Før debatten spurte eg om det var mogleg å vinne ein debatt mot Donald Trump, i alle fall på ein måte som faktisk betyr noko. Grunnen til at eg stilte spørsmålet, var at Trump etter objektive kriterium har tapt dei fleste valdebattane han har vore med i, men det har vist seg å bety svært lite i det lange løp.
No, med debatten godt i bakspegelen, kan vi sjå litt på resultata: Det ser ut for at Kamala Harris får eit løft på målingane. Like før debatten såg det ut for at Trump åt seg litt innpå leiinga til Harris, no dreg ho frå att. Skilnaden er framleis ikkje stor, om lag tre prosentpoeng på det nasjonale snittet av målingane, men det er framleis berre komme ut ei handfull målingar etter debatten.
Det er utenkjeleg for han å la ein slik anklage stå uimotsagt
Harris trefte ei nerve
Den andre, litt meir overraskande (for meg, i alle fall), konsekvensen av debatten, er at Donald Trump framleis ikkje ser ut til å ha lagt den bak seg. På eit valmøte i Michigan natt til onsdag denne veka, brukte han mangfaldige minutt på eit heilt uvedkommande tema: Skuldinga Kamala Harris kom med i debatten om at publikum keiar seg på folkemøta hans og går før dei er slutt.
Det var tydeleg allereie under debatten at Harris hadde treft ei nerve her. Trump har historisk vist seg svært nærtakande for denne typen angrep, og slit kraftig med å la det fare forbi. Det er skrive mykje dei siste åtte-ti åra om kvifor Trump er slik, og denne teksten frå Washington Post i 2017 (engelsk) viser til fleire moglege årsaker.
Den enklaste forklaringa er kanskje at Donald Trump har eit spesielt stort behov for å halde på fasaden, og ikkje vise svakheit for omverda. Det er utenkjeleg for han å la ei slik skulding stå uimotsagt, og han er villig til å ofre ting som objektivt sett er viktigare for å jage oppreising og oppretting.
Slik forsvann til dømes dei første dagane i presidentperioden hans i bråk om størrelsen på folkemengda på innsetjingsseremonien. Og slik kan det sjå ut for at valkampdisiplinen hans forsvinn no.
Kamala Harris har definitivt fått seg ein hybel ein stad i mellomhjerna til Trump
Knuger på misnøya
På engelsk seier ein gjerne at nokon bur i hovudet ditt rent-free, altså utan å betale leige, når det er tydeleg at ein ikkje kan late vere å tenkje på dei.
Folkemøtet i går var ein av dei første gongane vi såg Donald Trump i fri dressur etter debattkvelden, og Kamala Harris har definitivt fått seg ein hybel ein stad i mellomhjerna til Trump. Det er tydeleg at han har knuga og knadd på Harris sitt angrep sidan det.
Vi veit frå målingar og fokusgrupper at Trump-nyfikne veljarar, dei han har sjanse til å overtyde, ikkje liker Trump sine lange harangar om kor dårleg han blir behandla av media og motstandarar. Amerikanske veljarar liker politikarar som går i krigen, ikkje dei som syter.
Spørsmålet er om Kamala Harris rett og slett ikkje berre vant debatten, men klarte å plante mange frø av den typen vekstar Donald Trump ikkje klarer å oversjå. Då kan det vere han vil fortsetje å bruke verdifull valkamptid på å luke, framfor å drive effektiv valkamp.