Kommentar

Du skal ikkje ha andre gudar enn Xi

Kristne og andre truande i Kina lever under aukande trykk frå Xi Jinping – som vil ha full kontroll.

Dette er en kommentar. Den gir uttrykk for skribentens analyser og meninger.

Kina jaktar norsk høgteknologi og politiske kontaktar, trugar Taiwan militært, knekkjer uigurane med konsentrasjonsleirar og hjelper Vladimir Putin i krigen mot Ukraina. Statsminister Jonas Gahr Støre forsvarar handel og samarbeid. Men i eit intervju med Aftenposten snakkar han likevel om «en vekker» og seier: «Vi må absolutt ikke være naive.»

Kinesiske kristne er ikkje naive. Men desse som kjenner diktaturet stramma grepet, blir aldri nemnde verken av statsminister eller utanriksminister. Ikkje eit ord om tusenvis krossar som er rivne ned eller om kyrkjer, moskear og tempel som er jamna med jorda.

Under Xi Jinping har både forsamlingar og tankesett utanfor partikontroll blitt sett på som ein veksande fare

Skjerpar kontroll

Under Xi Jinping har både forsamlingar og tankesett utanfor partikontroll blitt sett på som ein veksande fare. Sidan partikongressen i 2017 har Xi ført ein målretta kampanje for å «sinifisera» religion. Dette vert tidvis forstått som at religion skal bli «meir kinesisk». Det kan høyrast klokt ut, ei tru må leva i lokal kontekst.

Men målet til Xi er eit heilt anna. Steg for steg er den politiske kontrollen stramma til. På eit historisk seminar i Beijing 26. juni var toppleiarane i dei fem godkjende religionane samla – den protestantiske og den katolske kyrkja, islam, buddhismen og taoismen. Der var også eit kobbel av toppbyråkratar frå parti- og statsorgan. Temaet var nettopp «sinifisering av religion».

Nøkkelforedraget vart halde av Shi Taifeng – medlem i politbyrået i kommunistpartiet. Han var tydeleg: «Sinifisering av religion er den einaste måten å aktivt rettleia religionar til å tilpassa seg det sosialistiske samfunnet.» Bodskapen var klar: Xi Jinping har nøkkelrolla i Partiet. Det er tankane hans som gjeld. Punktum.

Trykket veks

Den registrerte protestantiske Tre sjølv-kyrkja har alltid vore prega av kristne som frimodig har forkynt evangeliet. Det er likevel ikkje overraskande at prestar har handtert klemma under diktaturet ulikt.

Somme har lagt seg tett opp til krava. Andre styrer heilt unna spørsmål som kan tolkast sosialt eller politisk. Prestar som ikkje har vore lydige nok, er bytte ut. Kyrkjer, moskear og tempel er stengde, mange er også jamna med jorda. Nokre prestar har hamna i fengsel. Overvakingskamera er tvinga på plass. Partibyråkratar gjev stadige hint om kvar partilina går, sjølv om situasjonen framleis kan variera sterkt frå stad til stad.

Mange kyrkjer har lagt ned barne- og ungdomsarbeid for å vera på den sikre sida – aldersgrensa er 18 år for å gå i kyrkje eller moské. Andre prøver å ha slikt arbeid i andre lokale, men alt har ein risiko.

Xi Jinping prøver samstundes å tvinga dei ikkje-registrerte kyrkjene til å slutta seg til den registrerte. Alternativ er stenging. Mellom dei ikkje-registrerte finn vi mange huskyrkjer, undergrunnskyrkjer som alltid har tenkt at diktaturet ville slå til igjen.

Men før Xi, då eit par av generalsekretærane sleppte opp, vaks det også fram ikkje-registrerte kyrkjer på gateplan i store byar, mange i kontorbygg. Xi slo kontra og har stengt desse kyrkjene i tur og orden.

Tok risiko

I Early Rain Covenant Church i Chengdu visste pastor Wang Yi at han tok risiko. Men han ville vera open med alt han forkynte. Kyrkja skulle ikkje vera ei undergrunnskyrkje. Han ville ikkje «opptre som ein kriminell». Kyrkjegjengarar og kontrollørar skulle kunna koma rett inn.

Wang Yi visste at han kunne bli arrestert og kyrkja stengt. Tidleg i desember 2018 kom politirazziaen. Andre juledag året etter blei pastoren dømt til ni års fengsel.

I eit vedkjenningsskrift som han skreiv før han blei arrestert, erklærte Wang Yi at han respekterte statsmakta, men forsvarte sivil ulydnad: Han[ÅD4] ville stå opp for menneskerettar og dela trua.

Trua lever, trass i nye trakasseringar. Etter stenginga heldt denne – og andre stengde ikkje-registrerte kyrkjer – fram i mindre grupper, utsett for stadig trakassering. Kina har, skreiv Wang Yi, gått til «krig mot trua, men kan ikkje vinna over menneskesjela».

Dei som er tilbake i kyrkjene, er dei som har aller størst behov for ei handsrekning frå ei tenande kyrkje

Tærer på

I Hong Kong tærer det på for fleire kyrkjer. I 2020 innførte Kina ei tryggingslov. Store demonstrasjonar blei slegne ned med brutal makt. Demokratiet blei knust. I desse dagar er Hong Kong i ferd med å vedta si eiga tryggingslov med fengsel på livstid for «politiske brotsverk».

Hong Kong har opplevd ei massiv hjerneflukt etter at fridommen smuldra bort. Hjerneflukta rammar også kyrkjer, jamvel fleire pastorar har reist.

Pastorane som er tilbake, slit seg ut. Gåveinntektene går rett ned. Dei som er tilbake i kyrkjene, er dei som har aller størst behov for ei handsrekning frå ei tenande kyrkje. Eg har vore i kontakt med Hong Kong-kristne som opplever smerta, men som ikkje vågar fortelja historia si. Sjølvsensuren ligg som eit blytungt teppe.

Går i tru

I magasinet Christianity Today skriv redaktør Lo Man Man Wai kvifor han blir i Hong Kong og gjev ut avisa Christian Post. Han klandrar ikkje dei som reiser. «Men medan folk kan dra, kan ikkje kyrkja dra», skriv han. Det er framleis folk i Hong Kong som treng å høyra evangeliet.

Som redaktør vil Lo Man Wan Ma gje ei plattform til «dei svake og makteslause som i aukande grad vert oversett, neglisjert eller stilna» i eit meir og meir autoritært samfunn. Samstundes innser Lo Man Wan Mai at vil det vera «katastrofalt» for avisa å kryssa den «raude line».

Både han og vi veit kva som kan skje. I Stanley-fengselet har Jimmy Lai, redaktør og forkjempar for demokrati og trusfridom – og kristen – vore bura inne samanhengande sidan desember 2020, dømt etter tryggingslova.

Regjeringa seier ikkje klart kvar lina går, skriv Lo Man Man Wai: «Sjølv for enkle redaksjonelle avgjerder må vi rekna nøye ut om det er ein risiko verdt å ta. Så handlar vi i tru.»

Storpolitisk er Kina partnar og veksande trussel. Millionar av truande, som lever i tru og klemme under diktaturet, må ikkje bli gløymde, verken av politiske aktørar, kyrkjer eller oss andre.

Vårt Land anbefaler

1

1

1

1

Mer fra: Kommentar