Kommentar

Jødehatet florerer. Kor er du, Jonas Gahr Støre?

Den norske antisemittismen er verre enn på mange år. Spesielt ille er det mange stader på venstresida. Det er eit problem at statsministeren har vore taus i månadvis.

Dette er en kommentar. Den gir uttrykk for skribentens analyser og meninger.

Norske jødar har vore gjennom ein av sine tøffaste vintrar på mange tiår.

Allereie før terroråtaket mot Israel i fjor haust, levde norske jødar i frykt. Etterpå skulle vi oppleve, med den brutale krigen på Gazastripa, at mange nordmenn gjorde norske jødar til målskive for frustrasjonen og kritikken. Artisten Magdi Omar Ytreeide Abdelmaguid laga det mange oppfatta som eit skilje mellom «gode jøder» og «sionister» då han nyleg skreiv kronikk i Aftenposten.

Der Jude

Han kritiserte mellom anna Det Mosaiske Trossamfund (DMT) for deira syn på Israel og israelsk politikk. Etterlatt inntrykk er at fleire meiner jødar som støttar Israels rett til eksistens er med på å produsere antisemittisme, og derfor kan takke seg sjølv.

Skal vår kollektive vern av ein liten og sårbar minoritet kvile på kva politisk syn dei har? Er ein sionist ein «dårleg jøde»? Det er både unyansert, kunstig og urealistisk, ettersom dei fleste jødar – med mange forskjellige politiske fargar – reknar seg sjølv som sionistar. Å kategorisere dei som dårlege jødar er ekstremt og farleg, fordi det kan legitimere jødehatet.

Norske, skandinaviske og europeiske jødar er i skotlinja for åtak. Dei vert openbert rekna som del av Midtausten-konflikten. Ellers hadde vel ikkje politiet trengt å beskytte dei med automatvåpen?

Sjølvsagt er vi alle opprørt over dei umenneskelege lidingane i den israelsk-palestinske krigen. Det som skjer på Gazastripa er grufullt. Våpenkvile burde ha vore på plass for lengst. Likevel er ikkje noko av dette ei unnskyldning for å bidra til å spreie meir frykt hos norske jødar.

Sist veke publiserte Dagsavisen ei karikaturteikning som portretterte den slu, sleipe og stornasen jøden som trakk i trådane i kulissene. Den var til forveksling lik teikningar frå 30- og 40-talet. Den gongen stod det «Der Jude» på plakatane.

Må norske jødar døy?

Norske, jødiske kvinner vart som kjend også utestengd frå 8. mars-toget. Dei møtte mellom anna slagordet «Ingen sionister i våre gater». Trugslane og hetsen mot norske jødar er eksplosiv. Dei tør ikkje gå med smykke med davidsstjerna på. Norske jødar fortel om trugslar og at dei må sjå seg over skuldra. Situasjonen har berre blitt verre og verre gjennom vinteren.

Det er for lett å tenkje at antisemittisme berre er eit problem dersom den kjem frå menneske som har ei ideologisk overtyding om at jødane er undermenneske eller verdas vonde herskarar. Det er problematisk nok for norske jødar at mange av oss ikkje er i stand til å forstå kva som er antisemittisme, slik til dømes sjefredaktør i Dagsavisen Andreas Heen-Carlsen viser då han omtalar teikninga i si eigen avis som «ein kritikk av løgnene som blir spreidd for å legitimera handlingane i Israels krigføring på Gaza».

Det er som om vi kollektivt ikkje forstår at væpna politi stadig står vakt utanfor jødiske institusjonar i Norge. Desse er av PST vurdert som Noregs mest sårbare terrormål. Dei få jødane som er att her i Norge er livredde, utan at det ser ut til å engasjere fleirtalet av nordmenn nemneverdig. Det er ei fullstendig manglande kriseforståing. Må norske jødar døy før vi forstår alvoret?

Det er derfor påfallande kor stille det har vore frå den norske statsministeren gjennom vinteren, med tiltakande antisemittisme og nye, forverra trugselvurderingar frå PST og E-tenesta.

Stille frå Støre sidan november

Jonas Gahr Støre (Ap) har tidlegare konfrontert det norske jødehatet, til dømes då han markerte holocaustdagen i januar 2023. Den gongen sa Støre at «en ny holdningsundersøkelse viser at vel 9 prosent har fordommer mot jøder» og at «sånn skal vi ikke ha det i Norge. Dette kan vi ikke slå oss til ro med». Han var òg offensiv då han i november møtte dei ulike trussamfunna i Norge. Den gongen oppmoda han til dialog og åtvara mot både antisemittisme og islamofobi. Han sa òg at krigen i Midtausten «ikkje er ein krig som skjer i Norge».

Jonas Gahr Støre må kome på bana som den øvste beskyttaren av norske jødar i ein kritisk situasjon

Det er grunn til å vere usamd i det siste poenget, fordi Midtausten-konflikten stadig meir også er blitt ein verbal og ideologisk krig som skjer nettopp her.

I boka En smal bro over avgrunnen skriv Martin Krasnik at Mahatma Ghandi ein gong blei spurt om kva han synst om den vestlege sivilisasjonen, og han svara: «Det ville vært en god idé!»

Krasnik skriv vidare: «Det er slik jeg føler hver gang noen sier at Midtøsten-konflikten absolutt ikke må importeres til Europa: For en god idé! Men krigen mellom Israel og Hamas foregår ikke bare på slagmarken, den utkjempes også i vestlige land, på gater og torg, på universiteter, i sosiale medier og blant folk flest».

Krasniks observasjon, som dansk jøde, er treffande. Norske, skandinaviske og europeiske jødar er i skotlinja for åtak. Dei vert openbert rekna som del av konflikten. Elles hadde vel ikkje politiet trengt å beskytte dei med automatvåpen?

Etter synagogebesøket i november, vart det stille frå Støre.

Då Magdi Omar Ytreeide Abdelmaguid skreiv ein kronikk i Aftenposten i november med tittelen «Det er ikke noe ‘vi’. Jeg ser det nå», svara Støre med ein tekst der han skreiv «for meg ligger mye av håpet i kraften av et ‘vi’».

Det vi-et kjenner ikkje mange norske jødar seg inkludert i.

Statsministeren som minoritetens øvste beskyttar

Det er ingen tvil om at han er sterk motstandar av antisemittisme. Det har han sagt og vist tydeleg og offentleg fleire gonger.

Som den øvste politiske leiaren i Norge er han likevel med på å sette tonen for samfunnsdebatten – også når han ikkje uttalar seg. Etter at jødiske kvinner vart nekta plass i 8. mars-toget var det stilt. I venstresidas eigen avis, Klassekampen, skreiv sjefredaktør Mari Skurdal på leiarplass at «taktfaste rop mot en liten, norsk minoritet om å komme seg vekk fra gatene er uansett uhørt».

Ein liknande bodskap er nødvendig frå statsministeren. Jonas Gahr Støre må komme på bana som den øvste beskyttaren av norske jødar i ein kritisk situasjon.

Les mer om mer disse temaene:

Emil André Erstad

Emil André Erstad

Emil André Erstad er kommentator i Vårt Land. Han skriv om norsk og internasjonal politikk. Han har tidlegare jobba i Den norske Helsingforskomité, har erfaring som rådgjevar på Stortinget og har utdanning i samanliknande politikk ved Universitetet i Bergen.

Vårt Land anbefaler

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Kommentar