Kommentar

Slik skal vi fortelle deg kva som skjer i Kristen-Norge

Vårt Land kjem no i ein nyheitsapp med siste nytt, når det skjer. Slik fornyar vi oppdraget vi starta da Vårt Land vart etablert etter krigen.

Dette er en kommentar. Den gir uttrykk for skribentens analyser og meninger.

Som abonnent på Vårt Land er du vår oppdragsgjevar. Vår jobb er å jakte på nyhende og levere dei til deg, der du er. Sånn sett har ikkje oppdraget endra seg sidan kristne leiarar i tyske fangenskap på Grini fekk ideen om å lage ei kristen dagsavis.

I 1945 var målet å lage ei riksavis med nyhende frå norsk kristenliv og dagsnytt frå inn- og utland. Avisa skulle nå alle, anten du bur i bygd eller by.

Ventar ikkje på at nyhende ligg på dørmatta

Det gjer me også i dag, seks dagar i veka. Her blir det inga endring no. Oppdraget er ikkje endra, formålsparagrafen ligg fast.

Men lesarvanane har endra seg.

I framtida skal Vårt Land kjempe beinhardt for å vere fyrst med å fortelje viktige nyhende

Er du svolten på nyhende, ventar dei færraste på at papiravisa skal leggje på dørmatta di.

Nyhende kjem lynraskt til din mobil eller PC-skjerm. Dei fleste av oss brukar mange timar kvar dag på mobilen og les både breaking news og lengre reportasjar. Desse vil du finne i vår nye nyheitsapp.

Færre å dele kvar papiravis med

Kva skal me så med papiravisa? Dei siste åra har redaktørar spådd papiravisas død fleire gonger. Det totale papiropplaget har falle mange år i strekk.

Eg hugsar korleis me i tenåra sykla rundt med avisa i ei oransje sykkelveske frå Haugesunds avis. For kvar avis me leverte, fekk me ei krone. Ruta var som den gjerne var på bygda, mykje opp og ned og eit par hundre meter mellom kvart hus. Me sat att med om lag 20 kroner kvar dag, etter å ha levert avisa til nesten alle hus i bygda vest på Bømlo.

Slik er det ikkje lenger. Det er altfor store avstandar mellom kvar abonnent til at nokon kan sykle med avisa på bygdene.

Avisene kjem i postkassa og vert levert med bil. Men kvart avisbod får stadig færre aviser å køyre rundt, noko som betyr at det er færre å dele kostnaden med. Det vert stadig vanskelegare å få levert ut ei papiravis seks dagar i veka.

Papiravisa er blitt digital

Mange spår at tida er i ferd med å gå ifrå papiravisa, men ingen veit når. Uansett kva framtida måtte bringe, vil me halde fram med å lage utgåva du i dag kjenner som ei papiravis.

Papirutgåva er allereie digital. Fleire abonnementsaviser ser nå at e-avis-utgåva har ein lengre levetid ein det ein først trudde. Aftenposten har relansert aftenutgåva som e-avis, 12 år etter at den forsvann frå avisstativa.

Dersom me overlet distribusjonen til algoritmane vil mediemangfaldet tape

Utgåva gir deg ei pakke du kjøper som abonnent. Ei avisutgåve har ein start og ein slutt. Ei samling av nyheiter, reportasje, nytte, underhaldning og refleksjon. Det er ein pakke som du kjøper som abonnent. Og me forpliktar oss til å levere kvar dag. Er du misnøgd, kan du ringje redaktøren som må svare for prioriteringane.

Mangelvare

Då Vårt Land vart starta i 1945, var allmenne nyhende noko ein høyrde frå andre, gjennom radioapparatet eller i papiravisa. Det var ei mangelvare du måtte betale for.

I dag er straumen av digitale nyhende nesten uavgrensa. Det er lett å kjenne at du druknar i nyheitene du kjem over på Google eller Facebook, som er skreddarsydd til deg av algoritmar.

Dersom me overlèt distribusjonen til algoritmane vil mediemangfaldet tape. Og vi mistar eit viktig korreks til mektige stemmer. Det er også elendig økonomi for abonnementsaviser.

Aviser av så ulik storleik som New York Times og Vårt Land tilbyr nå abonnenten ein pakke digitalt innhald som ikkje berre inneheld nyhende.

Me er avhengige av lojale abonnentar

Det kan vere matoppskrifter i New York Times og andakter og bibelord gjennom Vårt Land si nye satsing Gnist.

Slik kan media skape eit univers som abonnenten blir invitert ta del i. Innpakninga må i dag skape engasjement digitalt. Men ingrediensane kjenner ein att frå tida då papiravisa var einerådande.

kk

Me er glade for alle som kjøper eit digitalt abonnement. Men det er først når neste faktura er betalt, at me veit om me har lukkast i å skape lojale lesarar.

I framtida skal Vårt Land kjempe beinhardt for å vere fyrst med å fortelje viktige nyhende. Slik vi gjorde fleire dagar på rad då Olaug Bollestad gjekk av som KrF-leiar. På same måte skal me vere fyrst ute med nyhende frå kristne organisasjonar. Me skal vere fyrst ute med å fortelje deg kven som vert den neste biskopen i Oslo. Og me skal grave fram nyhende om kritikkverdige tilhøve i samfunnet.

Nyheitskampen vert avgjort på sekund

I den nye appen vil du som abonnent få siste nytt når dei skjer, med varsling direkte på telefonen. Fram til nå har nyheitsvarslinga skjedd i e-avisa-appen.

Utgåva vil du akkurat som før finne i e-avis-appen. Det er akkurat same utvalet som du finn i papiravisa. Men her kan enkelt justere skriftstørrelsen slik du ynskjer. Du vil også få lest opp avisa med lyd. Du kan lagre utgåva og lese ho seinare, sjølv utan tilgang til internett.

Er du i tvil om korleis det fungerer, les denne guiden (lenke, berre tilgjengeleg digitalt).

Vårt Land skal vidareføre det beste med papiravisa, også digitalt. Du kan starte med å bli kjent med to nye appar på din mobil.

Lars Inge Staveland

Lars Inge Staveland

Lars Inge Staveland har vært nyhetsredaktør i Vårt Land siden august 2022. Han har ansvar for nyhet- og publiseringsavdelingen.

Vårt Land anbefaler

1

Mer fra: Kommentar