Kommentar

Kor stor sjanse er det for at Donald Trump vinn valet?

Dei neste månadene gjeld det å halde tunga rett i munnen.

Dette er en kommentar. Den gir uttrykk for skribentens analyser og meninger.

Dei som såg på NRK-programmet Urix denne veka, fekk med seg eit intervju med den amerikanske professoren Allan Lichtman. Han har opparbeidd seg eit rykte som en solid spåmann av utfall i presidentval. Vi kan nok diskutere om det er heilt fortent, han spådde trass alt siger til Al Gore i år 2000 (og forsvarte feilen med at Gore fekk fleire røyster enn George W. Bush), men han fekk altså i beste sendetid på statskanalen på onsdag presentere sine 13 «nøklar» til valsiger. Nøklane handlar om tema som økonomien, om ein av kandidatane er sitjande president, om ein av kandidatane er eit politisk stjerneskot eller om landet har vore gjennom store militære suksessar eller nederlag i nær fortid.

Ifølge Lichtman sitt system, er det nær heilt sikkert at Kamala Harris dreg sigeren i land i november. Men kan det eigentleg stemme?

Det høyrer med til historia at Lichtman var ein av dei krassaste motstandarane av at Joe Biden skulle trekke sitt kandidatur i sommar, fordi Biden etter Lichtman sitt nøkkel-system låg an til valsiger. Om Biden trakk seg, argumenterte Lichtman, ville partiet gje opp «sittande president»-nøkkelen, og det ville vere kritisk. Ingen som har sett meningsmålingane frå vekene før Biden trekte seg kan vere i tvil om at Lichtman med ein slik spådom ville gått på eit hardt nederlag.

Mange av oss vil gjerne ha noko vi kan halde fast i fram mot november

Modellar og spådommar

Media er fulle av folk (som meg) som gjerne vil fortelje oss at dei veit noko sikkert – eller i alle fall kan spå godt – om korleis valresultatet i november vil sjå ut. Mange av oss vil gjerne ha noko, nær sagt kva som helst, som vi kan halde fast i fram mot november. Difor er det også så stort marked for såkalla prediksjonsmodeller, som kan seie noko forsøksvis vitenskapeleg om korleis det ligg an.

Ein av veteranane i faget er Nate Silver. Han starta i si tid nettsida FiveThirtyEight – namnet speler på talet på valmenn i presidentvalsystemet – og har sidan gått videre og starta på nytt for seg sjølv med den sjølvtitulerte Silver Bulletin. Han er ein av dei som med relativt stort, men vekslande, hell har spådd utfallet av presidentvalkampar. Modellen hans har ei rekke variablar bygga inn, og baserer seg dermed ikkje utelukkande på målingar. I tillegg til FiveThirtyEight og Silver Bulletin, er The Economist og samarbeidet mellom The Hill og Decision Desk HQ mellom dei modellane som oftast blir refererte til som gode kjelder for tal.

Det er, med andre ord, ekstremt jamnt

Så korleis går det eigentleg?

Det kjem an på kven du spør. Hjå Nate Silver, som eg personleg festar ein del tiltru til, reknar ein no at Donald Trump har ein 60,6 prosent sjanse til å vinne valet i november. Både FiveThirtyEight og The Hill/Decision Desk gjer Kamala Harris ein liten fordel og reknar høvesvis med 55 prosent og 54 prosent vinnarsjanse til visepresidenten. The Economist er kanskje den modellen som tettast avspeglar korleis målingane ligg an akkurat no, og reknar det for å vere daudt løp mellom dei to kandidatane.

Det er viktig å understreke at dette handlar om sannsyn. Dei som har laga desse modellane køyrer ulike simulasjonar av valet, og ein 54 prosent vinnarsjanse for Harris tilseier at ho vinn i 54 av 100 slike simuasjonar. Noko av grunnen til at Nate Silver sin modell skil seg merkbart frå dei andre, handlar om kva forventningar som er bygga inn i modellen og som meningsmålingstala er i stadig samspel med. I realiteten er også eit seksti prosent sannsyn for Trump-siger svært nær eit 50-50-scenario. Både Silver sin og dei andre modellane vil endre seg mange, mange gonger dei neste vekene.

Det er, med andre ord, ekstremt jamnt. Kjem Donald Trump til å vinne? Du kan slå mynt og kron, og komme like nær sanninga som eg kan.

Sigrid Rege Gårdsvoll

Sigrid Rege Gårdsvoll

Sigrid Rege Gårdsvoll er vaktsjef i Vårt Land. Hun har jobbet i avisen siden 2022. Sigrid er kommentator og skriver da oftest om USA og amerikanske valg, Den norske kirke og aktuell samfunnsdebatt.

Vårt Land anbefaler

1

1

Mer fra: Kommentar