Alle som såg NRKs Sidsel Wold rapportere direkte frå Ben Gurion-flyplassen tysdag kveld, midt under det iranske missilregnet, må ha fått med seg at situasjonen i Midtausten tilsynelatande er i ferd med å spinne ut av kontroll.
Det kom så mange rakettar at det israelske rakettskjoldet måtte prioritere mellom rakettane. Det tok for lang tid å skyte ned alle. Ingen israelarar kunne kjenne seg trygge. Sjølv om dei fleste rakettane blei tatt av rakettskjoldet, var det vanskeleg å ha kontroll på kor restane trefte bakken.
At Iran igjen tysdag kveld viste sin militære ineffektivitet, er kanskje det farlegaste med situasjonen
Det skapte utvilsamt ei kjensle av utryggleik over heile Israel, der folk måtte springe i bomberomma. Spesielt ettersom rakettåtaket kom kort tid etter at det vart rapportert om to palestinske terroristar laus med automatvåpen på trikken midt i Tel Aviv. Åtaket vekker vonde minne frå terroren i fjor.
Og då har vi ikkje eingong nemnt kjensla av utryggleik mange i Beirut har levd med dei siste vekene. For ikkje å snakke om det totale fråvêret av tryggleik for Gazas folk. Den utryggleika mange i regionen kjenner på, er ein av mange valutaer som dei politiske leiarane no spelar med.
Målet om å skape utryggleik
Å skape utryggleik er nok like mykje målet til Irans revolusjonsgarde, som Benjamin Netanyahu og det israelske forsvaret (IDF). IDF har som grunnleggande militærdoktrine at dei ved å viske styrke og musklar i møte med sine talrike fiendar i regionen, til slutt vil hauste ein eller annan form for respekt. Fakta er at dei israelske militæroperasjonane hittil har vist seg mykje meir effektive enn dei iranske missilåtaka, både det som skjedde tysdag kveld og det som skjedde i april. Forutan 7. oktober-terroren, har ikkje Hamas og Hizbollah hatt mykje anna enn perifere treff med rakettane å stille opp med.
Spørsmålet er kva Iran kan finne på, dersom regimet kjenner seg sterkt nok pressa og audmjuka av Benjamin Netanyahu
At Iran igjen tysdag kveld viste sin militære ineffektivitet, er kanskje det farlegaste med situasjonen. Det er fordi presteregimet i Iran stadig kjenner seg pressa til å vise militære musklar, etter same logikk som den Netanyahu opererer etter. Iran må vise at Israel får betale for likvideringar, bombeåtak og bakkeinvasjon. Viss ikkje, vil ayatollahens regime tape ansikt hos eigne støttespelarar og lojalistar i Teheran.
Tysdag kveld klarte ikkje Iran det. Forutan terroråtaket på trikken i Tel Aviv tidlegare på kvelden, var det i skrivande stund (tysdag kveld) ikkje rapportert om sivile eller militære tap på israelsk side.
Ein farleg leik med elden
Frå Teheran blir det derfor påstått at Irans revolusjonsgarde har større militære musklar, enn dei som hittil er vist. Dersom Benjamin Netanyahu ikkje sluttar å eskalere konflikten, blir det sagt frå Irans apologetar og talspersonar, vil Iran verkeleg ty til dei store våpena. Det blir argumentert med at rakettane Irans revolusjonsgarde sende tysdag kveld, var langt raskare og farlegare enn dei som vart sendt i april. Irans støttespelarar hevdar derfor at Israel bør frykte tyngre skyts om dei ikkje lar Iran ha siste ordet.
Det er det lite som tyder på at Benjamin Netanyahu vil la Iran få. Tvert om sa IDF-talsmann Daniel Hagari at IDF vil la det iranske åtaket få store militære konsekvensar. Det er i tråd med Israels avskrekkingsdoktrine.
Sjølv om mange iranarar tok til gatene for å feire missilåtaket, har Iran ikkje klart å vise tilstrekkelege militære musklar til å skremme israelarane. Det er berre å spørje alle medlemene og leiarane av Hizbollah, der mange har måtte bøte med livet i israelske åtak i lengre tid, utan at Iran har klart å hindre det.
Spørsmålet er kva Iran kan finne på, dersom regimet kjenner seg sterkt nok pressa og audmjuka av Benjamin Netanyahu. Derfor er Israels krigsdoktrine om å vise så mykje styrke overfor Iran, også ein farleg leik med elden.