Kommentar

Verda er ingen teikneserie med skurkar og heltar

Ville vi godtatt å portrettere ein afrikansk despot som apekatt i ei karikaturteikning, for å få fram eit maktkritisk poeng? Sjølvsagt ikkje.

Dette er en kommentar. Den gir uttrykk for skribentens analyser og meninger.

Tidlegare denne veka skreiv eg ein kommentar om at norske jødar har vore gjennom sin verste vinter på mange tiår. Dei treng støtte, vern og tryggleik. 8. mars vart det til dømes ropt «ingen sionister i våre gater». Dei fleste norske jødar er sionistar, i den breie tydinga av ordet. Eg etterlyste statsministerens klare og tydelege vern – i offentlegheita.

I kommentaren viste eg mellom anna til at Dagsavisen publiserte ei karikaturteikning som som gav assosiasjonar til propagandateikningar frå 30-talet. Det hadde blitt påpeika av holocaust-forskarar som Mats Tangestuen fleire dagar tidlegare. Ingen – heller ikkje eg – påstod at teikninga i Dagsavisen er bevisst antisemittisme. Ingen kalla dei jødehatarar. Vi påpeika dei problematiske assosiasjonane og kulturelle referansane den aktiverte.

Dagsavisen er ikkje offeret

Politisk redaktør Lars West Johnsen skreiv ein kommentar der han ikkje tok ansvar for assosiasjonane teikninga gir. Teikninga var berre ein maktkritikk av Benjamin Netanyahu, var hans omkved. Heller enn å beklage, skreiv han at kritikken min var «en total avsporing. Kanskje det også er målet?»

Johnsen meiner tilsynelatande at Dagsavisen er offeret i denne diskusjonen. Det er nokså umusikalsk i ei tid der væpna politi må beskytte norske jødar mot åtak.

Dersom Lars West Johnsen er i tvil: Det å stå opp mot antisemittisme i Norge er ikkje det same som å springe propagandaærend for Israel. Han skreiv også at «det må være lov å kritisere Israel». Diskusjon og kamp mot antisemittisme – som var mitt anliggande – må kunne skje heilt isolert frå Israels krigføring. Vi fordømmer begge den brutale krigen på Gazastripa.

Han nemnte heller ikkje holocaust-forskarane med eit ord. Ingen ord som viste forståing overfor jødar som reagerte. Dagsavisen var tydelegvis det store offeret i denne diskusjonen.

Afrikansk despot som apekatt?

Lars West Johnsen presenterer ei eindimensjonal forståing av antisemittismen. Enten er du antisemitt og jødehatar, eller så er du skuldfri. Ingen gråsoner, ingen nyansar, ingen rom for tvil. Lenge hadde vi i Norge det same nivået på diskursen om rasisme. Enten var du rasist, eller så var du ikkje rasist. Så fann vi heldigvis ut at rasisme kan eksistere sjølv i miljø som ser seg sjølv som antirasistiske, fordi den ofte får halde det gåande heilt ubevisst. Ofte fordi vi ikkje har kunnskap, ikkje fordi vi er vondskapsfulle.

Ville vi godtatt å portrettere ein afrikansk despot som apekatt i ei karikaturteikning, for å få fram eit maktkritisk poeng? Sjølvsagt ikkje. Fordi det ville ramma heilt uskuldige menneske som allereie er utsett for rasisme.

Tanken om dei vondskapsfulle jødane som styrer verda er ei slik ubevisst førestilling. Dei trekk i trådane, akkurat på den måten Benjamin Netanyahu gjer i Dagsavisens karikaturteikning der han trekk i trådane på ei Joe Biden-dukke. Det er absolutt maktkritikk, men det har også likskapar til grove og fiendtlege førestillingar om jødar. Begge delar kan vere sant samstundes.

Johnsen meiner tilsynelatande at Dagsavisen er offeret i denne diskusjonen. Det er nokså umusikalsk i ei tid der væpna politi må beskytte norske jødar mot åtak.

Les mer om mer disse temaene:

Emil André Erstad

Emil André Erstad

Emil André Erstad er kommentator i Vårt Land. Han skriv om norsk og internasjonal politikk. Han har tidlegare jobba i Den norske Helsingforskomité, har erfaring som rådgjevar på Stortinget og har utdanning i samanliknande politikk ved Universitetet i Bergen.

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Kommentar