Kommentar

Går det an å vinne ein debatt mot Donald Trump?*

*på ein måte som faktisk betyr noko?

Dette er en kommentar. Den gir uttrykk for skribentens analyser og meninger.

Natt til onsdag norsk tid møter Kamala Harris Donald Trump til debatt.

Dei to motstandarane har utruleg nok aldri møtt kvarandre andre andlet til andlet før. Maktoverføringa etter at Joe Biden slo Donald Trump presidentvalet i 2020 var som kjent ikkje heilt udramatisk, og då tida var komen for den formelle overtakinga, valde Donald Trump å halde seg heilt unna. Han braut dermed med ein amerikansk politisk tradisjon som med nokre ganske få unntak strekk seg tilbake til tidlig 1800-tal.

Kamala sin balansegang

Ein av tinga eg vil følge spesielt interessert med på, er kva strategi Kamala Harris vel inn i debatten.

Litt forenkla kan vi seie at ho har to val: Ho kan snakke om sin eigen politikk, eller angripe motstandaren sin. Ho kan forklare kva ho saman med Joe Biden har oppnådd dei siste åra, eller ho kan forsøke å skremme veljarane med det famøse Project 2025 (sjå faktaboks under).

Det er sjølvsagt ikkje mogleg å gjere berre ein av delene, men utfordringa ligg i blandingsforholdet og kor Harris legg tyngdepunktet. Kva for ein av desse strategiane som vil gje best utslag, er ikkje umiddelbart lett å seie.

Det vi veit, er at Joe Biden i sin valkamp la tung vekt på dei negative sidene ved Donald Trump og Trump sin politikk. Om det var med på å halde oppslutninga hans låg, veit vi ikkje, men måling etter måling viser at amerikanarane i stor grad har gjort seg opp si eiga meining om Donald Trump. Det er ikkje sikkert at ein negativ bodskap om han vil hjelpe Kamala Harris si oppslutning.

---

Project 2025

  • Ei politisk «ynskjeliste» og strategiar for gjennomføring av ein konservativ visjon for USA.
  • Utarbeidd av tenketanken Heritage Foundation med bidrag frå over 100 konservative organisasjonar. Fleire forfattarar er tidlegare rådgivarar for Donald Trump.
  • Donald Trump har sjølv tatt avstand frå dokumentet, men det blir rekna av venstresida som det reelle politiske programmet for ein andre presidentperiode for Trump.
  • Foreslår mellom anna å stramme kraftig inn på lovleg innvandring, trekkje medisinar brukt til abort frå marknaden, kutte føderale midlar til forsking på fornybar energi, eliminere omgrep som «seksuell orientering» frå lover og reguleringar, og avslutte mangfalds- og inkluderingsprogram i skule og offentleg forvaltning.

---

Moglegheiter i motbakke

Trump leier med 48 prosent mot Harris sine 47 prosent i ei ny måling frå New York Times (Times) og Siena College. Det er aldri lurt å legge for mykje vekt på ei enkelt måling, og særleg ikkje ei nasjonal måling, men Times/Siena er mellom dei mest anerkjente målingane i amerikansk politikk, og det er grunn til å sjå nøye på om det den viser kan vere uttrykk for ei trend.

Den siste dryge månaden har stått i Kamala Harris’ teikn, og alle piler har peika oppover for den nyslåtte presidentkandidaten. No ser vi, for første gong, teikn på at det buttar litt imot. Det har vi visst at det kom til å gjere – spørsmålet er korleis ho no skal møte det. I Times/Siena si måling seier nesten ein tredel av dei spurte at dei treng å vite meir om kva Harris står for, for å kunne gjere seg opp ei meining.

Debatten blir det første høvet ho har til å gjere nettopp det. Då kan det godt vere at ein framoverlent, positiv og politikk-orientert bodskap er det beste ho kan møte veljarane med.

No ser vi, for første gong, teikn på at det buttar litt imot

Den uføreseielege mannen

Donald Trump er ibuande uføreseieleg. Ulike kommentatorar, avhengig av deira ideologiske ståstad, vil forsøke å kalle det ein fordel eller ein ulempe for den tidlegare presidenten, men det er i alle fall mogleg å seie at det skaper spenning inn mot møtet på debattscena. Vi veit ikkje korleis han vil te seg.

Det vi veit, er kva som vil vere lurt av han å gjere: Først og fremst må han forsøke å knytte Kamala Harris tettast mogleg til dei tinga ho og Joe Biden ikkje har fått til. Den relativt dårlege økonomien og situasjonen på grensa mot Mexico er mellom dei beste angrepspunkta Trump har. Det samme er dei ulike sakene der Harris har skifta syn dei siste åra. Å framstille henne som en «kameleon» som skiftar standpunkt når vinden snur kan vere effektivt for republikanarane.

Spørsmålet er om Trump er i stand til å halde seg i skinnet og framføre desse argumenta med noko som liknar bodskapsdisiplin. Den evna har han ikkje vist fram i det siste, og det er usikkert om han klarer å hente det fram tysdag kveld. Dei siste pressemøta hans har vore prega av hans personlege avsmak for Harris, og ein skal ikkje sjå vekk frå at den vil skine gjennom også på debattscena.

Fordi publikum er så sultne på å få vite meir om henne, har Harris høve til å ignorere Trump

Går det an å vinne?

Tilbake til spørsmålet i overskrifta. Er det i det heile teke mogleg å vinne ein debatt mot Donald Trump – på ein måte som utgjer ein forskjell i valkampen?

Grunnen til at eg spør, er at det slett ikkje er sikkert: I 2016 vann Hillary Clinton klart sine debattar mot Trump, etter mitt syn. Det bevega ikkje meiningsmålingane ein millimeter. Endå klarare vann Joe Biden mot Trump i 2020, og heller ikkje desse debattane ga målbar endring i oppslutning for kandidatane. Debatten i juni i år mellom Joe Biden og Donald Trump fekk sjølvsagt store konsekvenser, men det handla meir om Biden sine problem enn om noko Trump gjorde.

Kva grunn har vi så til å tru at det vil bli annleis for Kamala Harris? I og for seg ingen. Men: Fordi publikum er så sultne på å få vite meir om henne, har ho høve til å, i stor grad, ignorere Trump, og snakke rett ut til sjåarane. Ho kan legge fram si forteljing og sin politikk for eit publikum som er villige til å ta imot. Ein fordel med denne strategien vil vere at det truleg provoserer Donald Trump – og kan vippe han av pinnen. Dersom han let seg provosere, kan han komme til å seie ting til og om Harris som skader han meir enn henne.

Dette er ein dynamikk og eit format som Kamala Harris i prinsippet meistrar. Spørsmålet natt til onsdag blir om ho kan omsetje prinsipp til handling.


Sigrid Rege Gårdsvoll

Sigrid Rege Gårdsvoll

Sigrid Rege Gårdsvoll er vaktsjef i Vårt Land. Hun har jobbet i avisen siden 2022. Sigrid er kommentator og skriver da oftest om USA og amerikanske valg, Den norske kirke og aktuell samfunnsdebatt.

Vårt Land anbefaler

1

1

Mer fra: Kommentar