Vårt Land erfarer at Jonas Andersen Sayed vil bli innstilt av nominasjonskomiteen i Rogaland KrF til topplasseringa på Kristeleg Folkepartis stortingsliste. Det er venta at lista blir offentleg om kort tid. Det er same plass som fylkesleiinga i Rogaland KrF for to veker sidan meinte KrFU-leiar Hadle Rasmus Bjuland burde bli nestleiar nasjonalt. Det ville ikkje vere aktuelt uten ein fast plass på Stortinget.
Det var etter lesarinnlegget frå sentralstyremedlem Øystein Stjern, fylkesleiar Siri Bloch Lindtveit og fylkeslagets nestleiarar Andreas Bjorland og May Synnøve Rygh at Olaug Bollestad annonserte sin fullstendige exit som nasjonal politikar – også frå Stortinget. Lesarinnlegget blei oppfatta som ein spikar i kista for Bollestads politiske liv.
Bjuland gjekk etterpå høgt på banen, og sa at han var klar til å stille både til KrF-leiinga og som førstekandidat på Rogaland KrFs stortingsliste. Han teikna også opp eit politisk prosjekt der KrF må tørre å gjere seg upopulære for å vinne veljarar.
I dei to vekene som har gått sidan lesarinnlegget og Bollestads exit, har det vore mykje spel i kulissene i Rogaland KrF, erfarar Vårt Land, basert på samtaler med sentrale kjelder. Olaug Bollestad skal ha kjend seg svikta og forlatt av sine eigne i Rogaland KrF. Det gav ho også inntrykk av i eit intervju med Stavanger Aftenblad onsdag kveld. Det var dagen etter intervjuet i stolen hos Fredrik Solvang på NRK.
Vanskeleg sjå noko anna enn hemn
I intervjuet med Stavanger Aftenblad kom det fram at Bollestad heia fram Jonas Andersen Sayed, KrFs tidlegare ordførar i Sokndal kommune, sør i Rogaland. Sayeds kandidatur kom først på bana denne veka. Bollestad kunne avsløre at ho hadde «gitt ham et spark i ‘rauå'» og sagt at han måtte stille. Dessutan gav Bollestad eit stikk til Bjuland ved å trekke fram Andersen Sayeds ordførarerfaring. Som ho sjølv påpeika i intervjuet: «Det har ikke Hadle».
Det er vanskeleg å lese Bollestads manøvrering som noko anna enn ein hemnaksjon mot Bjuland. Det er også slik fleire kjelder i KrF både nasjonalt og i Rogaland les situasjonen.
Olaug Bollestad har fleire av sine tettaste allierte i den aktuelle nominasjonskomiteen, som til dømes komiteens leiar Oddny Helen Turøy som tidlegare var fylkesleiar i Rogaland KrF. Inntil Bollestad trakk seg var ho sjølv den mest opplagte førstekandidaten for komiteen. Vårt Land kjenner til at komiteen skal ha vore delt i diskusjonen om Bjuland og Andersen Sayed, men at den skal ha landa ei samla innstilling til topplassane på lista før arbeidet starta hadde som mål å unngå delt innstilling. Bollestads våpendragarar i komiteen har peika på Jonas Andersen Sayed.
Endra oppfatning
Det er fleire som riv seg i håret og undrer over kvifor Bollestad plutseleg skulle ha behov for å hemne seg på Bjuland. KrFU-leiaren har vore hennar føretrekte etterfølgar i fleire år. Han har vore vara for henne på Stortinget fleire gonger. Bollestad har tidlegare lagt stor vekt på å legge til rette for komande generasjonar inn i KrF-toppen.
At Bollestad openbart har endra oppfatning om kven som skal erstatte henne, og tar så tydeleg regi på prosessen, er oppsiktsvekkande internt i partiet. Spesielt ettersom Hadle Rasmus Bjuland har blitt oppfatta som ein som har stått lojalt ved Bollestads side heile vegen, også gjennom prosessen i sommar.
Sjølv etter Bollestads avgang sa Bjuland til Stavanger Aftenblad at han «hadde et håp om at partiledelsen skulle finne en løsning, og at alle skulle fortsette i de rollene de er valgt inn i».
Vraka i siste liten
Fleire snakkar om forskjellane mellom Bjuland og Andersen Sayed er større enn likskapane. Førstnemnte har plassert KrF i store ideologiske debattar på nasjonalt plan, og krevd eit tydelegare verdiparti. Samstundes har han tatt til orde for ei mjukare og meir pragmatisk linje i abortspørsmålet. Andersen Sayed på si side vert oppfatta som ein pragmatisk politisk arkitekt med mykje efaring frå grasrotnivået i partiet og kommunepolitikken – trass ung alder. Den lokale tilknytinga til Rogaland er like sterk for dei to kandidatane, som begge hyppig har møtt i fylkesstyret og lokale partimøte dei siste åra.
No er den profilerte KrFU-leiaren blitt vraka i siste liten, til fordel for ein kandidat som inntil nyleg ikkje hadde annonsert at han ville stille. Ein av dei mange påstandane om Bollestads problematiske leiarstil den siste tida har handla om nettopp hennar mønster med å fryse ut folk. Mykje kan tyde på at Hadle Rasmus Bjuland har hamna i den fryseboksen no.
For ein politikar av Bjulands kaliber er det vanskeleg å sjå for seg eit verv som nestleiar utan fast plass på Stortinget. Det handlar om høvet til å ha politikken som fulltidsjobb, at det skal vere ein berekraftig arbeidssituasjon på lengre sikt.
Det per i dag ingenting som tyder på at Bjuland har tenkt å gje seg utan kamp på nominasjonsmøtet 5. november.