Det er vanskeleg å forstå dei strategiske vurderingane i KrF om dagen.
Sidan juni har partileiar Olaug Bollestad vore sjukmeldt. Foreløpig er sjukmeldinga forlenga til 31. august. Det er enkelt å førestille seg at situasjonen for den sjukmelde partileiaren er vanskeleg og sensitiv. Sjukmeldingar er noko både vi mediefolk og partiapparat har stor respekt for.
390 dagar til stortingsvalet
Det som uansett er sikkert er at partiet må klare seg utan Bollestad under den prestisjetunge partileiardebatten i Arendal førstkommande torsdag. Der sender KrF i staden den avtroppande nestleiaren Dag Inge Ulstein. Den nestleiaren som openbert er ein viktig del av framtida til partiet, Ida Lindtveit Røse, blir tilvist til publikumsplass.
Ein sjukemeldt partileiar er ingen normal-situasjon for eit politisk parti.
Det er spesielt denne avgjerda som er vanskeleg å forstå, 390 dagar før neste stortingsval.
For eit parti som kjempar ein desperat kamp for å komme seg over sperregrensa igjen, burde den lange og strategiske valkampen ha starta allereie no. At KrF-leiinga i ein slik situasjon vel å profilere ein nestleiar som er på veg ut, er å rekne som alvorleg misbruk av partiets profileringsmoglegheiter.
Formelle omsyn
Internt i partiet vert det peika på at Ulstein reint formelt er første nestleiar, og at det då er naturleg at han stiller i Arendal. Det er nesten som om dei ikkje eingong vurderte å gjere det på noko anna måte, då det er trass alt han som er fungerande partileiar i Bollestads fråvér. Det blir peika på Ulsteins stødige vikarstyre som partileiar og evne til å debattere på ein god måte.
Partileiardebatt er det same for debattane som Formel 1 er for bilkøyring. Det held ikkje å berre debattere på ein god måte.
Det er derimot ingenting som formelt hindrar at Ida Lindtveit Røse hadde stilt som partiets representant i partileiardebatten. Slike avgjerder tar partia sjølv, etter ei vurdering av kva dei ser seg best tent med. Ein skulle tru at Lindtveit Røse – som er kjend som partiets kanskje sterkaste debattant – hadde gode grunnar til å stille.
Ulstein har ikkje ombestemt seg
At eit parti i kamp med sperregrensa skal vere meir opptekne av små formalitetar enn kva som vil gje størst utteljing på valdagen i september neste år, får mange til å klø seg i hovudet. Det triggar også spekulasjonar om det ligg andre hensikter bak avgjerda om å sende Ulstein i partileiardebatten, enn dei reint formelle.
Det er likevel ingenting som tyder på at Ulstein har ombestemt seg om å takke nei til ein ny stortingsnominasjon.
Å sende han som ikkje har ambisjonar om å overta etter Bollestad, er i mindre grad med på å auke spekulasjonane om kva som vidare vil skje med partileiarvervet enn å sende Lindtveit Røse.
Det er ingen grunn til å overvurdere betydninga av partileiardebatten i Arendal. Slike TV-debattar i beste sendetid har i avgrensa grad effekt på kva veljarane faktisk endar opp med å stemme. Samstundes er det nettopp i desse debattane at partileiarane – eller deira vikarar – får ei etterlengta moglegheit til å vise ansiktet og dei retoriske ferdigheitene sine for eit større publikum. Den moglegheita treng Røse meir enn Ulstein, ettersom ho er venta å vere ein viktig del av partiets framtid.
Stor utryggleik i partiet
Ein sjukmeldt partileiar er ingen normal-situasjon for eit politisk parti. Likevel kjenner vi fleire eksempel på liknande situasjonar frå historia. Til dømes var Kjell Magne Bondevik sjukmeldt då han var statsminister i august 1998. Seinare vart han hylla for si openheit om psykisk sjukdom. I fjor var dåverande partileiar i Raudt, Bjørnar Moxnes, sjukmeldt då han var tatt for solbrilletjuveri på Gardermoen. Han enda med å gå av som partileiar kort tid etter.
Den langvarige sjukmeldinga får fleire i partiet til å uroe seg over situasjonen.
Det kan hende at nettopp den uroa – over partileiarens framtid – er grunnen til at Ulstein stiller i debatten for KrF.
Å sende han som ikkje har ambisjonar om å overta etter Bollestad, er i mindre grad med på å auke spekulasjonane om kva som vidare vil skje med partileiarvervet enn å sende Lindtveit Røse. Ho blir som kjend vurdert som ein mogleg etterfølgar som partileiar.
Uansett er det vanskeleg å konkludere med noko anna enn at KrF igjen lar omsyn til interne forhold og formalia i eigen organisasjon, komme framfor behovet for å vise fram partiets framtid i eit forsøk på å vinne nye veljarar.
Tida for å drive så lite strategiske prioriteringar, byrjar å renne ut.