Kommentar

Det er dette dei vil ha

Donald Trump er meir populær enn nokon gong, og leverte til slutt ein overbevisande siger. No må det demokratiske partiet gå i seg sjølv.

Dette er en kommentar. Den gir uttrykk for skribentens analyser og meninger.

– Dette vil bli hugsa som dagen folket tok tilbake kontroll over landet sitt, sa Donald Trump.

Han sto på scena framføre støttespelarane sine i Florida for å markere sigeren. Kamala Harris hadde på si side varsla at ho ikkje ville seie noko før onsdag føremiddag amerikansk tid, eit ekko av Hillary Clinton som tapte mot samme mann i 2016.

Vinden blés mot høgre

Valgkvelden utvikla seg på mange måtar slik ein kunne forvente på førehand. I fleire val har målingane undervurdert Donald Trump, og byråa har forsøkt seg på ulike justeringar for å kompensere for dei feilmålingane dei har gjort tidlegare, med ulike former for vekting. No ser det ut til at dei har lukkast.

Donald Trump har hatt vinden i ryggen gjennom den siste månaden

Dei siste vekene har det, trass i tette målingar, på mange måtar sett stadig meir sannsynleg ut at Donald Trump skulle ta sigeren over Kamala Harris. Han har hatt vinden i ryggen gjennom den siste månaden, og trass litt lugging mot slutten har han klart å halde kontrollen på narrativet, og veljarane sine.

For det republikanske partiet som heilskap er det ingen tvil om at dette valet har blitt unødvendig tett. Ein annan kandidat enn Trump ville ha spikra sigeren over Kamala Harris for lenge sidan, for alt låg til rette for republikansk siger i år.

Økonomi og innvandring

Sjølv om den amerikanske økonomien går godt, kjenner mange amerikanarar på kroppen at dei har dårlegare råd enn før. Inflasjon og matvareprisar har skote i vêret dei siste åra.

Valdagsmålingane viste også at den suverent viktigaste saka for republikanske veljarar var økonomien – eit tema der republikanarane og Trump har større truverd enn demokratane, særlig sidan dei ikkje er det regjerande partiet.

I tillegg er det ein rekke andre faktorar som talte for republikansk siger: Den historiske fordelen med å vere det sitjande partiet ser no ut til å i større grad ha blitt ei ulempe, lik den regjeringsslitasjen vi gjerne ser i Norge. Den ulovlege innvandringa til USA har auka, samstundes som innvandringsskepsisen har blitt større, i breiare lag av folket. Det er ei tydeleg konservativ dreining mellom unge menn, og dei minoritetsgruppene som i tidlegare år i stor grad har stemt som ei eining på demokratane, har i dei siste vala vist teikn til å fordele seg noko meir mellom partia.

Summen av alt dette skulle vere ein lett jobb for Det republikanske partiet – i staden har det blitt ukomfortabelt tett.

Harris’ tap er like mykje eit knallhardt slag mot Joe Biden sitt ettermæle som mot hennar evner som presidentkandidat

Svake kandidatar

Strengt teke er det at Donald Trump ikkje makta å dra i land ein meir overbevisande siger under slike tilhøve eit tydeleg teikn på at han ikkje er ein spesielt god kandidat for partiet sitt – men heller til dels kanskje ei belastning.

Motargumentet er at Trump etter i dag kan skilte med betre oppslutning mellom dei store minoritetsgruppene i landet enn nokon republikansk president før han. Enten han har klart det gjennom målretta innsats, eller på grunn av flaks og tilhøve som har lagt seg til rette, har han løyst det store mangfaldsproblemet

Kamala Harris har ikkje vore ein optimal kandidat for demokratane. Ho fekk eit særs vanskeleg utgangspunkt, men har heller ikkje klart å gjere maksimalt ut av det ho hadde å jobbe med. Ho har i og for seg ikkje gjort mange openberre feil, men ho har ikkje klart å presentere seg som ei vesentleg endring frå svært upopulære Joe Biden. I eit val der veljarane var ute etter noko nytt, var det eit kjempeproblem.

Sjuande far i huset

Det såg mørkt ut for demokratane allereie i sommar. Joe Biden låg godt bak Donald Trump på målingane, og trass i at ingen seriøse røyster i partiet hadde våga å seie det høgt, meinte mange at det var ein tabbe å renominere den 81 år gamle presidenten. Sjølv utviste Biden ingen tvil: Han var den som slo Donald Trump i 2020, og han var den som skulle gjere det på nytt att i 2024.

Oppslutninga gjennom valkampen effektivt sett har vore 50-50 sidan Kamala Harris tok over som presidentkandidat nokre veker etter Joe Biden sin katastrofale debatt i slutten av juni. Framover må demokratane må bale med spørsmålet om korleis dagen i dag hadde sett ut dersom Joe Biden hadde vist magemål i 2023 og annonsert at han ikkje ville stille til ein ny periode i tide til at partiet kunne køyre ein ordinær nominasjonsprosess for etterfølgjaren hans. Harris’ tap er like mykje eit knallhardt slag mot Biden sitt ettermæle som mot hennar evner som presidentkandidat.

Kva skjer no?

No går Donald Trump i gang med førebuingane til overtaking i januar. Planar skal bli formulerte, personkabalar skal leggjast. Det er grunn til å forvente ein meir profesjonell MAGA-operasjon enn i 2016, og målet skal vere å omforme den amerikanske staten, også på eit administrativt nivå. Vi veit framleis ikkje kor mykje av det famøse «Project 2025» Trump er interessert i å gjennomføre.

– USA har gitt oss et historisk mandat uten sidestykke, sa han i vand stil i talen onsdag morgon norsk tid.

Det stemmer nok ikkje heilt, men han har med seg fleirtalet i Senatet, og så gjenstår det å sjå korleis Representanthuset blir sjåande ut. Vi må truleg vente fleire dagar før det er avklart. Skulle han få med seg båe kammer i Kongressen er det i alle fall ikkje dette som står i vegen for å få gjennomført politikk.

Det er mange spørjeteikn knytta til Trump sin andre presidentperiode, og det er vanskeleg å vite kva som vil skje. Det vi veit er at dei amerikanske institusjonane vart ståande gjennom Donald Trumps første periode, og det er all grunn til å tru at dei også vil overleve runde to.

Sigrid Rege Gårdsvoll

Sigrid Rege Gårdsvoll

Sigrid Rege Gårdsvoll er vaktsjef i Vårt Land. Hun har jobbet i avisen siden 2022. Sigrid er kommentator og skriver da oftest om USA og amerikanske valg, Den norske kirke og aktuell samfunnsdebatt.

Vårt Land anbefaler

1

1

1

1

Mer fra: Kommentar