Kommentar

Minoritetane tok Trump til valsiger

Dei kristne veljarane svikta ikkje Trump denne gongen heller. Tvert om, dei er meir entusiastiske enn nokon gong.

Dette er en kommentar. Den gir uttrykk for skribentens analyser og meninger.

Med det heile litt i bakspeglen er det interessant å sjå på kva det var som faktisk skjedde då Donald Trump tok ein ganske hendig siger i valet sist veke. Umiddelbart etter valet skreiv eg at valgkvelden utvikla seg om lag som ein kunne forvente, i og med at målingane var svært tette. Den konklusjonen ser ut til å stå seg – i stor grad enda valresultatet innafor feilmarginen av dei målingane vi har sett. Kanskje gjer Trump det noko betre nasjonalt enn målingane tok høgde for, men i dei gjennom-målte vippestatane kunne ein sjå konturane av at dette resultatet var ein moglegheit.

Det store temaet når vi ser på valresultatet er imidlertid at det er enorm rørsle i veljarmassen, også i delstatar der ein på førehand ikkje var i tvil om resultatet.

  • I raude Florida la Trump på sigersmarginen sin frå 2020 med over ti prosentpoeng.
  • I blå New Jersey og New York halverte Harris Biden sin margin frå 2020.
  • I Texas, ein delstat ein jamnleg fabulerer om at skal hamne innanfor rekkevidde for Det demokratiske partiet, meir enn dobla Trump sigersmarginen frå 2002, frå snaue 6 prosentpoeng til over 14.

Grovt sett kan vi seie at det er to ting som er motoren bak desse endringane: Utdanning og etnisitet.

Utdanning splitter Amerika

Valdagsmålingane viser at områder der færre enn 15 prosent av innbyggjarane har høgare utdanning gav Donald Trump endå større utteljing enn han har hatt før. I 2020 stemte om lag 50 prosent av dei utan høgare utdanning på Donald Trump, i år var talet 56. Sjølv Kamala Harris gjorde det litt betre enn Joe Biden i gruppa med høgare utdanning, var det ikkje i nærleiken av nok til å gjere opp for forskjellen.

Dei svarte veljarane sklir unna for demokratane

I mange år har etniske minoritetar vore Det demokratiske partiet sine mest lojale støttespelarar. I 2020 fekk Biden røystene til om lag ni av ti svarte amerikanarar, medan han henta heim 65 prosent støtte mellom latinamerikanarar. Dei to gruppene utgjorde om lag 13 prosent kvar av veljargrunnlaget. I år tapte Harris litt mellom svarte amerikanarar. I snitt bevegde fylker der svarte er i fleirtall seg 5,5 prosentpoeng i retning republikanarane samanlikna med 2020. Det er menn som står bak endringa; mellom svarte kvinner gjorde Harris det litt betre enn Joe Biden gjorde.

Denne rørsla kan vere eit teikn på at rasekategoriane i framtida vil ha mindre å seie når ein skal analysere amerikansk politikk

Latinamerikanarar vender seg kraftig til Trump

Det store jordskjelvet kom likevel det som no er den største minoritetsgruppa i landet: Latinamerikanske veljarar. Kamala Harris fekk om lag 52 prosent oppslutning i denne gruppa, som Joe Biden vann med over 30 prosentpoeng for berre fire år sidan. Også her er det menn som står for den store endringa: Medan kvinner i gruppa har bevegd seg om lag ni prosentpoeng i retning Trump, har latinamerikanske menn gått frå 36 prosent oppslutning om Trump til 55 prosent.

Vi har visst at det er rørsle i desse to store veljargruppene, det var også mogleg å sjå i valet for fire år sidan, men få hadde nok ant at det kom til å gå så fort.

Denne rørsla kan vere eit teikn på at rasekategoriane i framtida vil ha mindre å seie når ein skal analysere amerikansk politikk, fordi dei store skiljelinjene vil gå på utdanningsnivå og ei meir «klassisk» sentrum-periferi-deling av politikken, sjølv om det er svært tidleg å skulle seie noko om det.

Minoritetane er meir sentrumsorienterte

Ei rekkje målinger viser at mange veljarar i dei store minoritetsgruppene er meir sentrumsorienterte, både i økonomiske spørsmål og sosialpolitikk. Dei er langt mindre polariserte enn den store gruppa kvite veljarar i USA, og er meir avmålte i spørsmål om abort, kjønn, og innvandringspolitikk enn den jamne høgt utdanna kvite demokraten.

Kombinert med den store misnøya med Joe Biden sin økonomiske politikk og den høge prisveksten, som for svært mange veljarar var den viktigaste saken, har dette ført til ein langt meir mangfaldig arbeidarklassekoalisjon på høgresida, med både kvite og minoritetar på laget. Kamala Harris klarte simpelthen ikkje å få denne gruppa til å tru på at ho ville kunne skape endring.

Eit fellestrekk med mange i denne gruppa er at ein heller ikkje er spesielt interessert i at USA skal engasjere seg i andre land si krigføring rundt om i verda, eller returnere til den gamle ordninga med frihandel. Trua på at eit litt meir isolert USA er eit sterkare USA, ser ut til å motivere mange.

Donald Trump har stadig dei evangelikale på si side

Men kva med religion?

– Kjem religion til å bli utslagsgjevande for valget i år?

Det er mange som har spurt, og eg har svart som sant er, at det trur eg ikkje. Mange fekk seg nok ein støkk då dei såg undersøkinga frå Arizona Christian University som antyda at svært mange evangelikale kristne kunne komme til å halde seg heime frå valurnene i år. Den spådommen ser ikkje ut til å ha slått til.

Ut frå valdagsmålingane ser det ut for at kvite evangelikale kristne utgjer ein mindre del av veljargrunnlaget i år enn for fire år sidan, frå ein dryg firedel i 2020 til like over ein femdel i år, men akkurat desse tala må vi truleg ta med ei klype salt inntil vidare.

Det som er sikkert, er at trass i stadige rapportar om det motsette har Donald Trump framleis dei evangelikale veljarane på si side. Faktisk aukar han marginen sin mellom dei ganske klart: Mens han fekk med seg 76 prosent sist, har no over 82 prosent stemt på han.

Katolikkar har også flokka seg til Trump i endå større monn enn tidlegare, og han har no støtte frå tre av fem katolikkar. Den store auken i støtte frå latinamerikanarar forklarer dette, og kan også vere med på å forklare denne rørsla.

I tida som kjem vil mange forsøke å forklare Trump sin valsiger, og eg ser fram til å høyre meir. Men omforminga av det etnisitetsdelte veljarlandskapet i USA er større enn Trump, og eg trur det blir vel så spennande å følje framover.





Sigrid Rege Gårdsvoll

Sigrid Rege Gårdsvoll

Sigrid Rege Gårdsvoll er vaktsjef i Vårt Land. Hun har jobbet i avisen siden 2022. Sigrid er kommentator og skriver da oftest om USA og amerikanske valg, Den norske kirke og aktuell samfunnsdebatt.

Vårt Land anbefaler

1

1

1

1

Mer fra: Kommentar