Kommentar

Derfor får Støre-regjeringa straff av Netanyahu

Den norske regjeringa strevar med å finne rett balanse mellom kritikk av Israel og støtte til palestinarane. No vert dei straffa av Netanyahu-regimet. Det er det palestinarane som tapar på.

Dette er en kommentar. Den gir uttrykk for skribentens analyser og meninger.

Det siste halvåret har utanriksminister Espen Barth Eide blitt nekta å reise til Israel, kunne Vårt Land avsløre torsdag. Den israelske regjeringa har sett ned foten for besøk frå den norske utanriksministeren. Alle som bryr seg om Noregs rolle som meklar i konflikten bør heve minst eit av augebryna. Det er nok å nemne Oslo-avtalen, Noregs rolle som leiar i givarlandsgruppa for Palestina og det grandiose håpet om å lage fred mellom israelarar og palestinarar.

Der utanriksministrar mange vestlege land Norge likar å samanlikne seg med har reist til Tel Aviv for å ha samtalar med den israelske regjeringa om terroren, krigen og dei humanitære behova, har Norge sjølv hamna i den diplomatiske fryseboksen. Internt i Støre-regjeringa blir reisenekten oppfatta som ei markering frå Netanyahu-regjeringa. Den er straffa for ei tydeleg pro-palestinsk linje Norge har lagt seg på. Sjølv om linja er mindre balansert enn dei fleste vestlege land, har Støre og Eide prøvd å stå med ein fot i kvar leir.

Prestisjenederlag

Vi skal ikkje sjå bort frå at Benjamin Netanyahus regjering brukar dette pressmiddelet mot Norge fordi dei veit at det smertar blant norske politikarar og diplomatar. Israelske styresmakter veit at Norge ønsker å spele ei rolle i å skape fred mellom israelarane og palestinarane. Derfor er det eit prestisjenederlag for den norske regjeringa å bli nekta å reise til Israel.

Derfor er spelet om Norges nøkkelrolle eit spel om langt meir enn diplomatisk prestisje. Det handlar til sist om kva håp folk i Gaza, Ramallah og Hebron skal sitte med for framtida.

Jonas Gahr Støre har uvanleg tett oppsyn med norsk utanrikspolitikk, til statsminister å vere. Grunnen er både at han interesserer seg meir enn vanleg, men også at han har langt meir enn gjennomsnittleg kompetanse og nettverk på internasjonal politikk. Heilt sidan Hamas-terroren 7. oktober og den brutale krigen som følgde, har Støre og utanriksminister Eide hatt tett kontakt om kva linje Norge skulle leggje seg på. Vårt Land erfarer at dei har hatt nærare hundre samtalar for å kalibrere linja. Dei to tungvektarane har snakka ope og tett med kvarandre undervegs. Målet har vore å snakke sant om det forferdelege frå terroren og krigen, utan å «miste Israel». På diplomatspråket kallar dei det «balanse».

Vi har sett Espen Barth Eide ta kraftfulle oppgjer med SV og Raudts rop om boikott i Stortinget. Både fordi han meiner det er uklokt og feil politikk, men også fordi det har vore ein viktig del av balansegangen på regjeringas stramme linje mellom israelskritikk og palestinsk støtte. Han har fordømt åtak på sivile i meir kraftfulle ordelag dei fleste kollegaene i Europa, men samstundes prøvd å vise forståing for Israels tryggleiksbehov.

Barth Eides reisenekt er eit teikn på at balansen vart for vanskeleg. Kanskje umogleg.

Palestinarane er taparane

Mange Palestina-aktivistar vil nok klappe regjeringa på skuldra, og ta det som eit heidersteikn at utanriksministeren ikkje får reise til Tel Aviv. Andre vil berre heve på skuldrene. Alle bør dei vite at noko av det farlegaste som skje palestinarane, er om land som Norge støyter Israel bort. Palestinarane treng støttespelarar som Norge inn mot nettopp israelske styresmakter. Få andre land har like sterk historie og band til begge partar som Norge.

Derfor er spelet om Noregs nøkkelrolle eit spel om langt meir enn diplomatisk prestisje. Det handlar til sist om kva håp folk i Gaza, Ramallah og Hebron skal sitte med for framtida.


Les mer om mer disse temaene:

Emil André Erstad

Emil André Erstad

Emil André Erstad er kommentator i Vårt Land. Han skriv om norsk og internasjonal politikk. Han har tidlegare jobba i Den norske Helsingforskomité, har erfaring som rådgjevar på Stortinget og har utdanning i samanliknande politikk ved Universitetet i Bergen.

Vårt Land anbefaler

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Kommentar