Kjersti Stenseng hadde visst i lengre tid at ho ville gje seg som partisekretær i Arbeidarpartiet, men valde å annonsere det søndag kveld, i eit intervju med NRK.
Det skjedde etter fleire veker med turbulens rundt partileiar Jonas Gahr Støre. Det skjedde på starten av veka der statsministeren skal halde sin oppsummerande pressekonferanse.
Det var nesten umogleg å ikkje lese det Stenseng sa inn i diskusjonen om Støres framtid.
Stenseng sa til dømes at «ti år i denne rollen er lenge».
Støre har til våren leia partiet i elleve.
Den avtroppande partisekretæren kunne vald andre ord, og må nok forstå konteksten orda blir lese inn i.
Trengs nye kostar
Stenseng fortalde også at ho trudde det ville vere bra for partiet med fornying, og at «nå trengs ny energi».
Frå kjeldene tett på Ap-leiinga, rundt både Støre og Stenseng, er det ingenting som tyder på at partisekretæren vart pressa til å trekke seg. Tvert om er det mest som tyder på at ho tok avgjerda sjølv. Ein del av vurderinga har handla om den elendige situasjonen partiet står i.
Bidrog Stensengs avgjerd dermed til å lette presset mot Støre? Eller var det tvert om slik at partisekretæren auka presset mot partileiaren? Det siste er meir sannsynleg enn det første.
Stenseng og fleire andre sentrale folk i og rundt partileiinga skal ha orientert Støre om alle desse nyansane, for å gje han eit betre grunnlag til å bestemme seg
Det viser til dømes sjølve relasjonen som partileiar Støre har hatt til partisekretær Stenseng.
I utgangspunktet skildrar kjeldene tett på dei to ein relasjon som har vore profesjonell og god. Dei to har kunne vere usamde og opne med kvarandre.
Fleire av kjeldene har også lagt til at Stenseng i aukande grad har kjend seg åleine i møte med partiorganisasjonen. Det har delvis handla om at Støres manglande fingerspitzgefuhl med folk på grasrota i partiet. Ein del av forklaringa har gått ut på at Støre ikkje sjølv gjekk gradane i medlems- og lokallagsdemokratiet då han fekk verv i partiet. Han gjorde rakettkarriere mot viktige verv som utanriksminister, helseminister, partileiar og statsminister. Det han gjekk glipp av på vegen, har gjort jobben som partileiar vanskelegare, hevdar desse kjeldene.
Sjef for partiorganisasjonen
Kjeldene fortel om ei oppleving av at Støre spesielt sidan 2021 har vore meir statsminister enn partileiar. På den måten har Stenseng stått utan ryggdekning i viktige organisatoriske og partimessige saker. Han skal ha gitt overordna klarsignal og avklaringar, men overlatt for mykje av fotjobben til Stenseng.
Det kan ha handla om å ta ein telefon til ein viktig fylkesleiar i krise eller å gjere andre delar av den usynlege jobben som ligg til oppdraget for ei partileiing.
Det er ikkje uvanleg at dynamikken mellom ein partileiar og partisekretær/generalsekretær har slik friksjon. Slike mikrokonfliktar har ofte gått igjen i fortellingane frå ulike politiske parti. Det har handla om at den som har vore sjef for partikontoret har hatt behov for drahjelp, ryggdekning og meir engasjement frå partileiaren, medan partileiaren ofte på si side har stått til knes i politiske saker å handtere.
Støre har derfor uttrykt oppriktig takksemd for innsatsen partisekretæren har gjort.
I all kritikken Stenseng har fått etter metoo, bråket i Trøndelag Ap og i partiets mange kriser, har ho faktisk spela ei undervurdert rolle som leiingas auger og øyrer på bakken, ute i organisasjonens krikar og krokar
Om det verkeleg er sant at Støre har forsømt den organisatoriske, partimessige delen av jobben, spesielt sidan 2021, så er det eit dermed typisk trekk ved ein partileiar. Sjølv om mange har gløymt det i dag, fekk også Jens Stoltenberg i si tid mykje kritikk for å lytte for lite til partiorganisasjonen.
Problemet for Støres del har vore at Arbeidarpartiet står i full intern konflikt. Noko som har vore tilfellet nesten heile hans leiartid. Det er vanskeleg å legge skulda for desse konfliktane på Støre eller Stenseng åleine, slik fleire har gjort. Det er likevel ikkje til å kome unna at det er desse to som har fått ansvaret for å rydde opp. Det har ingen av dei klart.
Fleire skal ha orientert Støre
Det tunge ansvaret for ein partiorganisasjon i krise, har spesielt Stenseng prøvd å ta etter beste evne. Ho har ikkje lukkast kvar gong, og fleire gonger openbert vore usamd med partileiaren i handtering. Det er nok også ein del av grunnen til at ho må ha kjend sterkt på behovet for sterkare støtte og meir reell innsikt i partiets indre liv frå partileiaren.
Det er også litt av dynamikken med å vere statsminister. På reise rundt i partiet vil ein som statsminister i større grad sjå folk frå smørsida si, medan partisekretæren kan vere adressat for reell frustrasjon og misnøye. Denne funksjonen har gjort Stenseng spesielt verdifull for Støre.
Midt i all kritikken Stenseng har fått for manglande leiing, handteringa av metoo, bråket i Trøndelag Ap og partiets mange kriser, har ho spela ei undervurdert rolle som leiingas auger og øyrer på bakken, ute i organisasjonens krikar og krokar. Heller ikkje ho har hatt full oversikt, og fått kritikk spesielt frå AUF og ein del av partiets kvinner. Trass i kritikken er det ingen grunn til å undervurdere rolla ho har spelt gjennom ti år. Det er derfor lite som tyder på at hennar avgjerd om å ikkje ta attval vil minske presset på Støre. Snarare tvert imot.
Dessutan fortel kjelder tett på partileiinga at Stenseng skal ha vore ein av fleire sentrale Ap-folk som i det siste har prøvd å realitetsorientere Jonas Gahr Støre om kva støtte han har rundt omkring i partiorganisasjonen.
Statusen i partiet er nok meir krevjande enn Støre har villa innrømme offentleg, men samstundes meir nyansert enn ein del av rapportane i ulike medier. Til dømes blir det fortald om at i fylkeslag der fylkesleiaren og fylkesstyret, som Trøndelag og Telemark, kor desse har pressa på for at Støre skal trekke seg, så har ofte fleire lenger bak i partiorganisasjonen støtta opp om partileiaren. Det er nesten ingen fylkeslag som er unisone i sitt syn på partileiarens vidare liv.
Stenseng og fleire andre sentrale folk i og rundt partileiinga skal ha orientert Støre om alle desse nyansane, for å gje han eit betre grunnlag til å bestemme seg. Det er ikkje sikkert den informasjonen vil gje statsministeren julefred.