Situasjonen i KrF er fortvilande for alle involverte. Før i dag har det ikkje vore mogleg å vurdere den konkrete kritikken mot Olaug Bollestad. Men i dag fekk Vårt Land tilgang til den konkrete kritikken i varselet, og det er dermed mogleg å gjere ei skjønnsmessig vurdering av innhaldet utan å basere seg på vurderingane til anonyme kjelder.
Unntakstilstand
Først og fremst: Alle som har jobba tett på ein partileiar, veit at arbeidskvardagen er milevis unna det arbeidsmiljølova tillét.
Som rådgjevar i eit politisk parti må du godta å ta imot telefonar og meldingar til alle døgnets tider. Sjølv jobba eg under Knut Arild Hareide og andre politikarar som trong bistand og arbeidskapasitet på alle tenkelege tidspunkt, med alt frå å bere ei veske til å skrive ei tale til å få eit møte til å ta slutt. Innhaldet i stillingsinstruksen er per definisjon nesten uendeleg og utoleleg.
Det er mogleg å argumentere for at det varslarane kritiserer Bollestad for ikkje bør vere vanlege i norsk arbeidsliv, sjølv om dei er vanlege i partipolitikken.
I dei fleste parti er folka i sentrale posisjonar samde om at det å jobbe der er ein unntakstilstand. Tett på toppolitikarane finst det ikkje klare grenser mellom jobb og privatliv. Å vere partileiar eller rådgjevar for ein, liknar ikkje ein vanleg jobb. Ingen kan jobbe i eit politisk parti utan å forvente seg ein kaotisk arbeidskvardag der det er mykje fram og tilbake. Det er stressande, hektisk og ei kjensle av tungt ansvar. Det er ikkje for alle.
Du skal tole mykje. Spørsmålet er om dei som har jobba tett på Bollestad har måtte tole meir enn det.
Innhaldet i Bollestad-varselet
Etter å ha lese det konkrete varselet mot Olaug Bollestad, er det ingen tvil om at partileiaren av medarbeidarar og partikollegaer vert opplevd som kjenslemessig ustabil og ein politikar som få av dei tett på henne veit kor dei har. Ho vert kritisert for å ringe opp tilsette utanfor arbeidstid, kjensleladd om djupt personlege tema. Bollestad skal ha fryst ut tilsette, og dei skal ha vore redde for å ta opp krevjande saker med henne. Partileiaren skal også ha sådd tvil om at tilsette verkeleg er sjukmelde, dersom dei har fråvær frå jobb. Kritikken er alvorleg.
Det er forståeleg at mange vil meine det er ille, men det er også ein meir vanleg arbeidssituasjon i eit politisk parti enn mange er klar over. Det betyr ikkje at utfrysing og mistenkeleggjering av sjukmelde er greitt, men det er absolutt ein del av verkelegheita i maktorganisasjonar. Vi må ta høgde for at omfanget av desse problematiske sidene av Bollestads leiarstil er større og meir omfattande enn hos andre politiske parti, sidan varselet ikkje talfestar eller angir mengde.
Partileiaren har sjølv sterkt tilbakevist påstandane, og meiner mykje av kritikken handlar om misforståingar. Det er forståeleg, ettersom biletet som vert teikna av henne ikkje akkurat er ein pen karakteristikk. Dei som har vore tett på Bollestad veit at ho er like menneskeleg som oss andre, med fargerike toppar og djupe dalar. Det er ikkje vanskeleg å førestille seg at ho manglar leiareigenskapar.
Ein del av varselet inneheld også kritikk om at Bollestad ikkje heilt veit kva ho vil, at ho baksnakkar tilsette og at ho gir uklare føringar. Det er vanskeleg å lese varselet utan å tenke at mykje av dette kunne ha vore skrive om dei aller fleste politikarar nær toppen av hierarkiet på Stortinget.
Partipolitikken er annleis enn kontorjobb
Det er mogleg å argumentere for at det varslarane kritiserer Bollestad for ikkje bør vere vanleg i norsk arbeidsliv, sjølv om det er vanleg i partipolitikken. Likevel er kulturen i dei politiske partia at den arbeidsmiljømessige unntakstilstanden blir akseptert og ignorert. Problemet til Bollestad er at varslarane mot henne har arbeidsmiljølova i handa si, og at dei dermed formelt og juridisk sett har rett til å bli høyrt.
Kanskje vil KrF-varselet opne døra for liknande varsel i andre parti.
Dersom Bollestad skal redde partiet frå undergangen i stortingsvalet neste år, er det berre ein måte å gjere det på. Ho må tre til side, og bite i seg at ho kan ha blitt urettferdig behandla på veg ut døra
I politikken er det ofte slik at det ikkje er dei med best leiareigenskapar som får verv, men til dømes dei som brenn mest for ei sak eller har best talegåver. Bollestads brennande engasjement er det ingen som tvilar på, men skal vi tru varslarane skortar det meir på leiareigenskapar. Det er oppsiktsvekkande at KrF ikkje har klart å rigge arbeidsmåtar for å unngå den friksjonen mellom partileiaren og dei tilsette som vert skildra i varselet, sjølv om det skal ha blitt gjort forsøk på.
Tre til side og bite i seg
Når alt dette er sagt, er det likevel klart for dei fleste at den noverande situasjonen i KrF ikkje kan vare ved. Slik det ser ut, må enten Bollestad ut eller så må resten av partileiinga og mange av dei tilsette gå. Det er vanskeleg å sjå for seg kompromiss som vil gjere det leveleg at alle held fram.
For partiet vil det ha mindre langvarige konsekvensar at Bollestad trer til side, enn at til dømes Ida Lindtveit Røse og Ingunn Ulfsten ser seg tvungne til å gå av. Her er det så mykje tannkrem som har komme ut av tuben til at det er umogleg å få den inn att.
Olaug Bollestad, nestleiarane og varslarane har sannsynlegvis alle litt rett på sitt vis. Akkurat slik Joe Biden opplevde at han hadde rett til å stille opp att som presidentkandidat, trass i at han sikkert opplevde kritikken mot seg som urettferdig. Han vart kritisert for å vere gammal og kognitivt svekka, medan Bollestad blir kritisert for heilt andre ting. Argumenta mot Bollestad og Biden er og var ulike, men løysinga er sannsynlegvis den same.
Dersom Bollestad skal redde partiet frå undergangen i stortingsvalet neste år, er det berre ein måte å gjere det på. Ho må tre til side, og bite i seg at ho kan ha blitt urettferdig behandla på veg ut døra.
For ordens skuld: Emil André Erstad var i perioden 2016 til 2019 rådgjevar for tidlegare partileiar Knut Arild Hareide.