Kommentar

Trump sin lille Bibel

Alle bør ha ein bibel heime, meiner eks-presidenten, og fortel at han sjølv har mange. Derfor har det stor politisk symbolverdi når han no fremjar ei spesifikk bibelutgjeving.

Dette er en kommentar. Den gir uttrykk for skribentens analyser og meninger.

Hausten 1983 skreiv artisten Lee Greenwood songen som han framfor nokon skulle bli kjent for resten av si karriere. «God bless the USA» er ei hymne til fedrelandet, sett til country-tonar, og har nytt fleire bølger med enorm popularitet gjennom dei siste førti åra, ikkje minst i tida etter terroråtaka 11. september 2001.

I songen skildrar Greenwood si stoltheit og glede over å vere amerikanar og uttrykker takk til dei som har mista livet for fridommen landet nyter godt av. Blandinga av nasjonale og religiøse kjensler som songen gjev uttrykk til er levande mange stader i amerikansk politikk og samfunnsliv, og songen har blitt brukt i valkamp av mange republikanske politikarar, mellom andre Ronald Reagan og George H.W. Bush.

Ein eigen bibel

Kanskje er det eit naturleg neste stopp på vegen at Greenwood gjev ut sin eigen utgåve av Bibelen kalla opp etter songen sin: God bless the USA Bible. I tillegg til den tradisjonelle King James-versjonen av bibelteksten, inkluderer boka som kostar drygt 600 norske kroner også teksten til den amerikanske grunnlova og dei ti første grunnlovstillegga, uavhengigheitserklæringa og truskapseiden. Og dessutan, sjølvsagt, refrenget til «God bless the USA», skrive for hand.

– Eg meiner at kristendom er det som verkeleg manglar i landet vårt no, og vi skal ta kristendommen med tilbake til det som igjen skal bli ein stor nasjon, seier Donald Trump til oss i reklamevideoen der han held Bibelen framføre seg. Han er i valkampmodus, og ein prosentdel av inntektene frå bibelsalet går til valkampen hans.

Alle bør ha ein bibel heime, meiner ekspresidenten, og fortel at han sjølv har mange.

– Det er favorittboka mi, seier han.

Alle bør ha ein bibel heime, meiner eks-presidenten, og fortel at han sjølv har mange

—  Sigrid Rege Gårdsvoll

Det kristne USA

Vi veit, men har kanskje ikkje trengt å heilt ta det inn før dei siste åra, kor kristen den amerikanske ålmenta er. Skuleelevar sver dagleg truskap til flagget, med ein eid som inkluderer frasa «éin nasjon, udeleleg, under Gud». På pengesetlane står det in God we trust. President-innsetjingane blir markerte med bøn. Den til ei kvar tid sitjande presidenten ber stadig Gud om å velsigne Amerika. Det er rett og slett eit samfunn proppfullt av rimeleg nonsjalant religiøsitet – eller i alle fall uttrykk for religiøsitet.

Det kan verke framand i ein norsk kontekst – men endå meir kan den sær-amerikanske blandinga mellom patriotisme og kristen tru verke uappetittleg. Det har vore vanleg, blant politikarar av alle overtydingar, å referere til USA som ein skinande by på eit fjell – eit bilete frå Bergpreika. Synet på USA som unikt og eksepsjonelt, ja, nesten som eit lova land, skriv seg mange år tilbake og sit djupt i samfunnet. Fedrelandssalmen kan ikkje måle seg.

I 1776 – då USA erklærte si sjølvstende frå Storbritannia, var berre rundt 17 % av innbyggjarane aktivt religiøse. Gjennom 1700- og 1800-talet var landet prega av fleire store og mindre vekkingar. Den evangeliske, eller evangelikale, som vi ofte seier for å skilje det frå den evangelisk-lutherske kyrkja slik vi kjenner den frå Europa, konfesjonen oppstod midt på 1700-talet. Da den andre store vekkinga tok slutt midt på 1840-talet var åtte av ti amerikanarar medlemmer av ei kyrkje.

Make America Pray Again

I dag utgjer dei evangelikale kristne om lag ein firedel av den amerikanske befolkninga. Dei siste tiåra har dei sett skanse etter skanse falle i såkalla sosiale spørsmål, om til dømes abort, ekteskap og bøn i skulen.

Fordi dei fleste evangelikale kristne vedkjenner seg eit relativt konservativt syn på spesielt abort, som er eit stort og smertefullt stridstema i amerikansk politikk, er dei evangelikale kristne mellom dei mest trufaste republikanske veljargruppene.

Ein kunne tenkje seg at denne gruppa, som også naturleg nok har eit konservativt syn på til dømes løgn, skattesvik og ekteskap, ikkje utan kvalar ville kunne stille seg bak Donald Trump, men heller ha sympati for den djupt religiøse katolikken Joe Biden. Då ville ein tenkje feil.

Dei evangelikale veljarane er ikkje berre motvillige medpassasjerar i Trump-toget, dei går fremst i flaggborga. Det er ikkje lett å svare på kvifor, men noko av årsaka ligg kanskje i stunt som God bless the USA-Bibelen. Trump treng ikkje å vere ein plettfri kristen, så lenge han viser vilje til å stå opp for dei verdiane som evangelikale kristne føler har mangla i lang tid.

Ein mann som ikkje kjenner Herren, men gjer rett for hans folk, er eit bilete mange kan ha sympati for

Den persiske kongen

Fleire stemmer på evangelikalt hald jamfører Donald Trump med den persiske kong Kyros, som er omtalt fleire stader i det gamle testamentet: Kongen som sender jødane tilbake til Israel frå eksilet i Babel, og sender med dei tempelutstyret som vart teke frå Jerusalem. Ein mann som ikkje kjenner Herren, men gjer rett for hans folk, er eit bilete mange kan ha sympati for.

Trass i at Trump sjølv, etter alle solemerke, er ikkje-religiøs og knapt har opna ein bibel, har han gjort ein stor jobb for å bygge tillit mellom desse kritiske veljargruppene. Han har høyrt kva dei vil ha, og som president gjorde han ein rimeleg god jobb med å levere på forventningane.

Donald Trump overtyder ingen om sin bibeltruskap når han viser fram Lee Greenwood sin bibel, eller når han sel Make America pray again-hattar på nettsida. Men det veljarane ser er ein president som får sett inn konservative høgsterettsdommarar som støyter om abortlova, og som tek kampen for kristen-Amerika, mot fiendane som står ved døra.

Ein kong Kyros for vår tid.

Sigrid Rege Gårdsvoll

Sigrid Rege Gårdsvoll

Sigrid Rege Gårdsvoll er vaktsjef i Vårt Land. Hun har jobbet i avisen siden 2022. Sigrid er kommentator og skriver da oftest om USA og amerikanske valg, Den norske kirke og aktuell samfunnsdebatt.

Vårt Land anbefaler

Mer fra: Kommentar