dessutan tente det ikkje Høgre eller Erna Solberg at han minna folk på Finnes-saka.
Ukjent rolle for Solberg
Det kan ha noko med frykta for å hamne der Høgre har vore før. Ingen i partiet vil tilbake til situasjonen på slutten av 90-talet og tidleg på 2000-talet. Det er ein periode folk i Høgre minnest med nesten like mykje grøss som russarane minnest dei kaotiske tilstandane etter Sovjetunionens fall. Frykta er stor for at ein open debatt om strategi, partileiar eller andre grunnleggande spørsmål, vil kaste partiet ut i slike tilstandar.
Sidan Andresens besøk i Politisk Kvarter i desember, har det komme fleire målingar som har gjort at Sylvi Listhaug har festa grepet om rolla som statsministerkandidat. Med det må også Høgre og Solberg forlate posisjonen som samlande faktor på borgarleg side for å ta opp konkurransen frå høgre kant. Det er ei rolle vi knapt har sett Solberg i.
Slik kan Listhaug og Støre gi kvarandre næring framover. Høgres skrekkscenario er at Erna Solberg vil stå i skuggen av desse duellane, slik ho gjorde denne veka
Denne veka stilte Sylvi Listhaug i statsministerduell mot Jonas Gahr Støre – både i Stavanger og på NRKs Debatten. Erna Solberg var ikkje å sjå nokon av stadane.
Fleire har samanlikna Listhaugs suksess dei siste månadane med den veksten Trygve Slagsvold Vedum fekk før stortingsvalet i 2021.
Frp betre stilt enn Vedum i 2021
Det er meir interessant å sjå på forskjellane mellom Vedum og Listhaugs vekst.
Erna Solberg gjorde til dømes aldri Vedum til hovudmotstandar i 2021-valet, slik Støre har gjort med Listhaug. Det var ikkje statsministerduellar mellom Solberg og Vedum. Den gongen var det Støre, Vedum og Solberg.
Folk tett på Støre skal også ha lagt merke til kor mykje meir energi den sittande statsministeren får av å møte Listhaug til debatt, noko han også sjølv har sagt. I duellane med Solberg skal han derimot ha blitt tappa for energi.
Slik kan Listhaug og Støre gi kvarandre næring framover. Høgres skrekkscenario er at Erna Solberg vil stå i skuggen av desse duellane, slik ho gjorde denne veka.
Sjølv om folk på innsida av Frp reknar med ein viss korreksjon på målingane fram mot valdagen, er det greitt å minne om at Frp i 2009 enda med 22,9 prosent av veljarane. Høgre fekk 17,2 prosent. I den valkampen var det 13 duellar mellom Jens Stoltenberg og Siv Jensen, medan Solberg og Stoltenberg berre møttest ein gong.
Det som skjer gir dermed sterkare parallellar til 2009-valkampen enn til 2021.
På paradoksalt vis kan Listhaug ende opp som den som reddar Støre som statsministerkandidat og øydelegg for Høgres prosjekt.
Spørsmålet er om fleire i Høgre vil følge i Nils August Andresens fotspor og seie høgt at alarmen bør gå, eller om dei vil halde fram å halde roa – slik Kristin Clemet tok til orde for i starten av januar.